Restaurering

Fire gamle hus er yngde opp att på Hognestad

Under mottoet «gjenbruk og ombruk» har Øyvind Nordsletten og kona Åslaug Undheim bygt seg ein ny heim med fire hus på Hognestad i Time kommune på Jæren.

Det nye tunet på Hognestad, med gjenbruk og ombruk av material frå hus som var på veg mot jorda. Frå venstre litt av jærhuset som igjen er bustad, i midten skulehuset som no er gjestebustad, så stolpebua (stabburet) og til høgre uthuset, delvis av material frå den bygningen Øyvind Nordsletten var fødd i.
Publisert Sist oppdatert

Her vaks dei opp, og som pensjonistar ville dei heim att til den opne landstripa der røtene deira framleis hadde feste. Bygningane har dei flytta frå ulike stader i bygda. Huset dei bur i, skriv seg frå 1912 og stod på Undheim der Åslaug kjem frå.

Sandneskasse vert denne typen hus kalla, ein slags miniversjon av det tradisjonelle jærhuset. Huset har etter skikken utedøra på midten og eit lafta rom på kvar side av gangen innanfor. Mot den andre langsida låg kjøkkenet. Huset hadde ein skut i kvar ende. Dette var bordkledde og kalde rom, ikkje lafta, dei var mellom anna lager for brenntorv. Endeveggene var først av stein.

No er desse romma bygde inn i det oppvarma huset, med kjøkken i den eine enden og bad i den andre. Den lafta stovedelen var før 40 rutemeter, no har dei 60 kvadratmeter i første høgda, full kjellar under heile og to rom på loftet. Bruksflata var før vel 50 kvadratmeter, no er ho tredobla. Huset er praktisk og tenleg på alle vis, seier dei to. Dette fekk dei ut av ei rønne som hadde vore fråflytta i 20 år. Ho stod med store lekkasjar og rotna på rot.

Vrakgods

Det eldste huset i tunet er frå rundt 1850, ei stolpebu («stolpabu» i lokal uttale). Bua vart reist av vrakrestar som rak i land på jærstranda etter havarerte seglskuter. Men taket hadde lenge sleppt mykje vatn gjennom. Også denne bygningen var til nedfalls. Andre stader heiter slike hus gjerne bur eller stabbur; også stolpebuene vart bygde som matlager for kjøt, korn og anna som dei hadde. Bygningskroppen stod ofte på stolpar eller stabbar med ei steinhelle over, for å hindre at mus kom inn og gjorde skade. Framleis er bua lagerplass, no mest for ei stor mengde bøker som eigarane har samla gjennom åra.

På den nesten skoglause Jæren var treverk etter skipshavari ettertrakta. Sjøgardane hadde retten til vrakgods. For kvart bruk var det presisert kor lang strandline dei hadde, og dermed kvar dei hadde einerett til material som dreiv i land. Eldre løer står framleis i mange gardstun med stavar, betar, sperrer og andre delar frå skipsvrak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement