JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Svik, gråsoner og tilpassing

Tore Pryser har i ein heil forfattarskap nyansert synet på okkupasjonen under andre verdskrigen. Det er ein forskingsprestasjon av høgt merke som bør få mange lesarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Historieprofessor Tore Pryser har skrive seks band om svik og gråsoner under krigen.

Foto via Wikimedia Commons

6340
20240112
6340
20240112

Sakprosa

Tore Pryser:

Samarbeid, tilpasning og motstand.

Mer svik og gråsoner

Svein Sandnes bokforlag, 2023

Alle nasjonar har sine mytar. President Charles de Gaulle spreidde til dømes illusjonen om at dei fleste franskmennene var med i La Résistance, motstandsrørsla frå 1940 til 1944. Det måtte to nordamerikanske historikarar til for å undergrava denne nasjonale illusjonen – George O. Paxton og Marcus Marrus. Bøkene deira om marskalk Pétains kollaborasjonistiske styre i Vichy, og især antisemittismen i regimet, reiv dei gaullistiske varme omslaga bort.

Det var fyrst president Jacques Chirac som i 1995 hadde mot til å erkjenne at Vichys katolsk-reaksjonære samarbeidsline og difor deportasjonen av jødane var del av den franske statstradisjonen – og at ansvaret låg nett der. Skulda òg.

Fleire enn 70.000 jødar vart deporterte til Tyskland av Vichy eller franske samarbeidsorgan. Svært få kom attende. Det er ein skamplett utan like.

Okkupasjonsmytar

Noreg har òg hatt sine okkupasjonsmytar. Historikaren Tore Pryser er ein hund etter slike tabuemne og set lyskastarane nådelaust på dei. På ei rekkje punkt kjem Pryser med ny innsikt og revisjon av konvensjonell visdom.

Ta tilhøvet mellom Arbeidarpartiet (Ap) og Nasjonal Samling (NS): I alt 21 ordførarar frå Ap gjekk over til NS, fire frå Hedmark, åtte var bønder, fleire var lærarar. Når det gjeld alder, fordelte dei seg ganske jamt frå 30 og oppover mot 60 år.

Her har Pryser rydda nytt land, for han demonstrerer at det var dei lengst til venstre, sosialistane, ikkje sosialdemokratane, som kjende dragninga til nazismen mest. Fleire stortingsmenn gjekk også den vegen, alle på ytste venstrekanten. Etter krigen fekk dei fleste landssvikdomar på mellom eitt og fire år. Tre fekk berre nokre månader.

Pryser skriv detaljert om liknande gråsoner blant pressefolk og i LO. Representativ for desse haldningane kan sagbruksarbeidar Angel K. Strøm vere. Han var formann i Namdal Arbeidarparti frå 1933 og to år framover. Under krigen sa han at NS på enkelte punkt «gikk langt lenger i sosialistisk retning» enn Ap.

At medlem i bokkomiteen til Pryser, nobelinstituttdirektør Jakob Sverdrup, freista å fjerna dette stoffet då Pryser skreiv bok om historia til arbeidarrørsla, er rett og slett pinleg å lesa i dag. Heldigvis lét ikkje Pryser seg truga og gav ut ei eiga bok om temaet.

Her kjem Pryser inn på eit ålment trekk ved nazismen: dei sosialistiske elementa. Desse kan vi sjå også i Tyskland. Der hadde NSDAP ei sterk venstrefløy kring brørne Otto og Gregor Strasser.

Tilpassinga

Essensen i studien til Pryser er omgrepet tilpassing. Her er han medvite kritisk til mykje overlevert stoff i krigslitteraturen. Gråsoner, svik, tilpassing – i desse uklare grenseflatene ligg argumentet hans. Folk likte ikkje Quisling, men dei tilpassa seg. Aktiv motstand var unntaket.

Noreg var det fremste landet der det heimlege nazistyret medvite brukte tyske bajonettar for å skipa «den nye tida». Den næraste samanlikninga til denne ideologiske offensiven er Vichy frå 1940 til 1944. Dette er utgangspunktet for all norsk okkupasjonshistorie.

Men kvifor ikkje då sjå utover? I det heile teke saknar eg systematiske samanlikningar med andre land i mykje av det som vert skrive om okkupasjonen i Noreg. Det er gjort eit prosjekt med Nederland. Det ville gle meg å sjå den systematiske samanlikninga med det landet. Med ein slik kunnskapsrik forskar som Tore Pryser ville eit blikk dit gjera den neste boka hans endå rikare.

Den einskilde

Prysers metode er livsløpsanalysar, kollektive biografiar for å identifisera mønster i sosiale grupper, historisk sosiologi, om du vil.

Som ung historikar i Ullensaker-prosjektet spissa han denne metoden til, og her er han brukt til å laga ei særs leseverdig bok som gjev oss mykje nytt. Dette liknar til dels ein historisk krimroman.

Pryser tek medvite avstand frå todelinga i dei «gode» og dei «dårlege» under okkupasjonen. Dette er forfriskande. Han er kritisk til førestillinga om at krigen førte til ein nasjonal fellesskap. Det var djupe spenningar mellom by og land, som vart sterkare på grunn av svartebørshandel frå bøndene si side. Og motstanden var sterkare i byane, der kjenneteiknet var «toppfolkenes partnerskap», for å sitera Edvard Bull d.y.

Mange fall utanfor fellesskapen, fyrst og fremst jødane, men også folk i Finnmark. Dette strekte seg ut over 1945. Pryser er samd med Francis Sejersted som meiner at Fellesprogrammet i 1945 skjuler djuptgåande divergensar i synet på korleis det norske samfunnet skulle sjå ut. Det var ikkje så mykje fellesskap, heller ikkje etter krigen.

Jahre i gråsona

Ettermælet til sandefjordreiaren Anders Jahre er som kjent ganske flekkete på grunn av striden om utanlandsformuen hans. Pryser syner ei anna og meir ukjend side ved verksemda hans under krigen.

Vi får ofte høyra om kor få norske skip som vende heim til Quisling-styret etter 9. april. Pryser syner at Jahre braut reiarfronten ved å forhandla med tyskarane om sal av eit nybygt tankskip (M/T «Jasmin»). Han gjekk også med på å avstå til tyskarane eit tankskip som låg i Casablanca (M/T «Jaspis»). Det skulle tyskarane få overta og mannskapet reisa heim. Dette sette NS-sjøfartsministeren K. Stub Irgens seg imot.

Mikronivå

Historie på slikt mikronivå inneber at Pryser legg vekt på å fortelja kva som hende med einskildmenneska etter krigen. Også her gjev han oss interessant lesing. Pryser viser døme på folk som slapp for lett, og folk som fekk for tunge straffer. Plassen i rettskøen var avgjerande for om du fekk dødsdom eller ikkje. Han minner oss også om at gestapofolk som så vidt slapp unna fengsel eller eksekusjonspelotongen her heime, lett fekk jobb som politi i Vest-Tyskland.

Det ligg eit enormt arbeid bak desse profilane. Pryser er ein gravar i norsk historieforsking. Han har gjeve oss mykje nytt stoff og kunnskap. I serien hans om svik og gråsoner under krigen er det no kome ut heile seks band. Forlaget hans, Svein Sandnes, må også komplimenterast for å gje ut bøker av dette slaget, no som større forlag kvir seg for slikt.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis