Kommentar

Strafferett i skuggeland

Rui-utvalet som har granska handsaminga av Baneheiasaka og justismordet på Viggo Kristiansen har funne ut at det same kan skje igjen. No vil dei ha omfattande opplæring og endring.

Publisert Sist oppdatert

Det er 26. oktober 2000. Politiet har no god fart i drapsetterforskinga i Kristiansand. Kriminalsjefen har jamlege pressebrifingar om utviklinga i etterforskinga. Sørlandsbyen kjenner seg omringa av journalistar frå hovudstaden. Denne fredagen legg kriminalsjefen fram eit skikkeleg gjennombrot.

Etterforskingsleiar Arne Pedersen blir attgjeven slik i nyhendesendinga på NRK:

– Vi har i dag fått bekreftet at vi har biologisk materiale som knytter 21 åringen til åstedet og drapshandlingen. (…) prøvene knytter med 100 prosent sannsynlighet 21 åringen til åstedet.

Førehandsdømd

Viggo Kristiansen vart førehandsdømd av politiet, og DNA-materialet var verdilaust. Det slår Baneheia-utvalet fast. Dei uriktige opplysningane vart aldri korrigerte av politiet. Journalistane kunne då som no berre referere det politiet sa, ikkje undersøkje sjølv. Dei hadde ikkje innsyn.

Det er snart ein mannsalder sidan drapa i Baneheia. Har politiet vorte noko betre på etterforsking og bevishandtering sidan tusenårsskiftet? Eg sit att med ei forsterka uro etter lesinga av denne rapporten om tilstanden i den norske rettsstaten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement