Foto: NTB scanpix
Atomkraft?
Storbritannia har planar om meir atom- og gasskraft for å få ned CO2-utsleppa, men no har Toshiba sagt at dei både vil selja seg ut av LNG-satsinga i USA og leggja ned NuGen, den britiske atomkraftavdelinga av selskapet. NuGen skulle byggja atomkraftverket Moorside i Cumbria. Avgjerda til Toshiba kjem etter massive avskrivingar i Westinghouse, det amerikanske atomkraftselskapet til Toshiba som gjekk konkurs. Litt enkelt sagt så ser det ikkje ut til å vera pengar i atomkraft lenger, og det sjølv om atomkraft må spela ei vesentleg rolle om verda skal kunne halda oppe energibruken samstundes som CO2-utsleppa skal ned. Men for Noreg er kanskje avgjerda bra. No kan vi kan henda både selja meir gass til britane og leggja fleire kraftkablar både til England og Skottland.
Italia ignorerer EU
EU-kommisjonen og Italia er på kollisjonskurs. EU seier at Italia i 2020 vil bryta regelen om at ein ikkje kan ha eit større underskot enn 3 prosent av verdiskapinga, BNP. Neste år vil underskotet verta 2,9 prosent, og 3,1 i 2020, trur kommisjonen. EU har alt opna ei prosedyre mot Italia og har gjeve Roma frist til 13. november med å koma med ein ny skatte- og utgiftsplan for neste år. Italia kan møta sanksjonar om dei ikkje går med på krava frå Brussel, men det gjer dei neppe, sidan både Frankrike og Tyskland braut budsjettreglane for eurosona i si tid. Sagt på ein annan måte: Uroa rundt euroen gjev seg ikkje.
Farage er overalt
Michel Barnier, EUs sjefforhandlar under Brexit-tingingane, har halde tale i Helsinki under sentrum-høgre-kongressen for europeiske parti. Der åtvara han sterkt mot høgrepopulistar både her og der, og han kunne fortelja at Europa nok «har ein Farage i kvart einaste land». Nigel Farage var leiar av UKIP, Det britiske sjølvstendepartiet, under Brexit-folkerøystinga. Farage og hans like, fortalde Barnier, driv med «populistnarring». Barnier hadde elles ikkje noko nytt å fortelja om tingingane med Storbritannia, men denne veka la Theresa May fram ein plan som minner sterkt om EØS, altså at det meste skal halda fram som før mot at Storbritannia gjev frå seg all formell politisk makt i EU-systemet. «Eg skal fullføra Brexit-oppgåva heilt fram til slutten. Det er mi oppgåve», fortalde Barnier.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.