Til svaret frå Halvor Tjønn

Ungdomar demonstrerte mot hendingane i Ungarn i 1956.
Ungdomar demonstrerte mot hendingane i Ungarn i 1956.Ungdomar demonstrerte mot hendingane i Ungarn i 1956.
Publisert

31. mars stilde eg Halvor Tjønn spørsmålet om Stalin hadde som mål å erobra Vest-Europa etter sigeren over Hitler-Tyskland. «Me veit ikkje», svarar han. Når han laut svara på eit slikt spørsmål, måtte han svara soleis. For ja-svar ligg til grunn for Vestens politikk etter andre verdskrigen, og det me har skulla tru heile tida. Men kva vil historikarane skriva om nokre tiår? Kva fortel kjeldene?

Sovjet hadde mist 27 millionar av folketalet sitt i ein brutal krig, og landet var øydelagt av krigshandlingane – medan USA var uskadd og åleine om atombomba – og hadde bruka henne. Attåt dette hadde USA ein enorm kapasitet for krigsproduksjon.

Heilt sidan Sovjetstaten vart etablert i 1922, hadde ein kjent seg i forsvarsposisjon. Revolusjonen hadde sigra trass i at det ikkje vart nokon verdsrevolusjon, som ein trudde var føresetnaden (14 nasjonar intervenerte). I 1934 lanserte Stalin doktrinen «Sosialisme i eitt land», og knapt 20 år etter 1922, 22. juni 1941, kom åtaket frå Hitler-Tyskland.

Den russiske revolusjonen gav Europa ein fiende: «Det kommunistiske spøkjelset» som vart varsla i 1848, hadde no kome på arenaen – «eit trugsmål mot den europesike sivilisasjon»! Mange kom då til å sjå Hitler-Tyskland som ‘eit bolverk’ mot kommuniststaten, og ein gav etter for Hitlers krav i München. Men Hitler hadde sine planar, og krig vart uunngåeleg. 1. september 1939 braut han ut. England vart hardt bomba, og i mai 1940 kom Hitler med fredstilbod. «Utanriksminister Lord Halifax var nok mer realistisk enn Churchill da han påpekte at det ville være idiotisk å ikke akseptere betingelser fra tyskerne, som garanterte britisk uavhengighet.» Sitat er av oberstløytnant Palle Ydstebø i Vårt Land 25. juli 2022. Hitler og Stalin hadde då ikkje-åtaks-pakt, men Churchill såg Hitler som største trugsmålet, og han fekk rett.

Her i landet var det etter München krefter som ville gjeva utanriksminister Chamberlain fredsprisen, og dei som fordømde dette, fekk sterk kritikk av Aftenposten.

So kom altso det store paradokset til å skje – at Sovjet knekte den tyske krigsmaskina: «Her i vest har folk ennå ikke fattet hva slags krig dette var», sa den britiske Hitler/Stalin-biografen Alan Bullock til Lars Roar Langslet i 1993: «Vi tror det var vi som utkjempet krigen mot Hitler, men det var en meget liten krig sammenlignet med den store oppgaven i øst, der tapene og ødeleggelsene var enorme.» Han nemner dei britiske tapa av menneskeliv: 388.000 og USAs 285.000, inkludert krigen i Stillehavet. Og Bullock legg til: «Oppgjøret ble grusomt på grunn av Hitlers store utopi: Han ville omskape Øst-Europa til et evig slaveimperium under tysk kontroll. Men Stalin lå ham ikke etter i evnen til grusomhet.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement