JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Augneblinkens kunst

På scena er han Hamlet, den triste og hemngjerrige prinsen av Danmark. Bak scena er han Preben Hodneland frå Lindås.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12118
20170310

Hamlet

Tragedie frå 1601–1602, skrive av den engelske forfattaren William Shakespeare

Stykket handlar om Hamlet, ein dansk prins som vil hemne seg på onkelen Claudius, som har gifta seg med dronninga og erobra trona

Stykket blir spela på Den Nasjonale Scene frå 4. februar til 10. mars, med Preben Hodneland i hovudrolla

Regissør er svenske Stefan Larsson. Andre medverkande er Ane Skumsvoll, Bjørn Willberg Andersen, Stine Robin Berg Hansen, Karl Bomann-Larsen, Sverre Breivik og Jonatan Filip.

Oppsettinga har fått svært gode meldingar

TEATER

redaksjonen@dagogtid.no

Han er ein av verdslitteraturens mest komplekse karakterar. Den danske prinsen i Shakespeares stykke fascinerer forskarar, lesarar, litteraturvitarar, teatertilskodarar – til og med psykologar. Hamlet er slu, vittig, brutal og sårbar. Men kven Preben sin Hamlet er, det er spørsmålet.

Første gong eg ser Preben Hodneland, får eg ei kjensle av å bli star-struck. Det minner om å bla i eit kjendismagasin og sjå Hollywood-stjerner i smoking på den raude løparen på éi side, og så ser du dei i joggedressar gatelangs når du blar til neste. Preben Hodneland to timar før den 25. Hamlet-framsyninga hans er litt slik.

– Hei, sorry for at eg er sein. Eg har nett vore og trena, seier skodespelaren, med hette over hovudet og bag over skuldra. Med raske steg viser han veg inn i underetasjen til Den Nationale Scene.

I garderoben til Preben, eit rom som er større enn dei fleste studentkollektiv, ligg det ein pose Sur Sild på bordet, og fleire handskrivne brev heng på veggen over spegelen. Elles er garderoben heilt tom for personlege eigedelar.

– Å, ja, eg fekk ein pose Sur Sild, seier han og ler. – Det var ein publikummar som bråka sånn med pakninga, så midt under framsyninga gjekk eg bort til henne og spurde om å få ei sild. Og det fekk eg.

Korridoren

Å gå inn i teaterkulissane er som å entre ei mystisk verd. Den store rokokkohallen ein vanlegvis går inn i er no erstatta med lange, tronge korridorar, med endelause inngangsdører og kvitmåla vegger. Hadde eg ikkje hatt ein skodespelar som vegvisar, sjølvaste Hamlet, ville eg ha gått meg vill i det 141 år gamle bygget.

Høge Hodneland er lett til beins. Det er vanskeleg å halde følgje når han går frå rom til rom, opp vindeltrappa mellom etasjane, inn i kantina eller ut på balkongen for sine mange røykjepausar, utan synlege teikn til å bli andpusten. Han pratar like lett som han går, som oftast i halvferdige setningar.

– Det skumlaste er å spele framfor teaterkjernen. Dei som går her ofte. Med Hamlet er det mange som har høge forventningar. I eit anna stykke sa eg «fitte» 40 gongar i ei opningsscene – det stod i manuset, altså – og du ser berre at vinglasa deira senkar seg. «Skulle vi ikkje kose oss no,» liksom. Dei som ikkje er så teatervande, er lettare å underhalde. Som når Gjertrud, mor til Hamlet, spyr på scena. Dei reagerer spontant, ofte med latter. Det er herleg.

Sminkerommet

Hamlet blir berre spelt i halvannan månad på Den Nasjonale Scene. Det er premieren som er verst. Ifølgje Preben er det eit mareritt som ein berre må komme seg gjennom. Etter kvart blir det meir rutine, men også større rom for å improvisere, eller som Preben kallar det: å leike.

– Av og til kan eg vere litt frekk eller morosam når eg leikar meg. Eg er ekstremt nervøs før framsyninga, men liker tanken på at alle dagar er forskjellige.

Hamlet, verdas mest spelte teaterstykke, er svært prestisjefylt. Bibelen er omtrent det einaste som er meir lese enn Shakespeare. Men Preben har ikkje frykt for stykket lenger. No handlar det om å leike seg litt, få kontakt med publikum. Det er då magien blir skapt, seier han.

I sminkerommet er det stor trafikk. To menn kjem inn i rommet ikledd vestar og sikspens. Ein av dei begynner å fjerne sminke. På hyllene står det parykkar i alle fargar og fasongar.

– Dei er sydde etter hovudstorleiken til kvar enkelt skodespelar. Vi har eit høgt hårbudsjett, seier frisør og sminkør Tonje Mari Hansen.

Parykkane er laga av menneskehår og krev 10.000 knutar per parykk. På sminkebordet står det ulike krukker med namnelappar på, og spray til å fiksere sminka med. Ved sida av sminkeborda står det rader med børstar, kostar, pudder og saksar.

– Preben fekk eit massivt blåmerke han må sminke vekk, ertar skodespelar Sverre Breivik.

– Sminkar skodespelarane seg sjølve?

– Ja, vi gjer det no når vi veit korleis vi skal sjå ut. Vi får bestemme litt sjølve, seier Preben, kledd i kvit morgonkåpe. Med svarte negler feiar han mørk augeskugge over auga.

Det er lysare bak teaterscena enn eg hadde venta. Skodespelar Jonatan Filip kjem inn, kledd i svart dress og ferdigsminka. I det skarpe lyset viser sminka ekstra godt, og med lyst pudder og svarte auge kunne skodespelarane fint passert som mystiske teaterspøkelse.

– Maska skal vere litt teatralsk, seier Preben. – Eit sterkt uttrykk. Ser eg daud ut no?

Garderoben

Ein ung mann kjem inn i rommet med noko vått i håret, og spør ei som heiter Mette om hjelp. Han er redd for at håret skal bli gult. Ho smørjar håret hans inn i balsam, og dei andre ler og meiner han får luksusbehandling.

– Vi har ei diva her, roper Sverre Breivik, med pudder i halve fjeset. Sverre gjekk to år etter Preben på Teaterhøgskulen, og Hamlet er den andre produksjonen hans.

– Blir de nokon gong lei av stykket?

– Eg er ikkje lei av Hamlet, men ein blir jo litt sliten av å spele frå måndag til laurdag kveld. Eg koser meg på scena, eg, seier Sverre.

Preben skyt inn:

– Nokre gonger har ein berre lyst til å vere heime og ikkje gjere noko. Men med denne jobben kan ein ikkje akkurat ha heimekontor.

– Du skal tilbake til Oslo snart, du, Preben?

– Ja, dessverre. Eg kunne godt spelt dette stykket lenger. Vi har framleis rom for leik og forbetring. Seinast på onsdag var det nokon som velta om på ei scene.

– Kva betyr det å velte om på ei scene?

– Å kome inn frå motsett side, eller gjere noko utanom det vanlege. Men vi må også ha respekt for materialet. Det er skummelt å rote i regien til Stefan. Preben kan leike seg litt, vi andre må halde fortet. Eg må vere der når Preben dummar seg ut. Nei da, du er kjempeflink, Preben.

– Det var hyggeleg sagt. Skriv det ned, svarer Preben.

Stine Robin Berg Hansen, som spelar Ophelia, er kjapt innom sminkerommet for å krølle håret, før ho går tilbake til garderoben sin. Då Preben etterpå går inn dit og gjev henne ein lang klem, får eg ei kjensle av å observere ein privat augneblink.

– På dette tidspunktet tar eg ein sigg, seier Preben då han kjem ut av garderoben hennar.

Balkongen

20 minutt før framsyninga sit ei gruppe ute på teaterbalkongen. Latteren sit laust, som på dei fleste andre pauserom.

– Her har vi Bergens finaste utsikt, seier Preben, mens han vaier med armane over gelenderet.

Det er ein kjølig kveld. På balkongen står ei varmelampe, og VG ligg på bordet. Teatersuffløren, Linda Oline Notøy, sit også i røykjestova.

– Det var ein fin dynamikk i går. Hamlet er eit spesielt og rørande stykke. Menneske er så konstante. Sjølv om verda og teknologien endrar seg heile tida, er vi konstante i sinn og kjensler, seier Notøy. – Preben fortel historia veldig godt. Dei unge kjenner seg att i han.

Ei røyst over høgtalaranlegget varslar om at det er kort tid til framsyninga. Ei anna kvinnerøyst informerer om besøkstalet. 315 personar er i ferd med å finne plassane sine i salen.

– Eg må ned og pusse tennene, det blir litt klining i stykket.

No har Preben femten minutt på seg til å skifte og varme opp. Omgitt av bossbøtte, feiebrett og ein støvsugar legg han seg ned på golvet i ein tom sal og tar armhevingar og nokre andre øvingar, før han ropar ulike lydar og seier replikkane sine i eit enormt tempo.

– Eg gjer mange øvingar med ryggen, eg har så lang rygg.

Alarmen går igjen. Det er fem minutt til framsyninga tar til, og det er tid for ei fellessamling for skodespelarane. Vi går ned igjen til første etasje. I eit rom fullt av gullfarga speglar står dei i ring og held kvarandre i hendene. Gruppa på sju snakkar lågt i lag før dei tar eit heiarop, som om dei var eit handballag.

Scena

Hamlet blei skrive av William Shakespeare i 1601 eller 1602. Når Claudius erobrar den danske trona og giftar seg med enkedronninga Gjertrud, strir prins Hamlet med hemntankar og uvisse over kven han er. I ein draum ser Hamlet den døde far sin. Faren fortel at det er broren Claudius som har drepe han.

Frå sminkerommet følgjer eg med på stykket via ein skjerm. Når Preben kjem inn i rommet etter draumescena, har han svart sminke nedover kinna.

– Nokre gonger byrjar eg berre å gråte. For å vekkje kjenslene i kroppen kan eg til dømes kalle han pappa i staden for far, då blir det enklare å sjå for meg at det er min eigen far. Når eg seier noko så mange gonger at det kjem under huda på meg, kan eg etter kvart seie det med truverd.

Preben Hodneland slutta i den faste jobben som prosessteknikar på Mongstad og selde alt han eigde då han kom inn på Teaterhøgskulen – som ein av åtte blant 800 søkjarar. Sjølv trudde han at han aldri skulle komme inn.

– Som prosessteknikar var eg vand med å jobbe med tal, og ikkje kjensler. I ein karakter bruker ein seg sjølv mykje, og eg var ikkje heilt førebudd på kor mentalt sliten eg kom til å bli av alle dei store spørsmåla i eit stykke som Hamlet, fortel han.

– Kan ein karakter forandre ein skodespelar som person?

– Ja. Ein kan i alle fall utvikle seg sjølv gjennom karakteren. Det er mange som meiner at Hamlet er galen. Eg blir ikkje akkurat galen av å spele han, og eg trur ikkje han er det, heller, eigentleg. Han har berre mista trua på alt, og lurer på kven han bør vere.

Preben si tolking av Hamlet har fått kritikarane til å juble. «Virtuost, mangfoldig og med stor energi gestalter han en sceneskikkelse som med sitt sterke nærvær bærer hele forestillingen. Han spiller på så mange strenger og utstråler en slik kraft at fraværet merkes litt for godt i de få scenene hvor han ikke er med» skreiv Bergens Tidende etter premieren.

– Det finst inga standardoppskrift på Hamlet, eller i noko anna stykke, for den saks skuld. Vi gir oss sjølve ein del fridom og improvisasjonspausar i framsyninga, men verket er det same, seier han sjølv.

Salen

– Det er eit bra publikum i dag.

Neste gong Preben er tilbake i sminkerommet er han iført gullbukse og berr overkropp. Som vanleg utstrålar han masse energi.

– Vi har eit stativ som skal snu seg rundt på scena, og det skar seg. Så eg tenkte at no må eg må i alle fall gjere alt rett. Og så klarte eg å seie første replikken feil!

Jonatan Filip kjem også inn, tar vatn på hendene og dreg dei begge gjennom håret.

– Det vi veit om den originale oppsetjinga er at det var ei rund scene med berre éin inngang. Teksten er den same, seier han. – I dag har jo stykket ein minimalistisk stil, og det er ikkje spelt i eit slott eller noko slikt. Men det er mykje mystikk knytt til teater, og eg synest skodespelet ofte blir litt «avmystifisert» no til dags.

– Ja, det er ein del mystikk i teater, seier Preben. – Det er ganske mindfuck, dette stykket. Eg føler at viss folk ikkje likar Hamlet, så likar dei heller ikkje meg, på ein måte. Responsen frå publikum varierer veldig, men det er ikkje teater utan dei. Det er det eg liker ved det. Teater er kunst i augneblinken.

Han forsvinn raskt ut igjen på scena.

Bilettekstar:

INGRID: Ingrid Skurtveit jobbar som påkledar, med ansvar for vedlikehald og kostyme på Den Nasjonale Scene.

PREBEN 1: – I ein karakter bruker ein seg sjølv mykje, og eg var ikkje heilt førebudd på kor mentalt sliten eg kom til å bli av alle dei store spørsmåla i stykket, seier Preben Hodneland.

PREBEN 2: Preben Hodneland har fått strålande kritikk for si tolking av Hamlet. – Vi gir oss sjølve ein del fridom og improvisasjonspausar i denne framsyninga, men verket er det same, fortel han.

PREBEN 3: I ein tom sal varmar Preben opp før framsyninga, femten minutt før teppet går opp.

TEAM: Dei sju skodespelarane i Hamlet samlast fem minutt før dei skal ut på scena.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis