Kunstig intelligens

Kan KI verte berekraftig?

Dataindustriens straumbruk og klimagassutslepp går opp som følgje av den auka bruken av kunstig intelligens. Vil KI ende opp som klimaversting eller klimahelt?

Publisert Sist oppdatert

Det vekte internasjonal oppsikt då OpenAI-sjef Sam Altman i midten av april skreiv på det sosiale mediet X, tidlegare Twitter, at selskapet tapar «titals millionar dollar» på at folk seier «takk» og «ver så snill» når dei nyttar ChatGPT. Bruken av samtaleroboten har vorte så omfattande, og teknologien er så kraftkrevjande, at sjølv små frasar gjev utslag på straumrekninga.

Den 10. juni la den same Altman fram tal på kor mykje straum som går med når ein stiller ChatGPT eit spørsmål. I snitt, skreiv han i eit blogginnlegg, bruker roboten 0,34 wattimar på eit spørsmål. Han samanlikna det med energien ein omn bruker i løpet av eit drygt sekund, eller ei energieffektiv lyspære i eit par minutt. I tillegg går det grovt rekna med ein femtandedel av ei teskei vatn.

Altman og OpenAI kunne ha opplyst brukarane om kor mykje kraft og vatn selskapet treng for utvikle, drifte og fornye ei teneste som ChatGPT. Sidan selskapet ikkje gjer det, verserer det for tida ei rekkje analysar av kva som ligg inne i Altmans reknestykke, og kva som er utelate. Viser 0,34 wattimar til straumbruken ved eit enkelt spørsmål eller ein heil dialog? Kor mange spørsmål skal vi rekne med at kvar brukar stiller per dag, for å kunne rekne på totalsummen? Og så bortetter.

Under spørsmåla og analysane ligg fleire stadig meir presserande spørsmål: Kor mykje kraft vil KI komme til å krevje i tida framover? Kan det aukande forbruket av KI-tenester nokon gong verte berekraftig? Og kan vi på nokon måte kontrollere vårt eige digitale fotavtrykk?

Sterk vekst

Eit fugleperspektiv viser utviklinga betre enn Altmans blogging og X-meldingar. Om ein kunne sjå kloden ovanfrå, ville ein sjå knutepunkt der massive datasenter poppar opp i stadig raskare tempo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement