Reportasje
Ikkje heilt kolsvart
Snart legg kolstøvet seg over Longyearbyen på Svalbard for siste gong. Kor mørkt er eigentleg kapittelet som snart, truleg, er over?

Høyr Siri Helle lese:
Det høyrest enkelt ut: Oljelandet Noreg er ein klimaversting med desperat trong for å syne at vi tek ansvar for å redusere bruken av fossil energi. Kva kan då vere meir logisk enn å legge ned produksjonen av den mest ureinande energikjelda av alle, kolet, på Svalbard?
Rett nok har kolet vore livsnerven i dette samfunnet, men det tel jo berre nokre tusen menneske, og produksjonen har ikkje eingong vore direkte økonomisk lønsam på det nokon kan hugse.
Eg hugsar vagt då regjeringa, ved dåverande næringsminister Monica Mæland, la ned drifta av kolgruvene i Svea. Eg hugsar at industriromantikaren i meg tenkte det var trist, men at det nok var naudsynt likevel – eit steg i rett retning i den store klimakampen. Kol har ingen plass i eit fornybart samfunn. Så enkelt er det.
Var det så enkelt likevel?
Kolet er eldre enn Svalbard slik vi kjenner det, danna som det er for kring 60 millionar år sidan, då øyriket låg ein heilt annan stad. Kol er jo omdanna plantemateriale, og det kan synast ulogisk at slikt finst i store mengder på Svalbard, all den tid det er lite plantedekke på 78 grader nord. Men på den tida kolet vart danna, låg Svalbard på høgde med Nordland fylke, og klimaet var slik at øya var dekt av skog.

At øyriket har tatt turen nordover, har sine fordelar når ressursane skal vinnast ut. Den manglande vegetasjonen kombinert med brear og elver har ført til avkledde fjellsider der kollaga er synlege i dagen. Både fangstfolk og skip har brukt svalbardkol lenge før gruvedrifta byrja.
Det skjedde fyrst i 1905: Advent City vart den fyrste faste heilårsbusetnaden på Svalbard då amerikanske The Spitsbergen Coal and Trading Company opna ei gruve tvers over fjorden frå det som i dag er Longyearbyen. Ho vart kortvarig. Men allereie året etter vart Longyearbyen grunnlagd, og i 1916 vart han overtatt, med bygningar og gruveanlegg og kolførekomstar, av Store Norske Spitsbergen Kullkompani A/S.
Skal vi seie at resten er historie? På ein måte er det snart sant. Den siste norske kolgruva på norsk jord, Gruve 7, som ligg nokre kilometer aust for sjølve Longyearbyen, driv allereie på overtid. Kolutvinninga var vedteken nedlagd i september 2023. Men på grunn av endringane i energisituasjonen som krigen i Ukraina skapte, fekk ho halde fram eit par år til.
Men 30. juni i år skal det vere slutt. Ein dag i nær framtid vil den siste norske gruvebusen forlate området i gruva som er i aktiv drift, gå opp i dagen, henge den gule hjelmen på knaggen og ta av seg lumpen for aller siste gong. I løpet av dei neste par åra vil gruva verte rydda og stengd. Snart er Svalbard fritt for norskdrive kol for fyrste gong på 109 år.
Kan ein utanforståande forstå kor mykje kolet betyr for Svalbard?
Det har – så vidt vi veit – aldri vore noko urfolk på Svalbard. Kanskje var vikingane innom, og dei russiske pomorane har halde til her i lange periodar, men ingen har hevda rett på tradisjonell busetnad og levesett frå før statsdanninga.
Busetnaden – den stødige, vedvarande, samfunnsbaserte – byrja med gruvedrifta. Røter klarer ikkje vekse djupt i permafrosten på Svalbard, verken bokstavleg eller i overført tyding, sidan Svalbard per definisjon ikkje er eit livsløpssamfunn. Arbeidet i gruvene og kulturen som har vakse fram kring det, er det næraste ein kjem.
Og å sjå kolet verte lasta på fraktebåt er det næraste eg kjem den levande kolproduksjonen. Sjeldan har eg fått eit så klart nei frå ei verksemd som då eg prøvde å få kome på besøk i eller snakke med dei ansvarlege for Gruve 7 i Store Norske. «Selv om vi vurderer hver forespørsel individuelt, er vår hovedregel å takke nei til denne type prosjekter i gruva. Bakgrunnen for dette er at vi er i full produksjon i gruva og må prioritere vår kjerneoppgave: å sikre en effektiv og sikker drift med fullt fokus på produksjon og HMS», var svaret eg fekk frå prosjektkoordinator i Store Norske Katrin Haram.
Så då får vi ta for oss saka frå utsida. Store Norske-arbeidar, Ap-politikar og LO-aktivist Svein Jonny Albrigtsen tek seg tid til ein prat etter arbeidstid, og det er ikkje noka dårleg erstatning. Albrigtsen har ikkje berre 40 års fartstid i gruvebransjen, han er ein del av ein av dei få gruvefamiliane som har vore på Svalbard over generasjonar. Også far hans arbeidde i gruvene.
Etter fyrstegongsteneste på fastlandet vart det til at han tok ein telefon til Store Norske med spørsmål om sommarjobb. Det var berre å kome. Sidan har han blitt – og vore innom dei fleste arbeidsoppgåvene som er å finne i ei gruve: frå å ligge på ryggen og skufle kol unna for saga som løyser opp kollaget, ei tung oppgåve som ein må ha ung og sterk kropp for å verte van med, til der han no går i dagen som sikkerheitsinspektør.

Kor tungt og vanskeleg det er å jobbe i ei kolgruve, vert mellom anna bestemt av kor høgt kollaget – det som vert kalla fløtsen – er i fjellet. I Gruve 7, der Store Norske driv på i dag, er kolfløtsen godt over meteren høg, noko som gjer det mogleg å bruke maskiner og at arbeidarane i stor grad kan gå oppreiste.
I Gruve 3, derimot, var ikkje kolfløtsen meir enn kring 60 centimeter i snitt.
– Det vart sagt i Store Norske at om ein trong tre nye arbeidarar, måtte ein tilsette ti. Jobben har aldri vore for alle, seier Albrigtsen.
Det trur eg på. Sidan eg ikkje får kome inn i ei gruve i drift, melder eg meg på synfaring i ei nedlagd gruve: Store Norske har tilrettelagt Gruve 3, der Svein Jonny byrja karrieren sin, for turisme. Gruva var i drift frå 1969 til 1996 og står i stor grad som ho vart forlaten siste arbeidsdagen. Arbeidslistene heng på veggen i «oppholdet» – pauserommet. Knebeskyttarane ligg i ein haug ved strossa – produksjonsstaden der kolet vert tatt ut.
Det er kaldt og fuktig her nede, og «turiststrossa» vi får krype inn i, er søren meg ikkje høgare enn ho må vere for at det skal gå an å røre seg. Kolet luktar. Det luktar kaldt og ugjestmildt, nesten som blod. Kaldt blod.

At dette er stoff legender vert skapte av, er ikkje vanskeleg å sjå føre seg.
Men kol har jo òg ei mørkare side. Heile 41 prosent av CO2-utsleppa i verda i fjor kom frå kolsektoren. Då Longyearbyen i 2023, som eit ledd i prosessen vekk frå kol, gjekk over frå å produsere straum og oppvarming frå eit kolkraftverk til å produsere det same ved å forbrenne diesel, vart klimagassutsleppa frå busetnaden halverte, sjølv om ein inkluderer utsleppa som krevst for å transportere dieselen til Svalbard.
Likevel har klimaet sjeldan vore blant dei viktigaste argumenta for å avslutte gruvedrifta på Svalbard. Sjølv miljøorganisasjonen WWF skreiv i høyringsfråsegna si til Lunckefjellprosjektet i Svea: «Fortsatt kulldrift på Svalbard vil ikke bidra særlig til nasjonale klimagassutslipp.»
Vi er fleire som jobbar for å bevare Store Norske som eit mineralselskap.
Svein Jonny Albrigtsen, gruvearbeidar og Ap-politikar i Longyearbyen
Hovudårsaka er at mesteparten – minst 70 prosent – av kolet som vert vunne ut her, har ein slik kvalitet at det ikkje går til energi, men til metallindustrien. Brorparten av kolet frå Svalbard vert kjøpt av spesialkjemikalieselskapet Clariant, som brukar det til å lage støypeformer til metallindustrien: Dei kolhaldige støypeformene vert fylte med glødande metall. Då forbrenn kolet, og det vert danna ein gass som gjev ei særleg hardfør ståloverflate.
CO2-produksjonen frå denne forbrenninga er monaleg mindre enn om kolet vart brent for energiproduksjon. Men ein kjem ikkje unna at det vert utslepp av svalbardkolet – i Tyskland. Inntil vidare har ikkje stål- og aluminiumsindustrien noko alternativ til denne framstillingsmåten. Også norsk stålindustri nyttar kol – som dei importerer frå mellom anna Colombia.
Er det eit argument for å halde fram produksjonen? WWF meiner ikkje det: «Hvis det ikke er politisk vilje til å gjennomføre noe såpass enkelt og innlysende som avvikling av kulldrift på Svalbard, så gir det et sterkt signal om at det blir uhyre vanskelig for Norge å gjennomføre den lange rekken av andre og langt mer krevende omlegginger.»
WWF ser altså på gruvestenginga som «såpass enkelt». Og kanskje er det det – for alle andre enn dei som bur midt oppi det. Då By- og regionforskingsinstituttet (NIBR) greidde ut følgjene av å legge ned gruvedrifta på Svalbard, konkluderte dei med store negative konsekvensar for Longyearbyen som lokalsamfunn.
Truleg er det dette som får Svein Jonny Albrigtsen, Svalbard Arbeidarparti og ei rekke andre lokale krefter til å nekte å gje opp. Sjølv ser han føre seg å verte pensjonist – og flytte til hovudstaden – når Gruve 7 er ferdig tømd og rydda om nokre år. Men for Svalbard sin del klarer han ikkje sjå føre seg at gruvetida skal vere over.
– Vi er fleire som jobbar for å bevare Store Norske som eit mineralselskap. Vi veit at det er mykje godt kol att på Svalbard, men vi meiner dei må kunne leite etter andre mineral òg. Det er ein kompetanse i selskapet som er verd å ta vare på, seier han.
Ja, er det òg eit paradoks at samstundes som gruvedrifta vert stengd på Svalbard, der det er stor lokal vilje til å halde fram med gruvedrift, så vert det opna for stadig meir gruveutvinning på fastlandet, der den lokale motstanden er stor? Og at ein samstundes lurer på mineralleiting i havområda kring Svalbard?
Og kva med den norske suvereniteten til Svalbard, som er meir aktuell no enn på lenge? Kravet Noreg har til Svalbard, arealet og ressursane her er uomstridt. Ifølgje Svalbardtraktaten er det Noreg som sit med hendene på rattet – men vi har gjeve like gruverettar til alle land som har skrive under på traktaten, mellom dei både Russland og Kina.
Kva skjer om Store Norske gjev opp utmåla – rettane til å utvinne kol? Kjem andre statar inn?
Det finst ein plan. Lat oss ta ein liten sveip kring kva som skjedde i Svea, gruvesamfunnet seks mil søraust for Longyearbyen som vart avvikla i 2017. Då hadde det vore gruveverksemd her i 99 år, i fleire ulike gruver. I 2013 vart det – av Store Norske i samråd med eigaren, den norske staten – avgjort å investere i eit nytt gruveanlegg i Lunckefjellet, med inngang frå Svea Nord. Investeringane var på 1,3 milliardar kroner.
Produksjonen kom så vidt i gang i 2014. Så datt kolprisane. I 2016 vart produksjonen stoppa – mellombels. Store Norske gjorde klart til å starte opp att, før statsbudsjettet for 2018 med eitt slo ned og gjorde det klart at det ikkje kom til å skje: «Etter en samlet vurdering har regjeringen kommet fram til at avvikling og opprydding av kullvirksomheten i Svea og Lunckefjell nå er den riktige løsningen», sa dåverande næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Avgjerda om nedlegging var utelukkande økonomisk motivert, vart det sagt: Kolprisane var for låge til at det lønte seg å halde fram. Men akkurat kva det innebar, var umogleg å ettergå, for vurderinga som låg til grunn, vart aldri offentleggjord.
Derimot vart alle krefter sette inn på å rette fokus mot det store miljøløftet som skulle kome: Ikkje berre var kolproduksjonen over, men landskapet i Svea skulle tilbakeførast til opphavleg natur i det største naturrestaureringsprosjektet i Noreg nokon gong.
På den tida kolet vart danna, låg Svalbard på høgde med Nordland fylke.
At kostnaden ved dette var 1,6 milliardar kroner på toppen av den dryge milliarden som var investert i ei gruve som knapt vart opna, syntest mindre viktig. Den skuffelsen var nok mest synleg i nærområdet.
Kva hadde eigentleg skjedd her?
Statsvitar og svalbardforskar Tiril Vold Hansen har sett nærare på det. «Regjeringen grønnvasker norsk svalbardpolitikk», sa ho til High North News om funna i ei doktorgradsavhandling ho leverte i fjor. «Norske myndigheter bruker miljøpolitikk for å fremme sine geopolitiske interesser.»
Vart Svea-landskapet restaurert og gjeve høgaste grad av vern for å hindre at andre land og selskap kom inn og henta ut resten av kolet? Hansen er langt frå aleine om å tenkje slike tankar. Albrigtsen er i stor grad samd – og syner til at det ikkje er over med Svea.
– I den siste Svalbardmeldinga står det at Adventdalen bør vernast for å trygge fuglelivet. Men er det det det handlar om, eller er det eit verktøy for å unngå at nokon byrjar å lukte på dei store kolmengdene som framleis ligg i fjella kring dalen, spør gruveveteranen.
Kor langt kjem dette til å gå? Sosialantropologen Cecilie Vindal Ødegaard har etablert omgrepet «nasjonalt nærvær gjennom menneskelig fravær» om tilbakeføringa i Svea spesielt – og generelt om måten Noreg i stadig større grad manifesterer nærværet sitt på Svalbard på. Ho har ikkje vurdert dette juridisk og ser ikkje føre seg at det kan leie til eit Svalbard tomt for folk. Men at det er ei endring i korleis den norske staten ser på både Svalbard og svalbardianarar, er det ingen tvil om. Den viltre, sta og uregjerlege gruvebusen er historie. Inn kjem den lovlydige miljøeksperten.
I kva grad dette fungerer på Svalbard i praksis, står att å sjå. I same augneblink som eg skriv, snakkar folk både i Høgre og Senterpartiet om at kanskje gruvedrifta bør halde fram – ei stund til.
Kanskje vil mørket framleis ikkje heilt sleppe taket her oppe i nord.