Reportasje

Gamal soge og ny glans

Ny-Hel­le­sund i Agder var eit høgst levande samfunn fram til 1960-talet. Heldigvis tok huseigarane tak før det vart von­laust my­kje å vøle.

I Ny-Hellesund ligg husa der det var plass, ved sjøen og ofte med retning etter berga bak dei. Terrenget regulerte på ein tiltalande måte. Renneholmen har to midtgangshus, til høgre eit frå tidleg 1800-tal og til venstre eit frå 1850-åra.
Publisert Sist oppdatert

Den blø­man­de pe­ri­o­den for det ves­le sam­fun­net Ny-Hellesund, ei uthamn i Søgne, sør­vest for Kris­tian­sand, var i segl­sku­te­tida, frå sis­te halv­del av 1600-ta­let og fram mot 1890. I 1865 bud­de det 225 men­nes­ke i 50 hus­ly­dar her. Et­ter­på min­ka fol­ke­ta­let grad­vis.

Ut­ham­ner var det flei­re av langs Ag­der-kys­ten og Ro­ga­land. Det­te var naud­ham­ner som ski­pa kun­ne søkje til – om dei nåd­de fram – når vind og grov sjø gjor­de ha­vet utrygt. Ny-Hel­le­sund er den som har mest igjen av eldre byg­nin­gar og an­dre kul­tur­min­ne. Ho var i til­legg den stør­ste. No­kre av dei eldste husa – dei er frå 1700-ta­let – står fram­leis i god stand.

I 2016 vart det mes­te av tre sent­ra­le øyar – Monsøyna, Ka­pell­øya og Helg­øya – og hei­le Renneholmen fre­da av Riks­an­ti­kva­ren, 300 de­kar på land og 170 på sjø­en. 72 ei­ge­do­mar er lis­ta opp i ved­ta­ket. Vår stat­le­ge au­to­ri­tet på kul­tur­min­ne­vern gav den­ne ut­ham­na sta­tus som «na­sjo­nal ver­di». Ik­kje ber­re er hus og ka­ier og an­dre bygg­verk fre­da, men også slikt som bol­tar for båt­fes­te rundt om i knau­sa­ne. Ved­li­ke­hal­det av byg­nin­gar skal i ma­te­ri­al­bruk og hand­verk følg­je skik­ken som råd­de då husa kom opp.

Ber­ga styrte byg­gin­ga

Husa som fol­ket bud­de i, har éi høgd, no­kre to, med loft over. Langs sjø­en står dei ber­re litt over flod­må­let, med inn­gan­gen midt på lang­veg­gen mot kaia. Brygg­je måt­te alle ha, for einaste til­koms­ten var med båt. Men frå hu­set til sjø­en er fla­te­ne sma­le. Dei kun­ne ik­kje ta for my­kje plass når man­ge segl­sku­ter var ute et­ter ly for vin­den. Ut att i open sjø måt­te folk dra ski­pa med handemakt.

Husa står der det var plass nok. Der er ik­kje teikn til at dei har prøvt å spreng­je berg for å byg­gje stør­re enn det som sjøl­ve grunn­fjel­let gav plass til. Mu­rar av stein held husa så vidt oppe over mar­ka. Dei fles­te ligg fint til nede mel­lom kol­lar og knau­sar. Det ser så in­der­leg rett ut at ber­ga styrte byg­gin­ga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement