Kommentar

Antisemittisme som påstand og slegge

Donald Trumps støtte til jødiske studentar er reine opportunismen.
  

U.S. President Donald Trump gestures, on the day of a closed House Republican Conference meeting on Capitol Hill in Washington, D.C., U.S., May 20, 2025. REUTERS/Ken Cedeno
President Donald Trump under eit møte i Washington D.C. i mai.
Publisert Sist oppdatert

I åtaka på amerikanske universitet seier Donald Trump at han vil forsvara jødiske studentar mot det han kallar antisemittisme.

Han meiner Harvard og Columbia ikkje tok godt nok vare på tryggleiken til desse studentane. No vil han pressa universiteta med økonomiske verkemiddel.

Men den amerikanske presidenten har aldri halde seg for god til å bruka grovt jødehat i sine tidlegare utfall. Støtta hans til jødiske studentar er reine opportunismen.

Konsentrasjon

Donald Trump har ikkje lang konsentrasjonsevne. Han hiv seg frå standpunkt til standpunkt på kort tid. No er den støtta han syner for ytringsfridomen på amerikanske universitet, eit godt døme på korleis han skamlaust brukar dei argumenta som passar han, for å fremja sitt eige program. Han tek som vanleg lett på den indre samanhengen og dei lange linene i argumenta sine.

Den som no sist har teke opp dette, er den vidkjende holocausthistorikaren Christopher R. Browning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement