JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Arbeidaren, kapitalen og automatspøkelsa

Det går eit spøkelse gjennom verda – robotspøkelset.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Robotane kjem: Frykta for at robotane skal ta frå oss jobbane, grip om seg. Illustrasjon frå filmen Terminator

9632
20170310
9632
20170310

ØKONOMI

peranders@dagogtid.no

Åtvaringane har vi høyrt lenge, men no kjem dei tettare enn før: Robotane kjem og tek jobbane våre. I ei nær framtid kjem store delar av arbeidsstyrken til å bli overflødig, fordi datateknologi no lèt maskiner gjere arbeidet billegare, raskare og betre enn vi menneske maktar. Og fordi maskinene blir stadig meir avanserte, kan dei ta over stadig meir komplekse arbeidsoppgåver. Frykta kjem til uttrykk i engelskspråklege bestseljarbøker med titlar som Rise of the Robots og Humans Need Not Apply, og robotane spøker i økonomitidsskrifta.

Også Microsoft-grunnleggjar Bill Gates er uroleg. I eit intervju i nettavisa Quartz i februar tok han til orde for ein ny skattepolitikk for å takle innmarsjen til robotane. Ein robot som tek over jobben til eit menneske i ein fabrikk, bør skattleggjast, meinte Gates. Skatten skal dels seinke automatiseringa, dels finansiere anna sysselsetjing for dei robotane tek jobben frå.

Når den tidlegare toppsjefen for eitt av dei største teknologiselskapa i verda tek til orde for nye skattar for å bremse den tekniske utviklinga, har uroa nådd langt.

Makelaus utfordring

Den same uroa merkar vi òg i Noreg. «Fallende yrkesdeltakelse og økt automatisering fører til en utfordring vi ikke har sett maken til», sa Vibeke Hammer Madsen, sjef i arbeidsgjevarforeininga Virke, til Dagens Næringsliv 9. februar. Sidan 2008 har sysselsetjinga i Noreg falle frå 72 til 67 prosent, og blant menn frå 25 til 29 år er fallet i sysselsetjingsgrad på heile ti prosentpoeng. Kor mykje av dette som skuldast automatisering, er uvisst. Men maskinene har nok ein del av skulda for at jobbar blir borte.

Og det kan bli mykje verre. Ein tredjedel av dagens jobbar i SSB er truga av automatisering dei neste 20 åra, heitte det i ein studie som SSB laga i 2015. Denne bygde på tilnærminga i The Future of Employment, ein mykje sitert studie som Oxford-forskarane Frey og Osborne la fram i 2013. Dei kom fram til at nær halvparten av dagens jobbar i USA stod i fare for å bli overtekne av maskiner i løpet av dei neste 20 åra.

Ein kan mistenkje at noko av den nye robotangsten heng saman med at maskinene no òg trugar mange typiske middelklassejobbar. Industriarbeidarar har jo levd med presset frå automatiseringa og robotane i mange tiår. I 1974 var 387.000 nordmenn tilsette i industrien, i fjor var det 217.000. På det meste var 23 prosent av norske arbeidstakarar sysselsette i industrien. I dag er delen under 10 prosent.

Ingen er trygg

Inntil nyleg har veksten i tenesteytande næringar og offentleg sektor kompensert for dei tapte industriarbeidsplassane. Men om automatiseringa tek store jafs av desse arbeidsplassane òg, blir det færre stader å gå for dei som blir til overs. «Vi ser berre toppen av isfjellet. Ingen kontorjobb er trygg», sa Sebastian Thrun, som forskar på kunstig intelligens ved Stanford-universitetet i USA, til The Economist i juni fjor.

Og få arbeidsplassar er så usikre som banken. I finanssektoren sluker datamaskinene stadig fleire jobbar. Dei siste fem åra har Den Norske Bank kutta kring 3000 stillingar, og det er berre starten: DNB-sjef Rune Bjerke sa i februar at banken truleg vil halvere talet på tilsette, frå kring 10.000 til 5000, i løpet av dei neste fem åra. Konsulentselskapet SAS Institute har spådd tilsvarande utvikling i heile den norske finanssektoren. I så fall er det snakk om 25.000 tapte arbeidsplassar i løpet av få år.

Maskinene tek òg over nye oppgåver i offentleg sektor. På norske sjukehus opererer kirurgirobotar prostata og tarmar på folk, andre robotar køyrer rundt i korridorane med sengeklede og varer, tek heisen på eiga hand og bed folk om å flytte seg om dei står i vegen.

Gode robotar

Men desse pålitelege, høflege og kirurgisk presise sjukehusrobotane er òg ei påminning om solsida av automatiseringa. Robotar og datamaskiner kan gjere liva våre lettare og frigjere hender til andre oppgåver, og i helsesektoren står både pasientane og oppgåvene i kø.

Og kva er eigentleg nytt med dagens robotar? Gjennom heile historia til mennesket har vi stadig funne nye og meir effektive måtar å løyse arbeidsoppgåvene våre på. Sidan industrialderen tok til, har maskiner erstatta menneske på stadig nye felt. Maskinene har friteke menneska for mange tunge, farlege og monotone arbeidsoppgåver, og dei har gjeve oss ein velstand som tidlegare generasjonar berre kunne drøyme om. Og dei hendene som vart ledige når maskinene tok over, har stort sett funne nye former for sysselsetjing.

Luddittane

Raske endringar i produksjonsmåtane har ikkje vore friksjonsfrie. Det klassiske dømet på konflikt mellom arbeidar og maskin er soga om «luddittane», ei gruppe radikale arbeidarar som kjempa mot nye maskiner i tekstilindustrien i England tidleg på 1800-talet. Luddittane var ikkje motstandarar av all teknologi, mange av dei var røynde maskinoperatørar. Men dei protesterte mot nye strikkemaskiner som kunne brukast av ufaglærde arbeidarar og undergrov lønene. Fagforeiningar eksisterte ikkje, og luddittane protesterte gjennom å knuse maskinene.

Også seinare har det vore uro når raske omstillingar tok levebrødet frå folk. På 1930-talet skreiv økonomen John Maynard Keynes om «teknologisk arbeidsløyse», som han rekna som eit anna fenomen enn arbeidsløyse i konjunkturnedgang. Den teknologiske arbeidsløysa kom når effektiviseringa av arbeidet gjekk så raskt at samfunnet ikkje klarte å finne nye oppgåver til arbeidarane. Men slike periodar har som regel vore kortvarige; moderne industrisamfunn har vist seg imponerande omstillingsdyktige. Er det annleis denne gongen?

Jobblaus vekst

Optimistane seier nei. Dei meiner dette vil gå seg til, slik det har gjort før, og det vil dukke opp mange nye jobbar som ingen ser for seg i dag. Pessimistane peiker på at utviklinga til datateknologien ikkje lenger endrar berre einskilde næringar eller industriar. Automatiseringa kan endre heile økonomien grunnleggjande, fjerne arbeidsplassar langt raskare enn vi kan skape nye, og gje oss såkalla «jobblaus vekst», der produksjonen aukar utan at det kjem nye jobbar.

Men sjølv om pessimistane skulle få rett, finst det løysingar. Den effektiviseringa som datamaskinene og robotane gjev oss, er jo i prinsippet flott. Spørsmålet er kven som får vinsten? Vi kan ikkje skulde på robotane, dei er tenarane våre. Problemet er ikkje at vi ikkje klarer å styre robotane. Problemet ligg i måten vi styrer økonomien på.

Idyllen

Om vi ser på til dømes det norske samfunnet som ein stor familie med ei viss mengd oppgåver som skal løysast, blir det tydelegare: Når maskiner tek over eit arbeid, anten det er på ein fabrikk eller i staten, frigjer det hender som kan brukast til noko anna. Oppgåver til menneske vil det alltid vere nok av. Skuleklassane kan få fleire lærarar, sjukehusa fleire sjukepleiarar og så vidare. I denne storfamilien ville robotane gje rein vinst, og frigjeringa av arbeidskraft ville fjerne bekymringa vår over eldrebølgja. Men Noreg er ikkje nokon stor familie der alle oppgåver blir fordelte frå toppen av mor og far. Heldigvis, for det ville ha vore eit totalitært samfunn.

På andre sida: Om automatiseringa berre raderer mengder av jobbar, og staten taper skatteinngangen frå dei som misser arbeidet, kostar det samfunnet dyrt. Når ein bank kuttar kostnadene ved å erstatte menneske med datakraft, kan kundane rett nok få billegare tenester. Men om vi ikkje får erstatta dei tapte jobbane, går det meste av vinsten til bankeigarane.

Ein stor del av vinstane frå automatiseringa har tilfalle dei store selskapa, ikkje samfunna der folk lever livet sitt. Og mange økonomar, til dømes MIT-professoren Erik Brynjolfsson, meiner dette er ei viktig årsak til den raske auken i dei økonomiske skilnadene. Sidan 1970-talet har arbeidarane i verda fått ein stadig mindre del av verdiskapinga, til glede for kapitaleigarane. Brynjolfsson åtvarar om at automatiseringa kjem til å auke skeivfordelinga i verda enda meir.

Skatteflukt

Dette er ein del av bakgrunnen for at mange no snakkar om ein robotskatt. I februar drøfta også EU-parlamentet ei slik ordning, men framlegget vart droppa. Ein særskatt for robotar er uansett vanskeleg å utforme. Det er ikkje lett å definere kva maskiner som trugar menneskeleg sysselsetjing og difor skal skattleggjast. Men det finst ei enklare løysing: å auke skatten på kapitalinntekter, og stogge den kolossale skatteunndraginga til dei store, transnasjonale selskapa som slusar inntektene sine ut til skatteparadis.

Det er ironisk at nett Bill Gates tek til orde for skattlegging av robotane for å hjelpe samfunnet. Aksjane Gates har i Microsoft, har gjort han til verdas rikaste mann, med ein formue på kring 750 milliardar kroner. Og teknologiselskap som Microsoft, Google og Apple er både blant dei fremste drivkreftene bak automatiseringa og blant dei verste til å unndra seg skatt. Microsoft åleine har gøymt unna over tusen milliardar kroner i skatteparadis, ifølgje Fortune.

Dersom dei store vinstane frå automatiseringa skal kome folk flest til gode, krev det truleg ei radikal endring av skattesystema. Men ei slik endring verkar nærast uoppnåeleg i dag. Vestlege land har i mange år kappast om å kutte i skattane sin for å bli attraktive for storselskapa. Og desse landa ønskjer mest av alt å lokke til seg nett teknologigigantane, i von om at dei skal dra i gang veksten. Spørsmålet er kven denne veksten i så fall blir til glede for. Robotane bryr seg neppe. Ikkje enno.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Problemet er ikkje at vi

ikkje klarer å styre

robotane. Problemet

ligg i måten vi styrer

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis