JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mange utrygge
på jobben

Ein av fem tilsette i helse- og sosialsektoren opplever vald eller truslar minst éin gong i månaden. Kva gjer dette med rekrutteringa?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Heile 29 prosent av dei Nav-tilsette rapporterte om truslar i 2016. Fleire meiner at tryggleiken er for dårleg.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / NTB scanpix

7166
20170825

Bakgrunn

Risiko på jobb

I fjor vart det registrert 47 fysiske angrep og 1418 tilfelle av truslar mot Nav-tilsette.

20 prosent av sjukepleiarane og 30 prosent av vernepleiarane, sosionomane og barnevernspedagogane oppgir at dei har opplevd vald eller truslar om vald minst éin gong i månaden.

Arbeidstilsynet fryktar at det er store mørketal.

Den generelle førekomsten av vald og truslar på jobb for alle sektorar er 7 prosent.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, Nav, Sykepleien

elovereide@gmail.com

«Mann gikk berserk på Nav-kontor», «Kvinne kom med bombetrussel», «Mann pågrepet etter bombetrussel mot Nav». Slike titlar dukkar opp jamleg. Av og til går det heilt gale: I 2013 vart ein tilsett knivstukken til døde på eit Nav-kontor på Grorud. Eitt år seinare vart ein sosionom drepen på nattevakt i ein barnevernsbustad i Asker. I fjor vart ein omsorgsarbeidar utsett for grov vald av ein psykisk utviklingshemma mann, og vedkommande døydde av skadane.

Sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og Nav-konsulentar lever med risiko på jobb. Dei er tenesteytarar for velferdssamfunnet, dei går på jobb for å hjelpe andre. Men dei risikerer trugsmål og i verste fall fysiske åtak frå pasientar eller pårørande som kanskje er i desperate situasjonar. Korleis påverkar dette rekrutteringa av helsearbeidarar i framtida?

Truslar og sjikane

«Sikkerhetssituasjonen ved institusjoner og Nav-kontorer er for dårlig. Vi som jobber i denne bransjen opplever trusler og sjikane nesten daglig», skreiv sosionom Carine Prestaasen i ein kronikk i Aftenposten i 2014. Som Nav-tilsett har Prestaasen vore vitne til at sjefen vart halden som gissel av ein klient med skytevåpen. Slike hendingar gjer folk utrygge på arbeidsplassen.

Heile 29 prosent av dei Nav-tilsette har opplevd truslar det siste året. Ifølge Navs rapport frå 2017 vart 1,1 prosent utsette for vald i løpet av fjoråret. Heile 20 prosent av sjukepleiarar rapporterer om vald éin gong i månaden, melde tidsskriftet Sykepleien i 2014.

– 20 prosent av dei tilsette i helse- og sosialsektoren rapporterer om truslar eller vald. Det er dobbelt så høg risiko som gjennomsnittet i yrkeslivet, seier Hanne Luthen, regiondirektør i Arbeidstilsynet.

Etter helse- og sosialsektoren har politiet og undervisningssektoren den mest utsette kvardagen. Risikoen i helse- og omsorgsyrke gjer at Arbeidstilsynet bruker store ressursar på denne sektoren. Saman med kommunane og dei private institusjonane har tilsynet hatt seminar og dialog om kartlegging av trusselbildet, og dei tilsette har skildra utfordringar dei møter.

– Størst er gjerne risikoen der det er krevjande kommunikasjon, til dømes i barnevernet, fortel Luthen.

Farleg eldreomsorg

Eldreomsorga har lenge vore på topp i skadetal på arbeidsplassen, og risikoen for å bli skadd på jobb er langt høgare på sjukeheimane enn i politiet.

– Somme demente utviser aggressiv åtferd, gjerne på grunn av frustrasjon. Det trengst kompetanse for å klare å møte behova til pasientane, seier forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund, Eli Gunhild By.

Ho meiner det er naudsynt med ei individuell kartlegging av pasientar. Ofte kan angst føre til utagering, og da treng pleiaren kompetanse på angstlidingar.

Dei tilsette på sjukeheimane har pleieansvar. Det inneber at dei ikkje har lov til å nekte å gå til ein pasient, same kor farleg han eller ho er. Pleiarane kan krevje å få vere to når dei går til pasienten, men sektoren er prega av underbemanning.

Mangel på personale

Underbemanninga på sjukeheimar og skular har vore mykje debattert, men få har sett dette i samanheng med truslar og vald på arbeidsplassen. I juli intervjua danske Weekendavisen Helle Roland Dirksen, formann for sjukepleiarane i Sjælland, om truslar og vald mot helsepersonell. Dirksen meiner at valdsepisodane øydelegg motivasjonen og arbeidsgleda til sjukepleiarane.

«Når man ofte skal stå på mål for politiske beslutninger, som gør arbejdspresset større og jobvilkårene dårligere – og man så ovenikøbet bliver udsat for trusler om vold – er det klart, at nogle siger: ’Det her magter jeg simpelthen ikke.’ Og så rejser de», sa ho til avisa.

Sidan 2010 har det blitt 40.000 færre kommunale arbeidarar i Danmark. I Noreg mangla det i 2015 om lag 2350 sjukepleiarar og 200 spesialsjukepleiarar. Det er forventa mangel på fleire tusen lærarar og sjukepleiarar i tiåra framover.

Underbemanninga er eit teikn på eit større problem. På den eine sida har arbeidstakarar rett på eit trygt arbeidsmiljø. På den andre sida har tenestemottakarane rett på helse- og omsorgshjelp. Stundom hamnar desse rettane på kollisjonskurs.

Førebygging

Arbeidsgjevarane tar ikkje alltid nok ansvar for å gje dei tilsette rett opplæring, meiner Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund.

– I dag er det mangel på opplæring og kompetanse, mykje fordi det er svært mange tilsette inne på deltid. Å ta truslar og vald alvorleg er essensielt for eit godt og trygt arbeidsmiljø, seier By.

Ifølge Hanne Luten i Arbeidstilsynet gjer mange institusjonar risikovurderingar etter at alvorlege hendingar råkar andre.

– Det er mange tiltak som kan førebyggje vald og skadar. Arbeidsgjevar må vurdere kva som er rett, anten det gjeld betre opplæring, skiljeveggar, vakthald eller kurs i konfliktdemping. Vi må kartlegge kor og når risikoen er størst, og kva som kan føre til vald og truslar, seier Luthen.

Underrapportering

Når vi tenkjer på skadar i arbeidslivet, tenkjer vi ofte på industri, bygg og anlegg eller offshorearbeid. Statistikken syner at handverkarar rapporterer inn flest arbeidsrelaterte skadar, men i helse- og omsorgssektoren lever dei tilsette med andre typar risiko.

– Mi erfaring er at skadar i helse- og sosialsektoren er underrapporterte, fordi folk kanskje tenkjer at det er ein del av jobben. Det handlar om korleis vi oppfattar og definerer ein skade. Når 20 prosent har vorte utsette for truslar eller vald, har vi eit stort arbeidsmiljøproblem, meiner Luthen.

Norsk Sykepleierforbund ønsker at folk blir flinkare til å melde inn skadar, vald og truslar.

– Vi må få til ein meldekultur som gjer at det er positivt å melde om slike hendingar, seier By.

– Kan risikoen for vald og truslar skremme folk bort frå helse- og sosialsektoren? Burde det ha vore kompensasjon i form av risikotillegg?

– I den tunge psykiatrien finst det døme på risikotillegg, men elles er det lite bruk av dette i denne sektoren. Kompensasjon kan bidra til å rekruttere fleire, men det viktigaste er å ha nok folk på jobb. I tillegg må vi snakke meir om samanhengen mellom arbeidsmiljø og tryggleik på jobb.

– Kvifor er det ikkje vanleg med risikotillegg i helse- og omsorgsyrka, trur du?

– Arbeidsmiljølova vart laga med tanke på industriarbeidarane. I industrien får ein gjerne kompensasjon ut frå risikovurderingar. Tradisjonelt har det vore mindre merksemd kring skadar i helsesektoren enn det har vore i industrien, seier By.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Somme demente utviser aggres-

siv åtferd, gjerne på grunn av

frustrasjon.

Eli Gunhild By, forbundsleiar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis