Sport
5.58,52
Sander Eitrem er no på den eksklusive lista med norske verdsrekordhaldarar på 5000 meter.
Vi har vel alle fått det med oss. Sander Eitrem er fyrst under seks minutt på 5000 meter på skeiser. 5.58,52 er til og med lett å hugsa. Som «Kupper’n»s 15.46,6 frå Squaw Valley i 1960. Høgdepunktet i norsk skeisehistorie.
Eitrem er no på den eksklusive lista med norske verdsrekordhaldarar på 5000 meter. Der finn du heltar som Oscar Mathisen, Ivar Ballangrud, Hjalmar Andersen, Knut Johannesen, Fred Anton Maier, Kay Arne Stenshjemmet, Geir Karlstad – og den siste til no, Johan Olav Koss under OL i 1994, med 6.34,96. Tida kan ikkje samanliknast. Alle desse gjekk før klappskeisene kom.
Det var i det åttande og siste paret, laurdag ettermiddag 24. januar 2026, at Sander Eitrem gjekk det historiske løpet i Max Aicher Arena i den tyske vintersportsbyen Inzell. Den vakre, vesle byen ligg to timar med tog frå München, 691 meter over havet, heilt mot grensa til Austerrike.
Inzell er kjend for verdsrekordar, men det var før. No har den nye bana frå 2011, ein overbygd, men ikkje tett hall, klart å attskapa eigenskapane til den gamle utandørsbana med kald, tørr og frisk luft – og hard is.
Skreia på Toten
Sander Eitrem kjem frå Skreia på vakre Toten. Som Inger Lise Rypdal – og to eidsvollsmenn. Skreia har skeisebane og Skreia Skøyteklubb Toten. Frå denne klubben fylgjer Eitrem opp tidlegare meistrar frå bygda.
Eitrem har trena og trena i årevis. Siste etappe mot rekorden starta før jol.
Alf Gjestvang, Noregs beste sprintar på 1950- og 60-talet, gjekk for Skreia. Han fekk bronse på 500 meter i OL i Cortina i 1956, og sylv i Innsbruck i 1964. Også stortalentet Kai Stensli gjekk for Skreia, med sylvmedalje på 5000 meter i NM på Savalen i 1991. No er han leiar for klubben.
Sjølv har eg berre gått eitt skeiserenn. Åtte år gamal stilte eg i 1972 til start på 500-meteren på Bekkjevatnet i Førde i Sunnfjord. Eg var klar som eit egg, men enda sist i min klasse. Det heng enno i.
Vêret var fint og isen god, det var ikkje det. Men far min hadde ikkje slipt dei gamle skeisene, og eg datt i fyrste sving – to gonger. Det vart berre kaving resten av runden. Oppløpssida verka uendeleg før eg kom inn på 1.37,8. Det var seks sekund bak vinnaren i jenteklassen, som eg gjekk i skulen med. For å gni det heile inn kom resultatet i lokalavisa Firda.
Familiedugnad
Sander Eitrem har foreldre som følgde betre opp. 12–13 år gamal skifta han klubb til Nord-Odal IL, ein av Noregs største skeiseklubbar. Familien hans køyrde sonen fram og tilbake til skeisebanen på Prestberget. To og ein halv time tok det til saman. Sidan har dei halde fram med å hjelpa sonen. Det har vorte ein familiedugnad, for det er ikkje mykje pengar i skeisesporten. Det har det vel aldri vore.
Rekordløpet hadde to rundar på 27,9, ingen over 28,7. Eitrem gjekk 4,8 sekund raskare enn den uovervinnelege Sven Kramer og verdsrekorden hans frå Calgary i 2007. Og 1,71 sekund raskare enn den gjeldande verdsrekorden til franskmannen Timothy Loubineaud, på 6.00,23 frå november i fjor i Salt Lake City, 1423 meter over havet.
Fekk du ikkje sett det direkte? Då finn du det på YouTube, lagt ut av nederlandsk TV. Legg til engelsk teksting og få med deg den entusiastiske nederlandske kommenteringa som bonus: «Ein ny 27-runde frå Eitrem.» «No er han under skjema til verdsrekord!» «Skal vi få oppleva at han går under seks minutt for fyrste gong?» «Dette er sensasjonelt i eit olympisk år.» «Vi har reist oss, vil han klara det? Stå på, gut!» «Ny verdsrekord! Dette er vakkert. Tårene trillar i den norske leiren. Vi grin litt, vi òg.»
50 km i timen
Eitrem har trena og trena i årevis. Siste etappe mot rekorden starta før jol. Stadig fleire tok til å gå med begge hendene på ryggen også i svingane. NRK skreiv om det alt i august 2024. Begge armane på ryggen kunne verta det nye store.
Det hadde vi sett tidlegare òg, men no var teknikken og gjennomføringa ei heilt anna. Resultatet er meir kraft i kvart skeisetak, og meir aerodynamikk. Utfordringa er å få balansen og koordinasjonen til å sitja når ein går inn i svingane i over 50 km i timen.
Før jol la så Sander Eitrem òg armane på ryggen og tok til å trena endå fleire balanseøkter. Han meistra det med glans. I Inzell prøvde han det for fyrste gong i ein konkurranse. I rein begeistring løfta han armane som ein albatross ti meter før mål, som om han flaug dei siste meterane.