JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nobel opposisjonell

Asle Toje har vore kritisk til nokre tidlegare Nobel-tildelingar, men vil ikkje seie kven. Det trur han lesaren av dette intervjuet sjølv kan tenkje seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fred er best tent med balanse, i siste instans ein maktbalanse, meiner Asle Toje, som denne veka vart valt medlem i Nobelkomiteen.

Foto: Eva Aalberg Undheim

11557
20180216

Bakgrunn

Nobelkomiteen

Delar ut Nobels fredspris.

Er sett saman av fem medlemmer, utnemnde av Stortinget for seks år om gongen.

Skal vere uavhengig og ikkje ta instruksar eller pålegg frå noko hald.

Startar diskusjonane om fredsprisen for 2018 siste veka i februar. Vinnaren vert kunngjort i oktober.

eva@dagogtid.no

Dei fekk det rett til slutt, Frps stortingsgruppe. Etter å ha gjeve rampelyset til Carl I. Hagen i nokre veker, bidrege til at Stortinget hastehandsama nye reglar for val til Nobelkomiteen, og deretter lefla med tanken om å nominere Danmarks tidlegare statsminister Anders Fogh Rasmussen, landa dei på eit namn som fekk freden til å senke seg og alle til å samle seg. Tysdag vart Asle Toje valt til ny medlem i Nobelkomiteen av eit samrøystes storting.

Dag og Tid møtte Toje same dag, på kontoret på Nobelinstituttet i Oslo, der han no skal rydde seg ut og slutte i stillinga som forskingssjef etter ni år. Den gule art nouveau-bygningen i Drammensveien har det beste internasjonal politikk-biblioteket i Nord-Europa, og er ein fantastisk stad å jobbe, skal vi tru Toje, som seier frå seg «den kulaste jobben ein kan få som statsvitar i Noreg».

– Kva er det ved denne komiteen som gjer det verd å gå frå ei fast og spanande forskarstilling?

– Slik eg ser det, er det tre ting Noreg faktisk er kjent for internasjonalt: Det er oljefondet, Nobelprisen og E-tenesta. Når ein jobbar med internasjonale forhold, er det jo gøy å jobbe med noko folk er interesserte i. Eg har jobba for komiteen i mange år, med å greie ut og assistere. No trur eg det vert spanande å vere med på å bestemme. Det er jo òg ei stor ære å få sitje i komiteen, seier han.

– Ingen idealist

Spørsmålet om å stille som kandidat kom svært overraskande på han, og svaret var ikkje gjeve. Det var kona som kom med dei forløysande orda, har han fortalt Dagens Næringsliv. Ho sa: «Hva er vitsen med å ha så mye selvtillit, hvis du ikke viser det nå?»

– Kvar vil du med sjølvtilliten?

– Eg likar jo å vinne og å få det slik eg vil ha det. Eg har ikkje problem med å samarbeide, men dei fleste som kjenner meg, veit at eg stort sett har preferansar når det gjeld dei aller fleste ting.

Han er utanrikspolitisk realist og gler seg til å kome med det han omtalar som andre impulsar og tankar om korleis ein best vernar om fred.

– Kan det sjåast som kritikk av tidlegare tildelingar?

– Ja, det kan du gjerne gjere, dersom eg slepp å seie kva for nokre, seier han.

Eg spør likevel.

– Eg trur eigentleg lesarane sjølve kan tenkje seg kva for prisar eg har problem med, svarar han.

Så spolar han tilbake i historia, til venskapen mellom Alfred Nobel og den austerrikske forfattaren og fredsforkjemparen Bertha von Suttner, som var bakteppet for fredsprisen. Frå brevvekslinga mellom dei går det fram to ulike syn på fred, seier Toje.

– Mange forvekslar Nobel med von Suttner, men Nobel var ikkje ein idealist. Han såg ikkje noko ibuande beundringsverdig ved naivitet. Von Suttner meinte total avvæpning er den beste vegen til fred. Nobel trudde på avskrekking, at eit sterkt forsvar er den beste garantien for fred. Dei to tradisjonane har sameksistert gjennom historia til prisen, slik eg ser det, seier Toje.

Favoritten hans blant tidlegare tildelingar er prisen til den tyske anti-nazisten Carl von Ossietzky i 1935, delt ut i 1936. Ossietzky var journalisten som avslørte at Hitler hadde sett i gang storstilt opprusting i strid med Versailles-traktaten.

– Det var ein nominasjon som sprengde komiteen. Halvdan Koht og Johan Ludwig Mowinckel gjekk ut, og Martin Tranmæl kom inn og gav prisen til Ossietzky. For meg er det den stoltaste augneblinken i historia for prisen; at dei kjende att eit militaristisk og krigshissande regime alt i 1935.

– Kva er den største utfordringa for fred i dag?

– Fred er best tent med balanse, i siste instans ein maktbalanse. I 50 år var maktbalansen bipolar, mellom aust og vest. Han vart erstatta av ein overveldande ubalanse der USA trona på toppen av det internasjonale systemet. No ser vi ein trend som truleg kjem til å føre til ei fleirpolar verd, kanskje med opp til fem ulike maktsenter. Nett denne fasen, der makt flyttar seg til nye stader, er svært farefull. Det er ofte då dei mest destruktive krigane oppstår, krig mellom stormaktene. Eg er oppteken av å hindre at dei aller største dyra i Hakkebakkeskogen endar opp i krig, og det eg fryktar mest, er atomkrig, seier Toje.

Frå SU til Frp

Interessa for verdshistorie og politikk vakna då Toje som gut såg den franske teiknefilmen Det var en gang et menneske på NRK. Serien gjorde han til lesehest. Han las alle bøkene på ungdomsskulebiblioteket i Drøbak, seier han. På vidaregåande vart han politisk interessert og melde seg inn i Sosialistisk Ungdom. Deretter drog han på reise rundt i verda, til India og Latin-Amerika. Sidan har han studert historie i Tromsø, statsvitskap på Blindern, vore stipendiat ved Columbia-universitetet i New York og teke doktorgrad i internasjonal politikk ved Cambridge. Mellom anna.

I Cambridge skreiv han essay om EU og FN, om internasjonale institusjonar som edderkoppar i sitt eige nett, og korleis desse kjem til kort og er ineffektive, fordi medlemsstatane ikkje eigentleg vil at institusjonane skal fungere.

Toje vart valt inn i Nobelkomiteen med konsensus, men det er ikkje noko konsensuspreg over analysane hans.

44-åringen har tvert om skilt seg ut sidan han entra den norske offentlege debatten i 2003: Ved å kritisere rolla kjendisar hadde i debatten om Irak-krigen. Med kritiske blikk på EUs utvikling og norsk bistands- og utanrikspolitikk. Ved å åtvare mot multikulturalisme. Ved å vere den eine akademikaren som står fram som Frp-veljar, og det lenge før Frp vart sett på som eit mogleg regjeringsparti. På eit tidspunkt var han òg medlem av Frp, men ikkje no lenger.

– Eg følgde Churchills sitat om at den som ikkje er sosialist som ung, ikkje har hjarte, og den som ikkje er konservativ som vaksen, ikkje har hjerne, seier han.

– Kvifor vart det Frp?

– Eg trur det er lett å gløyme kor ille Noreg var før. Då Dagbladet i 2005 kåra Noregs fremste intellektuelle, fann dei ikkje teikn til andeleg liv på høgresida. Det er ikkje fordi det ikkje fanst folk som tenkjer på høgresida, det var eit utslag av kor dominerande og sjølvdyrkande venstresida var på den tida.

– Du kunne valt Høgre òg?

– Nei! Aldri. Aldri. Aldri. Frp er genuint, og det er viktig for meg. Å stå for den ein er. For meg er Høgre eit parti som driv maskerade. Det kallar seg konservativt, men tek nesten aldri konservative standpunkt. Det sveipar seg i blått, men har 100 prosent overlapp med Aps høgrefløy. Eg tenkjer på det dei sa om Margaret Thatcher i Cambridge, at ho var «a typical Opera lover». For Høgre er opera høgste form for kultur. Men opera er vulgært, det er 1700-talets dansebandmusikk. Eg utdannar barna mine i norsk populærmusikk no. Vi spelar DDE og Vestlandsfanden frå Youtube i bilen. Eg synest det er flott at dei lærer å plukke plommer i Hardanger, det er ein del av veven, seier han.

I dag er han raud i sosiale spørsmål, liberal i økonomiske spørsmål og konservativ i alt anna. Og ikkje noko partidyr. Det finst ikkje eit parti som på ein god måte oppsummerer dei partipolitiske preferansane hans.

– Det er heller ikkje slik at eg skal representerer Frp i Nobelkomiteen, dei har berre nominert meg. Eg veit ikkje kva fredspolitikken til Frp ville vere.

Gull og motstand

«Et gullgrep fra Frp», skreiv Aftenposten-kommentator Harald Stanghelle då Toje vart nominert. «En kandidat med kunnskap og meninger som vil bidra til et godt mangfold i komiteen», twitra Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Men det har òg kome kritikk. «De som anser innvandring som en kilde til Europas mulige undergang, får sin representant i verdens mest velrenommerte komité», skreiv Rune Berglund Steen, leiar av Antirasistisk Senter, i ein kronikk i Dagbladet. Han meiner Toje er «skjødesløs i omgangen med rasisme», mellom anna for å ha trekt Jean Raspails roman frå 1973, De helliges leir, inn i debatten om flyktningkrisa.

Romanen handlar om eit Vesten som raknar i møte med ein straum av fattige innvandrarar frå India, medan idealistar kappast om å ta imot dei på best mogleg måte. Lang historie kort: Berglund Steen kallar romanen rasistisk. Toje meiner det er krass satire, som råkar venstresida, og at grunnen til kritikken han får, er at folk kjenner seg att.

– Dei som har lese boka, vil kjenne att korleis det har gått frå august 2015 då folk ville stille opp på Oslo S med kaker og velkomstskilt, til dei no – få år seinare – sit og nikkar over kaffikoppen medan Støre gjer det klart at Ap skal ha strengare innvandringspolitikk enn Frp, seier han.

I eit innlegg i Dagens Næringsliv har Toje òg skrive at mange land er skeptiske til redningsaksjonar Noreg sender skip til, «fordi de kan sprenge samfunnskontrakten». «Dette synet er ikke akkurat preget av den medmenneskelighet som man liker å tro Nobelprisen hegner om», meiner Berglund Steen og syner til at innlegget til Toje òg er republisert på document.no og andre innvandringskritiske nettstader.

Toje seier han er deskriptiv, ikkje normativ i innlegget.

– Det er berre å sjå kva som har skjedd sidan flyktningkrisa. Høgrepopulismen har vorte ei dominerande kraft i Europa, til og med i eit land som Tyskland. Eg trur det er fordi mange veljarar oppfatta det som at dei politiske leiarane deira braut samfunnskontrakten. Dei fleste er innforstått med at det skal vere innvandring, men ukontrollert innvandring, som i 2015, ser dei som politikarane sin jobb å hindre.

– Kva meiner du er svaret på migrasjonsutfordringane?

– Normativt har eg inga meining om det. Deskriptivt trur eg at dersom det som skjedde i 2015, skjer igjen, vil det ikkje berre vere slik at høgrepopulistane kjem inn i parlamenta. Då kjem ganske mykje av Europa til å falle for høgrepopulismen.

– Kva synest du om å verte publisert og sitert på document.no?

– Det gjer meg ingenting. Vi må kome oss forbi den fåfengde debatten om document.no, Resett og Human Rights Service burde finnast. Det er uinteressant. Dei finst, og dei er agendaskapande. Men eg må vedgå at eg ikkje les noko av dette sjølv. Eg vert deppa av kommentarfelt som skummar over av dårlege haldningar, seier han.

Nye nominasjonar

Det er ei anna nettside som får litt av merksemda hans no: nobelprisens nye nominasjonssystem online. Uheldigvis har ikkje alle som har funne fram dit, lese reglane for kven som kan nominere og ikkje. Resultatet er langt fleire ugyldige nominasjonar i år enn tidlegare år.

Sjølv om nominasjonsfristen til Nobels fredspris 2018 har gått ut, kan medlemmene av komiteen spele inn kandidatar heilt fram til fyrste møte i Nobelkomiteen, siste veka i februar. Det tenkjer Toje å gjere.

– Blant dei ugyldige nominasjonane er det nokre eg meiner bør vere med vidare i vurderingane.

– Kva skal du gjere elles framover, utover arbeidet i Nobelkomiteen?

– Eg skal skrive, snakke og førelese, tenkjer eg. Eg er så heldig at eg kan gjere nett det eg likar.

– Så ingen ny, fast jobb?

– Eg ventar til eg finn ein eg vil ha. Det kjem til å gå bra. Det er eg heilt sikker på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Nobel var ikkje ein idealist. Han såg ikkje noko ibuande beundringsverdig ved naivitet.

Asle Toje, medlem av Nobelkomiteen

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis