JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

All makt til folkets mann

Om to dagar vil verda rette auga mot Kina. Ein historisk partikongress vil avsløre den komande leiarskapen i Kina og med det i kva retning eittpartistaten går.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein besøkande går framfor ei samling bilete av Xi Jinping med slagordet «Eg har ikkje eit sjølv og lever for folket» i kommunistpartiets museum i Beijing fredag 12. november 2021.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

13442
20221014
13442
20221014

Kina

magnus@dagogtid.no

Søndag byrjar den 20. nasjonalkongressen til Kinas kommunistparti. Nasjonalkongressane, som har møtst kvart femte år sidan 1977, er nokre av dei viktigaste hendingane i kinesisk politikk. Det er då leiarposisjonar blir fordelte og endringar i partigrunnlova vedtekne. Sidan 1990-åra har Kinas øvste leiarar stort sett styrt i to femårsperiodar. No kan det endre seg.

Den 20. kongressen markerer at Xi Jinping har styrt i to femårsperiodar, men Xi ser ikkje ut til å vere ferdig. Den 20. kongressen blir ein milepåle. Dersom Xi vel å halde på makta, kan det bety slutten på ein relativt stabil periode i kinesisk elitepolitikk. Kinaekspertar flest trur at Xi vil bli sitjande. Kongressen vil vise om det stemmer.

Ein ny æra under Xi?

I 2017 vedtok den 19. kongressen å gjere «Xi Jinping-tenking» til ein del av partigrunnlova. Det var første gong sidan Mao at ein levande leiar av kommunistpartiet får ein ideologi oppkalla etter seg teken inn i partigrunnlova. Xi Jinping-tenking er no pensum for både skuleelevar og partimedlemmar. Det finst til og med ein eigen mobilapp der ein kan lære om Xi Jinping-tenking. Partimedlemmar og offentleg tilsette i fleire delar av Kina er påbydde å bruke appen.

Kva Xi Jinping-tenking går ut på, er ikkje enkelt å forklare. Engelsk-utgåvene av Xis bokserie The Governance of China (Styringa av Kina), i fire bind, er på meir enn to tusen sider totalt. Xi vektlegg kommunistpartiets maktmonopol og at partiet må ha integritet og alltid stå på folket si side. Så har ein «den kinesiske draumen», ei samling idear om korleis Kina skal bli eit velståande samfunn og gå inn i ei ny stordomstid. Andre viktige element er omfordeling, miljøvern og innovasjon.

Etter Xi kom til makta, har ein også sett framveksten av det som langt på veg er ein personlegdomskult. Kommunistpartiets propagandaapparat har framstilt Xi som ein umåteleg sterk, vis og god leiar. Oppveksten og livshistoria hans har blitt mytologiserte. Media og offentlege dokument framhevar rolla til Xi og gjev han heiderlege kallenamn. I 2019 kalla politbyrået offisielt Xi for «folkets leiar» (rénmín lingxiù), ein tittel berre Mao har hatt tidlegare.

Denne trenden strir mot forbodet mot «alle former for personlegdomskultar» i partigrunnlova frå 1982. Kor langt Xi-dyrkinga vil strekke seg i Kina, vil ein få svar på framover, men det har alt gått ganske langt. Det fulle namnet på Xi Jinping-tenking er «Xi Jinping-tenking om sosialisme med kinesiske kjenneteikn for ein ny æra». Uttrykket «ny æra» har blitt brukt ofte i offentleg kommunikasjon, og det er ingen tvil om kven som skal leie Kina inn i den nye æraen.

Makta i folkerepublikken

Nasjonalkongressen vil bestå av om lag 2300 representantar for dei meir enn 90 millionar medlemmane av partiet. Gjennom ein komplisert prosess med kontrollerte val, såkalla «demokratisk sentralisme», blir medlemmane av dei sentrale partiorgana peikte ut. Desse organa skal styre folkerepublikken fram til neste nasjonalkongress. Det mektigaste organet er politbyråets ståande komité, som i dag består av sju medlemmar.

Komiteen blir leidd av kommunistpartiets generalsekretær. Sidan 1990-åra har det vore tradisjon at generalsekretæren også er president (statsoverhovud) og leiar for den sentrale militærkommisjonen. Desse tre stillingane, partileiar, statsoverhovud og leiar for militæret, gjev éin person kolossal makt. Sidan 2012–13 har Xi Jinping vore mannen i desse stillingane. Han leier verdas mektigaste parti, verdas nest rikaste land og verdas største militærstyrke.

Det er med andre ord ikkje vanskeleg å finne argument for at Xi er verdas mektigaste mann. Det er få lovfesta og institusjonaliserte avgrensingar på makta til Xi. Ei av desse finst i grunnlova frå 1982, der det er sett ei grense på to femårsperiodar for presidentembetet. I praksis har den grensa stort sett gjeldt for dei andre posisjonane òg.

I 2018 vart den grensa fjerna, og sidan 2012 har Xi opparbeidd seg langt meir makt enn dei to forgjengarane sine. Det betyr at den 20. kongressen kan bli noko heilt anna enn det ein hadde sett føre seg då Xi kom til makta i 2012.

Bak eit raudt teppe

Kinesisk elitepolitikk er alt anna enn gjennomsiktig. Han ber preg av strengt hemmeleghald og uformelle forhandlingar i kulissane. Eg har tala med Koen Wellens, førsteamanuensis i Kina-studiar ved Universitetet i Oslo, om partikongressen og korleis ein går fram for å forstå kinesisk elitepolitikk. Wellens er forfattar og medforfattar av fleire bøker om Kina og har gjort feltarbeid i fem regionar i Kina.

– Kva blir avgjort og kva saker står på spel under kongressen?

– Det viktigaste er nok kven som kjem til å få dei høgste posisjonane, i politbyrået, statsrådet og så vidare. Men kongressane verkar litt som eit show. Alle avgjerder er tekne på førehand, utfallet av kongressar byr derfor ikkje på overraskingar for partileiarane. No ser det ut til at Xi blir verande leiaren i Kina, så eg trur ikkje ein vil sjå store endringar som følge av kongressen.

For oss som står utanfor dei inste sirklane i det kinesiske kommunistpartiet, noko som også gjeld mesteparten av befolkninga i Kina, er utfallet ikkje gjeve før partiets utvalde blir offentleggjorde. Ein viktig ting Kina-ekspertar ser på for å prøve å forstå maktkampar i partiet, er fraksjonar, altså ulike grupperingar i partiet.

– Xi Jinpings fraksjon er venstreorientert. Dei vil at kommunistpartiet og staten skal ha stor innverknad på samfunn og marknad, og er imot politisk liberalisering. Så er det ein fraksjon som ligg meir i midten, som vil at staten og partiet ikkje skal blande seg for mykje i økonomien, men som framleis støttar at partiet har den politiske kontrollen. Det er der leiarane før Xi har vore, Jiang Zemin og Hu Jintao. Så finst det ein høgrefraksjon i partiet som vil at partiet skal lette på den politiske kontrollen og gje meir rom til opposisjon og sivilsamfunn.

Fraksjonane er knytte til politiske skiljelinjer, men dei er også knytte til personlege nettverk. Ein kallar desse guanxi. Dei er nettverk av personlege kontaktar der nokre personar har stor innverknad, utan at dei nødvendigvis har offisielle posisjonar. Slikt gjer det vanskeleg å vere kinaforskar.

– Det fører til mykje spekulasjon hos kinaobservatørar. Når ein ikkje veit så mykje, er det endå lettare å kome med spekulative forklaringar, seier Wellens.

Maktkonsentrasjon

Før Xi kom til makta i 2012, fanst det ei arbeidsdeling mellom partiet og statsadministrasjonen som gav sistnemnde stor autonomi og innverknad på viktige politikkområde. Statsministeren hadde hovudansvaret for økonomien og spelte derfor ei svært viktig rolle. Under Xi har denne arbeidsdelinga blitt svekt i favør av auka makt til partiet og Xi. Gjennom å leie mange kommisjonar og styringsorgan personleg har Xi fått mykje større innverknad enn forgjengarane.

Ei forklaring på at Xi har klart å opparbeide seg så mykje makt, er at partielitane var samde om at dei måtte samle meir makt på éin person for å handtere utfordringane partiet stod overfor i 2012. Under forgjengaren til Xi, Hu Jintao, vart avgjerder tekne ved konsensus, noko som hindra slagkraftig handtering av utfordringar, spesielt korrupsjon. Eit populært uttrykk på den tida var at «ordrar forlèt ikkje Zhongnanhai (hovudkvarteret til partiet og statsrådet)».

På den 18. kongressen i 2012 åtvara den avgåande Hu kollegaene sine om at partiet og staten risikerte å bryte saman dersom dei ikkje klarer å nedkjempe korrupsjon og styrke politisk integritet. Xis antikorrupsjonskampanje det siste tiåret, den største i folkerepublikkens historie, har vist at ordrar no forlèt Zhongnanhai, kanskje i større grad enn partielitane hadde sett føre seg då Xi tok over.

Ifølge South China Morning Post har meir enn 4 millionar kadrar blitt etterforska og straffa og meir enn 900.000 kasta ut av paritet. Både «fluger og tigrar», lågt- og høgtståande personar, har blitt tekne. Ikkje berre i klassisk korrupsjon, men også i ulydnad mot partiordrar har blitt straffa.

Som følge av antikorrupsjonskampanjen står partiet i dag sterkare enn det gjorde i 2012. Samstundes har kampanjen styrkt Xis makt i partiet og gjeve han eit våpen mot politiske motstandarar. Kampanjen har vore populær i befolkninga, men med så mange ramma har Xi fått mange frustrerte fiendar. Det vil nok også skape frustrasjon om Xi ikkje vil dele makta med rivalar etter den komande kongressen.

Historiske parallellar

I 1956 heldt Sovjetunionens kommunistiske parti sin 20. nasjonale partikongress. Nikita Khrusjtsjov var då leiar og ville ta landet i ei ny retning, vekk frå stalinismen. På den 20. kongressen heldt Khrusjtsjov det som skulle bli ein lagnadstung og verdskjend tale.

I talen, «Om personlegdomskulten og konsekvensane av den», går Khrusjtsjov til angrep på maktkonsentrasjonen under Stalin og personlegdomskulten han dyrka. Talen åtvarar tydeleg mot den utviklinga ein ser i Kina i dag. Khrusjtsjov kritiserte at kollektiv leiarskap vart sett til side for Stalins eigenrådige vilje og dei negative følgene det hadde.

«Kameratar! Dyrkinga av individet har ført til bruk av feilaktige prinsipp i partiarbeid og i økonomisk aktivitet. Det førte til fæle brot på det interne parti- og sovjetdemokratiet, steril administrasjon, avvik av alle slag, tildekking av manglar og lakkering av røynda. Nasjonen vår bar fram mange smiskar og spesialistar på falsk optimisme og bedrag.»

Ein fare ved å gje ein leiar himmelhøg status er at han då kanskje mistar kontakten med jorda. Khrusjtsjov nemner eit tilfelle der Stalin ville innføre ein ugjerleg skatteauke i det kollektive landbruket:

«Var Stalins forslag basert på data av noko slag? Sjølvsagt ikkje. I slike tilfelle var han ikkje interessert i fakta og tal. Dersom Stalin sa noko, var det slik det måtte vere – han var trass alt eit ’geni’, og eit geni treng ikkje telje, han treng berre sjå og kan med ein gong forklare korleis ting skal vere.»

Utfordringar framover

Det vil ikkje vere mangel på utfordringar for Xi dersom han held seg ved makta. Økonomien i Kina slit som følge av ei seig bustadmarknadskrise og ein streng covid-19-politikk. Sjølv om ein har sett ei viss oppmjuking, er politikken likevel mykje strengare enn i dei fleste andre land. Reaksjonane etter nedstenginga av Shanghai syner at også kinesarar har eit punkt der det blir for mykje.

– Kina har også hatt ein dårleg vaksinepolitikk. Kinesarar har ikkje stolt nok på eigne vaksinar, samtidig har dei av patriotiske årsaker ikkje vilja kjøpe meir effektive vaksinar frå utlandet. Kan hende klarer dei å utvikle betre vaksinar. Det er viktig for Xi Jinping å stå fram som ein sterk leiar i handteringa av pandemien, og det gjer det vanskeleg for han å snu politikken, ettersom han då vil verke vaklande, seier Wellens.

Ei anna utfordring er Taiwan. Taiwan har blitt eit spent tema ikkje minst etter at Nancy Pelosi besøkte øya i august. Kina reagerte med høglydt retorikk og militærøvingar rundt Taiwan. Wellens meiner at Xi verkar meir fornuftig enn Putin, og trur at han vil prøve å tone ned spenningane med Taiwan og USA.

Ei stor utfordring for Xi er situasjonen i Xinjiang. Rapporten frå FNs høgkommissær for menneskerettar som kom ut 31. august, har støtta mange av påstandane andre organisasjonar og journalistar har kome med. I rapporten står det at omfanget av menneskerettsbrota kan utgjere brotsverk mot menneskeslekta.

– Med tanke på partikongressen trur eg ikkje rapporten vil spele noka stor rolle. Men framover kjem det til å vere eit kjempeproblem for Xi Jinping. Ein har sett nokre teikn på at det er usemje i partiet om politikken som blir ført i Xinjiang, men at motstanden er blitt slått ned, seier Wellens.

Historiske lærdommar

Eit viktig spørsmål for det kinesiske kommunistpartiet er korleis det kan unngå å lide same lagnad som det sovjetiske søsterpartiet. Sovjetunionens fall har derfor blitt nøye studert av kinesiske leiarar sidan 90-åra. Kinaforskaren David Shambaugh skriv i den siste boka si at kinesiske leiarar har hatt hovudsakleg to tolkingar av årsakene til fallet.

Den eine tolkinga seier at Gorbatsjovs reformer var ein utløysande faktor, men den verkelege årsaka var at partiet hadde forfalle og forvitra så mykje at det ikkje var i stand til å handtere reformene. Denne tolkinga vart støtta av Xis forgjengarar, Jiang Zemin og Hu Jintao.

Den andre tolkinga ser på Gorbatsjovs reformer som sjølve problemet, ikkje berre ein utløysande faktor. Denne tolkinga meiner reform er noko farleg som ikkje kan kontrollerast. Shambaugh skriv at Xi høyrer til dei som støttar denne tolkinga, og at det forklarer kvifor Xi legg så mykje vekt på at partiet må ha eit maktmonopol og total kontroll over dei væpna styrkane.

Sjølv om Xi vil bryte med praksisen sidan 1990-åra om han blir sitjande som Kinas leiar, er det ikkje akkurat noko revolusjonerande. Kommunistpartistatar er ikkje kjende for å skifte ut leiarane sine for ofte. Stalin var generalsekretær i Sovjetunionens kommunistparti i 30 år, Khrusjtsjov var førstesekretær i 11 år, Bresjnev styrte i om lag 18 år. Deng Xiaoping styrte direkte eller indirekte i meir enn 10 år, og Mao styrte folkerepublikken i nesten 30 år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kommunistpartistatar er ikkje kjende for å skifte ut leiarane sine for ofte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis