Restaurering

Dei dyrka jord og bygde minnesmerke

Steinholt, lokalt heiter det Steinane, er eit lite bruk på garden Hjellane litt sør for ferjestaden Eidsdal i Møre og Romsdal. Her sette Knut Aarset i gang med å dyrke jord i 1902. Han møtte mykje stein i den bratte lia.

No står grensemuren på Steinane rak og rein igjen, minnesmerket av grunnfjell er vølt.
Publisert Sist oppdatert

Knut Aarset hadde sagt frå seg odelen på heimegarden og flytta til ein husmannsplass. Han fekk skøyte på ein gard attmed, og ville ha endå meir jord. Då han var ferdig med dyrkinga, hadde han reist sju bakkemurar etter kvart som han arbeidde seg oppover i dalen, nokre av dei mannshøge og vel det.

Ovanfor murane fekk Knut plass til blokker og mindre steinar som han la jorda oppå. Bortimot halvparten av grasmarka mellom murane vart då flat, somme stader meir. Slik fekk han plassert dei grøvste blokkene utan å flytte dei stort anna enn nedover.

Av meir handterlege steinar la han opp ein snorrett gard i grensa mot grannen, heilt bein både på sidene og i høgda. Lengda er rundt 75 meter. Bakkemurane er i alt bortimot 200 meter lange. Dei ligg som trappetrinn i vekslande høgder, men ikkje samanhengande. Det måtte vere plass til å køyre med hest opp og ned mellom murane.

Knut førte dagbok over arbeidet. Det tok han rundt 900 dagar, kvar einaste dag i om lag tre år om vi held helgedagane utanfor. Resultatet er no ein del av kulturminneplanen for Fjord kommune. Dagens eigarar fekk stønad frå Kulturminnefondet, UNI-stiftinga og Møre og Romsdal fylkeskommune til å restaurere grensemuren.

Inngjerding

Ordet gard har eit norrønt opphav som tyder inngjerding. Mest brukt er det om ein eigedom med hus og dyrka jord av eit visst omfang. Det tyder også gjerde som i skigard (av skie = kløyvd vedstykke) og steingard.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement