JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Stalin og Vest-Europa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1585
20230414
1585
20230414

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

I Dag og Tid 31. mars spør Hallvard Hegna meg om det var målet til Stalin å erobra Vest-Europa etter den andre verdskrigen.

Spørsmålet er interessant. Det korte svaret er at me ikkje veit. Dei sovjetiske troppane stod sommaren 1945 midt i Tyskland. Dei kontrollerte Polen, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Romania og Bulgaria. Finland var innanfor den sovjetiske sona. Sett bort frå at Stalin ikkje hadde kontroll over Alaska, var imperiet hans like stort som under tsarane midt på 1800-talet.

På denne måten hadde Stalin sikra det som dei siste 500 åra har vore målet til alle herskarar i Moskva og St. Petersburg: Utanfor det russiske kjernelandet, som ligg mellom Uralfjella og ei line som går frå Finskebukta til Azovhavet, kontrollerte diktatoren ei lang rekkje med land og nasjonar. Fordi målsetjinga var å sikra det russiske kjernelandet, blei nær sagt alle grannelanda (med unnatak av Noreg, som i 1945 var i den britiske sona, og som i 1949 kom seg inn i Nato) haldne som liveigne slavar. Dette systemet levde heilt fram til Mikhail Gorbatsjov kom til makta. Han fortalde dei austeuropeiske vasallane at dei ikkje kunne ropa på sovjetiske tanks den dagen dei fekk problem med eige folk.

Så er det klart at det eksisterte sovjetiske planar om ein militær invasjon av Vest-Europa heilt fram til samanbrotet kring 1990. Alle militære stabar lagar planar for krig i framtida. Det einaste me veit, er at Stalin, Khrusjtsjov og Brezjnev aldri henta fram desse planane, heldigvis.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis