UTVANDRING
Det er ikkje lett å bli klok på intervjuet med Torben Grøngaard Jeppesen om skandinaviske immigrantar til Midtvesten, slik det stod i Dag og Tid nr. 26. Intervjuet bygger på ei dansk avhandling som Jeppesen nyleg har skrive om skandinavisk immigranthistorie i USA. Dette verket har eg ikkje lese, men svara han gir om dette emnet i intervjuet med Dag og Tid er i beste fall upresise. Alt i overskrifta går det galt. Vi får vite at det handlar om «nordmenn i innvandringsgettoen» eller i «dei norske koloniane» som det står i teksten. Slik ordbruk gir feil assosiasjonar. Norske immigrantar busette seg ofte i «settlement» i Midtvesten, ofte nær kvarandre, og mest etter staden der dei kom frå, anten det var til dømes frå Telemark eller Valdres. Mange av desse kjende seg som teledølar og valdrisar heller enn nordmenn.
Den norsk-amerikanske kulturen seint på 1800-talet var i høg grad ein jordbrukskultur og held seg som det i mange år. Det er eit faktum. Men denne amerikanske jordbrukskulturen blir her framstilt som om den bygde på ein forelda og særnorsk nasjonalisme som hindra norske immigrantar og kome seg fram i det amerikanske samfunnet. Nordmenn i Midtvesten var «minst tilpassingsdyktige», «mest sidrumpa», og nådde ikkje så høgt opp som sine danske og svenske vener. Norske immigrantar skal i motsetnad til dei danske ikkje ha nådd så høgt opp, fordi dei ikkje gifta seg «på tvers av rase». Kva i all verda tyder det her?
Intervjuet er festa i antiklerikalisme. Jeppesen siterer eit skriv frå det amerikanske justisdepartementet i 1918 om at lutherske prestar i USA kunne vere illojale mot nasjonen. Det blir i samanhengen brukt negativt mot immigrantprestane. Men dette kan ein i ettertid vere stolte av, for amerikanske styresmakter var på dette tidspunktet kritiske til intern etnisitet og framande språk. At norsk-amerikanske lutherske prestar motsette seg denne politikken, kan i ettertid tolkast som eit gode. Norsk-amerikanske prestar gjorde elles, som vi veit, eit framifrå arbeid, mellom anna ved å starte høgskular som i dag er mellom dei fremste av sitt slag i Midtvesten. Men desse perstane kan ein «jamføre med imamane i vår tid», meiner Jeppesen. Kva meiner han med ei slik utsegn? Skal lesaren med dette helst rakke ned på begge to gruppene? Kva ligg til grunn for ei slik samanlikning?
Jeppesen meiner at samanlikna med danske og svenske innvandrarar meiner kjem nordmenn dårlegast ut. Norsk-amerikanarar er «minst vellukka». Korleis i all verden måler ein slikt? Nordmenn blir presentert som meir stadbundne. Dei blir i Midtvesten. Er det i så fall negativt? Den etniske strategien hjå mange norsk-amerikanarar, som Jeppesen nemner som eit utslag av sær norsk nasjonalisme, var ein klar amerikansk strategi. Jeppesen freistar latterleggjere norske emigrantar som skreiv om Midtvesten som det andre store landnåmet etter det første på Island mange hundreår tidlegare. Dei tok nok feil i dette, men som fenomen var det heilt i tråd med bruk av kjende amerikanske heimlandsmytar, frå til dømes engelske puritanarar og italienske innvandrarar. Det var ein måte å bli integrerte i det amerikanske samfunn på, ikkje, slik Jeppesen hevdar, ein freistnad på å stille seg utanfor. Eit godt råd til slutt: Kast eit blikk på den store norsk-amerikanske litteraturen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.