JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

4257
20240412
4257
20240412

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

I artikkelen «Svik, gråsoner og tilpassing» i Dag og Tid 12. januar skriv Bernt Hagtvet om den siste boka til Tore Pryser at det er ein forskingsprestasjon av høgt merke. Eg har ikkje lese heile boka like grundig, men eitt av hovudkapitla har eg spesielle føresetnader for å uttale meg om.

Det handlar om Reidar Hedemann, som var sjef for kureravdelinga under Pressekontoret ved legasjonen i Stockholm. Han har aldri vore utpeika som nokon nasjonal svikar i vanleg meining av ordet, og nokon «gråsonemann» var han heller ikkje. Men eitt av underkapitla blir innleia slik:

«En av Hedemanns kurerer befant seg i gråsonen. Vedkommende var Oddleif Skåret (1914–1999) som også opererte på ei rute over Trysil–Särna. Han meldte seg inn i NS for å få ryggdekning for sitt motstandsvirke. På sensommeren 1942 frakta han ei pakke inneholdende hele 500.000 kroner som skulle leveres til Milorg-mannen Arild Lenth på Hamar. Imidlertid viste det seg at 3000 kroner manglet ved leveringen. I første omgang synes det som om pengene kom til rette. Men etter hvert ble det klart at pengene var forsvunnet. Det begynte å gå rykter om at Skåret hadde underslått pengene. Hvordan kunne han ellers ha råd til en rekke forbedringer på garden sin? Men det fantes ikke bevis mot Skåret. I et møte i oktober 1943 var konklusjonen at han fortsatt hadde Reidar Hedemanns tillit.»

Eg skreiv om denne pengetransporten i boka om far min, Over grensen – om kureren som gikk ut i kulden, og ble sveket av sine egne, frå 1995. Eg dokumenterte her at pakka med pengar gjekk gjennom hendene til seks personar frå overleveringa i Drevsjø-hytta til mottaket i Oslo utan å bli rekna. Historia hadde til da aldri vore omtala offentleg. Men i eit hemmeleg brev frå november 1943 til sjefen for Rettskontoret ved legasjonen nemner Reidar Hedemann saka som eitt av mange døme på landsforrædarsk verksemd og svik frå Oddleif Skåret si side. Det blir samstundes påstått at han skal ha sett inn 3000 kroner på kontoen til bror sin i ein svensk bank.

«Påstanden om at far hadde Hedemanns tillit på møtet på Tjärnvallen i oktober 1943, er teken ut av lause lufta.»

Alle påstandane vart grundig undersøkte av Rettskontoret hausten 1944, etter at far min kom til Sverige som flyktning. (Han hadde fått hjelp til å rømme frå tysk arrest med stort blodtap etter eit sjølvmordsforsøk.) Hedemann og MI-II prøvde å få han internert som farleg nazist, men han vart godkjent og fekk norsk pass.

Etter krigen vart det ny landssviketterforsking som følge av at far ville få påstandar og rykte fram i dagen og rettsleg belyst. Det lykkast aldri å få hovudvitnet, Hedemann, til å forklare seg i saka, og politimeisteren innstilte på bortlegging med grunngjevinga «intet straffbart forhold». Den vart endra til «etter bevisets stilling». Det kunne ikkje far godta, og han prøvde å få saka for retten med statleg rettshjelp. Det fekk han ikkje, og dei rykta som sjefen hans hadde sendt ut over heile nettet med støtte frå lokale skvaldrebøtter, fekk leve sitt liv vidare så lenge far min levde.

Det er denne «ikkje-saka» som Pryser no har gitt nytt liv, bygd på eiga forsking gjennom mange år og stort noteapparat til etterprøving – skal vi tru føreordet hans.

Det er rett at her finst notar, i alt åtte til berre dette underkapitlet. Men fem av dei inneheld berre supplerande opplysningar eller påstandar. Berre tre seier noko om kva kjelder forfattaren har aust av. Fleire av sine eigne kontroversielle påstandar lèt han berre stå utan å opplyse kvar han har dei frå. Mi bok og dei kjeldene eg har lagt til grunn, har ikkje hatt interesse.

Påstanden om at far hadde Hedemanns tillit på møtet på Tjärnvallen i oktober 1943, er teken ut av lause lufta. Dette møtet hadde far teke initiativ til for å få opp på bordet og få drøfta alvorlege problem med lekkasjar og svinn på postruta. Det har Hedemann av ein eller annan grunn ikkje sett på med blide auge. Derfor sette han sin eigen dagsorden, peikte ut far min som farleg i særmøte med utvalde møtedeltakarar og planla etter eiga utsegn å skremme han over til Sverige. Kva det førte til, er eit kapittel for seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis