JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Svar til Ola Blokkum om IPCC og vindmøller

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4135
20230602
4135
20230602

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Klima

I Dag og Tid den 26. mai kritiserer Ola Blokkum kronikken min om IPCC og norsk klimadebatt frå 12. mai. I kronikken viser eg til den siste rapporten frå IPCC, der det går fram at på kort sikt er det vindkraft og solenergi som raskast og billegast kan få ned klimautsleppa.

Eg problematiserer det paradoksale i at samtidig som IPCC seier dette, går norske klima- og miljøaktivistar inn for å rive 151 vindmøller på Fosen. Det er svært vanskeleg å forstå Ola Blokkums kritikk. Han kritiserer heller ikkje det eg skriv, men tillegg meg påstandar og tankar som eg aldri har gitt uttrykk for og som det ikkje finst dekning for i kronikken.

Med støtte i IPCC skal eg ha hevda at «vindkraft skal redde klimaet». Det har verken IPCC eller eg påstått. Diagrammet som eg syner til i kronikken, viser til ei lang rad verkemiddel for å få ned utsleppa. Vindkraft, saman med solkraft, merkar seg ut ved å vere dei verkemidla som er mest kostnadseffektive på kort sikt. Dette kan ein sjølvsagt vere usamd i. Eg har berre «lytta til vitskapen». Eg skal dessutan «tydeligvis (vere) overbevist om at ved å installere tilstrekkeleg med vindturbiner vil vi unngå en klimakrise og i tillegg dekke det framtidige energibehovet». Kvar i alle dagar har Blokkum dette frå? Noko slikt har eg aldri skrive og aldri meint.

Dersom han les litt lenger ut i kronikken, vil han tvert om sjå at eg skriv at det knyter seg store problem til både vindkraft og kraft frå solceller. Det eg kritiserer, er det unisone kravet om å rive 151 vindturbinar som alt står der og produserer fornybar energi kvar dag. Dermed slepp eg kanskje å gjere greie for kor «flink eg er på konsekvensanalyse», etter som det skrekkscenarioet Blokkum målar som resultat av det han trur at eg meiner ikkje har noko å gjere med min argumentasjon i kronikken.

Så blir eg påstått å vere «freidig nok til å dømme klimarørsla nord og ned». Ja vel? Det eg gjer i kronikken, er å kritisere det uomtvistelege faktum at «store delar av den norske miljø- og klimarørsla, og med det svenske klimaikonet Greta Thunberg i spissen, aksjonerer for å rive meir enn 150 vindmøller på Fosen». Det eg siterer her, er også det einaste eg skriv om Greta Thunberg i kronikken. Dette får Blokkum til å hevde at eg påstår at ho «har villedet folk med store negative konsekvenser». Eg må spørje kva det er han siktar til, og kvar eg skal ha påstått dette.

Blokkum avsluttar sin harang mot meg med å åtvare mot synsing. Det er ei oppmoding som eg fullt ut kan slutte meg til, og som eg utan atterhald kan returnere. Det han ikkje kjem inn på i kritikken sin av alt det eg verken har skrive eller meint, er det eg faktisk skriv i kronikken. Kor fornuftig er det av miljø- og klimarørsla å gå inn for å rive ned 151 vindmøller som faktisk står der? Hadde det ikkje vore meir fornuftig å støtte opp under ein prosess for å komme fram til ei minneleg ordning med reinnæringa?

Blokkums påstand om at eg går inn for å «teppebelegge» landet med vindmøller, blir enda meir uforståeleg i lys av det eg faktisk skriv. For det første peikar eg på at vindkraft er eit problematisk alternativ. For det andre skriv eg at kjernekraft «ville løyse mange av dei arealproblema som vind- og solkraft møter på». Sett i lys av kva eg her faktisk skriv, blir det framimot ironisk når Blokkum held fram med å forklare alle fordelane med kjernekraft. Dette er synspunkt som eg stort sett deler. I boka mi, Klimatrusselen. Krise for demokratiet? er store delar av eit kapittel vigt nettopp ei problematisering av vindkraft og argument for at kjernekraft er eit langt betre alternativ. Her vil Blokkum kunne finne igjen og utdjupa mange av dei argumenta som han reknar opp i kritikken av min kronikk.

I dagens verkelege verd finst det likevel ikkje berre ideelle politiske løysingar. Dersom vi tar klimaproblemet på alvor, vil det nok også måtte byggast vindkraft. Det eg kritiserer, er dei delane av miljø- og klimarørsla som er mot alt utan alternativ.

Jon Naustdalslid er forfattar og skribent og tidlegare instituttsjef ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis