Restaurering
Varige eldstader av gråstein og leire
På slutten av 1600-talet vart dei første eldstadene med skorstein over taket mura opp av gråstein rundt om i landet. Men det skulle gå rundt hundre år før skikken greip om seg.
På Øygarden i Sør-Aurdal i Valdres har komfyren fått plass i grua.
Det enkle bålet hadde vore tenleg til matlaging og nok varme i huset sidan steinalderen. Men då stovehus med loft vart vanlege utover bygdene, måtte dei ha skorstein. Då kom dei første peisane, som lenge heitte åre i delar av Setesdalen, i andre delar omn. Seinare, då jarnverka kom i drift, fekk husa etter kvart støypejarnsomnar til oppvarming og matlaging.
Både peisane og skorsteinane bygde dei av stein som dei fann utan å fare langt. Men ikkje alle bergartar eignar seg; nokre har lett for å sprekke under sterk varme. Bergartar som inneheld mykje kvarts, er ikkje eigna. Glimmer, derimot, toler varmen godt. Steinane må ha gode liggjeflater, veggene i grua og skorsteinen er ikkje tjukke. Til bindemiddel mellom steinane og tetting av veggene både i sjølve eldstaden og skorsteinen brukte dei leire iblanda ei høveleg mengde grovare partiklar, silt eller fin sand, og vatn. Leira skulle vere våt nok til å vere føyeleg, god å arbeide med. Men ikkje så våt at ho var vanskeleg å kline ut til lag på loddrette vegger.
Jomfrua
Ein halvtimes tid i betongblandar kan vere høveleg elting i dag. Før dei fekk motorhjelp vart arbeidet gjort med ein reiskap dei kalla jomfru – ein firkanta kubbe på 5–6 tommar eller liknande, med eit skaft opp frå eine enden. Med jomfrua stampa dei blandinga av leire og sand til ho vart både seig og føyeleg. Vatnet skal inn mellom mange svært små partiklar for å gje god masse.
For dette finst det ikkje generelle oppskrifter. Utgangspunktet varierer etter kvar leira kjem frå. Havleire kan brått bli nesten rennande om ho får litt for mykje vatn. Berre praktisk røynsle gjev tenleg innsikt. Vellinga skal henge godt i hop og klistre seg til steinen. Han skal vere fuktig, men ikkje for våt.
Istid
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.