Sport
Meir om skeiser
Gullet til Sander Eitrem er det fyrste på 5000 meter sidan Johann Olav Koss tok OL-gull på same distanse i 1994. Sylvet til Ragne Wiklund på 3000 meter er den fyrste norske skeisemedaljen for kvinner på 46 år. Og tredje OL-medalje på skeiser for kvinner nokosinne.
Gullet gjekk til Lollobrigida. Ikkje skodespelaren Gina Lollobrigida, visst nok verdas vakraste kvinne på eit tidspunkt, som døydde 95 år gamal i 2023. Ho spelte i filmar med Humphrey Bogart, Anthony Quinn, Frank Sinatra, Yul Brunner og Sean Connery. Karrieren enda med ei birolle i såpeserien Falcon Crest på 1980-talet.
Nei, ikkje Gina, men grandtantebarnet, den 35 år gamle Francesca Lollobrigida, sylvvinnaren på 3000 meter under OL i Beijing i 2002. I år gjekk ho på ny olympisk rekord, 3.54,28, og vart olympisk meister som småbarnsmor, til liks med Marit Bjørgen i Pyeongchang i 2018. Lista over mødrer som vart OL-meistrar, er eksklusiv, og kort.
Ikkje nederlag
Tida til Ragne Wiklund vart 3.56,54. Ho leia med 0,65 sekund etter tredje runden, 0,02 etter fjerde. Men måtte opp i 32,02 og 32,68 på dei to siste rundane og tapte med det 2,26 sekund til Lollobrigida.
Sylv er ikkje nederlag. Ragne Wiklund, med foreldre frå Moss og Sarpsborg, kjem frå Nordberg i Oslo. Veks du opp nokre steinkast frå Nordmarka og idrettsanlegget ved Sognsvann, går fritida fort med til idrett. Mange foreldre på Nordberg er meir enn vanleg engasjerte i idrett, og dei er ikkje vanskelege å be når det vert invitert til dugnad.
Ragne gjekk på skeiser frå ho var tre år, trena på ski, spela fotball for Koll og Lyn fram til ho var 15, og vart stafettnoregsmeister i orientering for Nydalens SK i 2020.
No er ho medlem i Aktiv Skøyteklubb (ASK). Aktiv, det høyrest ut som eit treningssenter, men klubben vart i si tid skipa som Arbeidernes Cycleklubb i 1924, før dei skifta namn til Arbeidernes Skøiteklubb (ASK) i 1927. Klubben var ein del av Arbeidernes Idrettsforbund, som såg på den offisielle borgarlege idrettsrørsla som «et uttrykk for kapitalismens vesen: individualismen».
«Det at Sonia Henie vinner sitt 7. verdensmesterskap i kunstskøiteløp, at Charles Hoff setter verdensrekord i stavhopp, eller at von Porat knock-outet svensken Harry Person betyr ingenting for utviklingen av det menneskelige legeme», skreiv den leiande ideologen Rolf Hofmo i det sosialistiske idrettsforbundet i 1933. Etter krigen var klassekampen over, og Norges Idrettsforbund vart einerådande.
Per Willy Guttormsen, Geir Karlstad og Frode Rønning har vore medlemer i ASK. Dessutan Sigrid Sundby Dybendahl, i mange år Noregs beste kvinnelege skeiseløpar med åtte noregsmeisterskap på rad på 1960-talet, og bronse i VM i 1970.
Kupper’n
Den mest kjende medlemen dreiv med fotball, handball, friidrett, skihopping og symjing før han i 1947, mest tilfeldig, deltok i eit skulemeisterskap på skeiser for Kampen skole på Jordal idrettsplass. Åtte år seinare, i 1955, vann Knut «Kupper’n» Johannesen sitt fyrste noregsmeisterskap på skeiser – på Voss.
Fyrste dag, med 500 og 5000 meter, gjekk på Krohnsminde stadion i Bergen. Men regn og våt snø øydela, skeiserennet vart ein parodi. Hjallis fekk verst mogelege tilhøve og hamna på 13. plass på 5000-meteren og var alt ute av tetstriden. Tidleg sundag morgon sette så deltakarar og publikum seg på toget til Voss og idrettsbanen ved Voss landsgymnas. Vossingane strøymde til, og kronprins Olav var på ærestribunen.
Isen på Voss var betre enn i Bergen, men noko trå, som det stod i lokalavisa. Arbeids-is, vart han kalla av Halfdan Hegtun i NRK. No er ikkje Voss Inzell, og heller ikkje kjend for store skeiseløparar. Bygda har 99 OL- og VM-medaljar, men ingen i skeiseløp.
Stålvilje
Isen i messehallen i Milano er rask. Det gjev ein føremon til teknisk gode løparar. Wiklund er nettopp teknisk god, sjølv om ho ikkje har begge armane på ryggen i svingane som Sander Eitrem. Ho gjer ein slags mellomting. Ho bøyer olbogen i høgrearmen slik at overarmen ligg nær inntil kroppen sjølv om armen er fri.
Ho er god til å nytta breidda i svingane og halda farten oppe. Ved inngangen til svingen gjeld det å få til ein mjuk overgang ved å starta svingen ved ytterkanten av bana, få til ein jamn, stor boge og koma ut av svingen nærare innerkanten. Då går meir av krafta framover, og ein reduserer sidekrafta som vil dra ein utover.
Jo betre ein får dette til, jo lettare er det å halda rytmen. Skeisene glir meir naturleg, og faren for at dei glepp, vert minska sjølv om farten er høg. Særleg må teknikken sitja på sisterunden, når smertene er på sitt verste og ein går på rein stålvilje.
Ragne Wiklund har stålvilje, har trena to økter for dagen i årevis, seks dagar i veka. Oppe i alt dette studerer ho miljøfysikk og energi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås. Ho er ikkje revolusjonær som mange av leiarane av Arbeidernes Idrettsforbund på 1920-talet, men ho er samfunnsengasjert og vil ikkje ha sponsormidlar frå Equinor.
Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid, med særleg ansvar for skeisedekninga.
Dag og Tid gjekk i trykken før Ragne Wiklund gjekk 5000-meteren i går, torsdag.