Reportasje

På gjengrodde gardar

DEL 6: I ein dal i Wisconsin slo ein flokk gudbrandsdølar seg til for om lag 150 år sidan. Det er ikkje mange att.

Mange gardsbruk i Coon Valley står meir eller mindre til nedfalls.
Publisert

Eg sit framføre ein av skjermane i det slektshistoriske senteret på museet Livsreise i byen Stoughton i Wisconsin, og tastar inn namn.

R-U-T-H C-H-E-S-T-E-R.

Enter.

Terminalane er knytte til amerikanske slektsdatabasar, og eg vil finne ut meir om Ruth Chester, og om tantene til far som reiste til Amerika rundt 1900, og spesielt om Marta, ho som aldri skreiv heim. Eg har sete framføre skjermen i ein halv time no, det går framover, men eg må snart gje meg.

Eg må plukke opp Vetle, og så skal vi køyre i hjulspora til Erik Bye.

Eksospengar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement