Kunst
Er den gåtefullein nederlandsk kunst ein nordmann?
LEIDEN: Det store mysteriet i nederlandsk kunst er enno uløyst. Ingen veit kven som gøymer seg bak initialane «I.S.». Kanskje kom «I.S.» frå Noreg?
Eit typisk målarstykke av «I.S.». Kvinna har ein nordisk utsjånad og samtidig ein fysisk skavank. Ho har ein svulst på det eine augnelokket.
Foto: Joep Jacobs. Design: Theun Mosk / Ruimtetijd B.V.
På toget til den mellomstore nederlandske byen Leiden ser eg skodde og fuktig vêr liggje tett over dei flate markene. Framme i den gamle universitetsbyen stig dei brungråe teglsteinsbygningane fram for dei tilreisande. Mykje av byen er uendra sidan 1500- og 1600-talet.
Eg er her for å sjå ei utstilling av ein meistermålar frå same periode. Ein kunstnar som truleg reiste til byen frå utlandet, og som såg dei same kanalane og kanalhusa som turistar i dag. Denne mannen er innhylla i historisk mørker, like vagt og mystisk som sjølve Leiden denne vinterdagen.
Det einaste vi har å gå etter, er målarstykka, der initialane til kunstnaren, «I.S.», står i hjørnet på bileta. Personane han portretterte, kan òg gje oss svar. Desse mennene og kvinnene er interessante, for dei peikar mot Skandinavia og landa kring Austersjøen.
Universitetsbyen
Det handlar med andre ord om ei gåte ikkje berre nederlandske kunsthistorikarar har prøvd å løyse, men òg kunstkjennarar frå lenger nord i Europa. Den fyrste utstillinga om kunstnaren har kome i stand. Ho hang våren 2025 i Serlachius-museet i den finske byen Mänttä. No heng utstillinga i museet De Lakenhal i Leiden. Den fyrste boka om kunstnaren, Master I.S., har òg kome ut.
Med ei samling av målarstykke på dette museet er på ein måte den ukjende kunstnaren heimkomen, for det var truleg her dei vart laga. Dei er nemleg typiske for kunst laga i byen i 1630- til 1650-åra. Leiden var den gong den nest største byen i den nederlandske republikken, som var statsforma til landet den gongen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.