Reportasje

Der ingen blir fødde og ingen skal døy

Ikkje alle kan bu på Svalbard. Men nokon er pukka nøydde til å bu her.
 

Sola snik seg over bre og fjell, og folk tar imot dei fyrste strålane som treffer Longyearbyen i år. Alle foto: Siri Helle
Publisert Sist oppdatert

Svalbard har vore norsk i 100 år. I denne serien ser Siri Helle på kva Noreg vil med Svalbard i framtida. Denne veka: fast busetnad

Når det går eit jamt sig med folk over den gjennomfrosne Longyearelva laurdag 8. mars og flagget er heist og lydanlegget sett opp ved kyrkja, er det ikkje fordi det er kvinnedagen. Det er fordi det er dagen då sola offisielt er attende i den nordlegaste byen i verda. Sjølv om Larsbreen – barrieren sola kanskje etter kvart vil stige over – har minka såpass at sola kanskje kan sjåast ein dag eller to før, er det denne dagen som er og vert soldagen.

Nokre tradisjonar må ein nemleg ha, sjølv i eit samfunn der ingen får fødast og ingen får døy, og som offisielt ikkje er eit livsløpssamfunn.

Kanskje må ein til og med særleg ha tradisjonar i eit slikt samfunn.

Vi samlar oss kring ei einsam lita trapp: Ho er alt som er att av det gamle sjukehuset, men står på tomta der sola treffer byen aller fyrst, og difor er det her ein samlast, for slik er tradisjonen – idet klokka nærmar seg då sola står høgast på himmelen, er det mange hundre menneske her.

Svalbardianarar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement