Radikale historier, 5
Oljå – over alle breiddegrader
Funn av olje på norsk sokkel i 1969 sende milliardar av kroner inn i norsk økonomi. Kva var eit radikalt svar på bruken av dei pengane?
DRAMMEN I DESEMBER 1973. Jom kippur-krigen hausten 1973 utløyste oljeboikott og særs høge oljeprisar. I nesten tre månader var det forbode å køyre privatbil laurdagar og søndagar i Noreg.
Foto: Reidar Halden, Drammens Tidende og Buskerud Blad
Vesle julaftan i 1969, like før kontordagen er slutt, ringjer Phillips Petroleum til Olav K. Christiansen i Industridepartementets oljekontor: Ollie, I think we’ve got an oilfield here. Like etter får industriminister Sverre Walter Rostoft den største julegåva av alle: «Statsråd. Det synes som om vi har gjort et oljefunn på norsk sokkel.»
Ute i Nordsjøen og inne i Stavanger har nokon visst det sidan søndag 7. september. Frå 21. august har Phillips bora siste brønnen i det fastsette boreprogrammet, og denne søndagsnatta er det gjort. Offisielt blir Ekofisk funne 25. oktober 1969 etter 32 brønnar og 750 millionar kroner. Tre dagar seinare skriv Aftenposten i ein einspaltar på framsida at «funn av olje og gass meldt». Då statsminister Trygve Bratteli opnar feltet for produksjon 9. juni 1971, ser han stort på det: «Denne dagen kan bli en merkedag i vår økonomiske historie.»
Oljestraum, pengeflaum
På ti år gjer norske styresmakter to skilsetjande vedtak som endrar norsk økonomi og påverkar verdssamfunnet.
Den 31. mai 1963 fastset regjeringa Gerhardsen at det skal vere norsk suverenitet over kontinentalsokkelen. Staten vil styre petroleumsverksemda på same måten som det offentlege har forvalta dei enorme verdiane i vasskraft like sidan 1909.
Onsdag 14. juni 1972 vedtek Stortinget samrøystes å skipe det heilstatlege selskapet Statoil. Med det vil dei folkevalde sikre norsk deltaking og styring av oljeverksemda på den norske kontinentalsokkelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.