USAs interessesfærar
Natos generalsektretær Jens Stoltenberg og president Joe Biden på Nato-toppmøtet i Vilnius i år.
Foto: Andrew Caballero-Reynolds / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Politikk
I eit debattinnlegg sist veke i Dag og Tid hevdar Tore Nedrebø at eg har skrive «misvisande om amerikansk utanrikspolitikk», nærare bestemt i kommentaren «Washingtons mann i Brussel» (25. august). Her peikar eg mellom anna på dobbeltmoralen til Stoltenberg, som meiner vi aldri må akseptere at stormakter har interessesfærar. Mi innvending er at ikkje berre Russland, men i høgste grad også USA har slike.
For å argumentere mot at USA har interessesfærar, nyttar Nedrebø definisjonen av omgrepet i Store norske leksikon. Men las ikkje Nedrebø den korte SNL-artikkelen heilt ned? Tre setningar under det han støttar seg på, står det nemleg at «mange stater fortsatt oppfører seg på en måte som viser at de gjør krav på interessesfærer, og i tillegg til USA og Russland», og så bortetter. Sjølv det halmstrået av ei kjelde som Nedrebø freistar å nytta, er altså ueinig med han, og einig med meg. USA har sjølvsagt interessesfærar.
Nedrebø hevdar at USA, i motsetnad til Russland, «godtek andre lands rett til å velja sjølv». Det er ein bisarr påstand. USA har i to hundre år blanda seg inn i så mange demokratiske val over heile verda, at det er uråd å liste opp alle her. I boka Meddling in the Ballot Box (Oxford University Press, 2020) kjem Dov H. Levin fram til 81 tilfelle av amerikansk innblanding i andre lands val etter andre verdskrigen. USA har òg vore involvert i nærare 50 regimeendringar i same tidsrom. Om ein går endå lenger tilbake, blir sjølvsagt talet mykje høgare. Nedrebø meiner vel ikkje at alle desse landa sjølv valde å bli manipulerte eller invaderte av USA?
Nedrebø meiner òg det er gale av meg å «antyde» at USA manipulerte vala i Russland i 1996 og i Ukraina i 2014. Eg antyda det ikkje, men slo det fast, som ei kjensgjerning. I Russland freista Bill Clinton og administrasjonen hans å hjelpe Boris Jeltsin å vinne valet. Ein måte det skjedde på, var at Clinton-administrasjonen sikra ein desperat Jeltsin eit lån på mange milliardar frå pengefondet IMF. Innblandinga er dokumentert ei rekke gonger, til dømes i David Shimers bok Rigged: America, Russia, and One Hundred Years of Covert Electoral Interference (Knopf, 2020).
Når det gjeld innblanding i valet i Ukraina i 2014: Både Russland og USA dreiv med dette. USAs innblanding blei pinleg gjennom ein telefonsamtale mellom Geoffrey Pyatt, den amerikanske ambassadøren i Kyiv, og Victoria Nuland i det amerikanske utanriksdepartementet. Samtalen blei leken og sitert i alle verdas medium. Dei to diskuterte mellom anna kven som skulle sitte i den nye USA-støtta ukrainske regjeringa, dette mens den lovleg valde Yanukovitsj-regjeringa enno sat med makta.
Ein kan godt meine at det var rett av USA å blande seg inn i desse vala. Poenget mitt her er berre at det skjedde.
Så var det Libya. Nedrebø skriv at intervensjonen var godkjend av FNs tryggingsråd. Det er rett. Men FN-mandatet var avgrensa til å verne sivile mot overgrep, ikkje fjerne Gaddafi. Slik skildrar FN sjølv denne historia på eigne norske nettsider: «For å håndheve denne bestemmelsen ga FN et mandat (godkjennelse) for bruken av internasjonal militærmakt i Libya. Begrunnelsen for en slik militærintervensjon var å beskytte sivile. Mandatet sa ingenting om at intervensjonen kunne fjerne Gaddafi fra makten.»
Natos krig gjekk langt ut over FN-mandatet og braut med både FN-resolusjon 1970 og 1973. Derfor har leiande ekspertar på internasjonal lov kalla krigen, slik han blei, for eit brot på Folkeretten.
For å oppsummera: Nedrebø har ikkje påvist at noko i kommentaren «Washingtons mann i Brussel» er misvisande. Derimot ser det ut til at han sjølv, i likskap med Stoltenberg, har slukt og internalisert USAs versjon av historia.
Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.