Arbeidskraft

Forventningar ingen kan innfri

Politiske partiprogram lovar å styrkje og betre velferdstenestene i alle livsfasar. Men folka som trengst, er umoglege å få tak i, seier Kjell Erik Ullmann Øie.

I den nyaste perspektivmeldinga frå regjeringa vert kampen om arbeidskraft utpeika som ei stor utfordring.
Publisert Sist oppdatert

For ein månads tid sidan gjorde Tromsø kommune noko uvanleg. Kommunen sende ut brev til familiane til 72 barn om at dei ikkje kom til å få barnehageplassen dei etter loven har krav på frå august av. Grunnen er at det ikkje finst barnehagetilsette nok til å gje barna eit forsvarleg og trygt pedagogisk barnehagetilbod.

Tromsø kommune måtte anten bryte loven som gjev rett til barnehageplass, eller bryte den såkalla bemanningsnorma, som seier at det skal vere minst éin tilsett per tre barn når barna er under tre år, og éin tilsett per seks barn for barna som er over tre år.

Men sjølv om det er uvanleg å nekte så mange barn barnehageplass, er det ifølgje Utdanningsforbundet ikkje uvanleg at barnehagar har for få tilsette. I førre veke varsla forbundet krise i heile sektoren – med for låg grunnbemanning, for høgt sjukefråvær og for låg rekruttering. Foreldregrupper har også protestert og fortalt om barn som slår seg utan at nokon ser det, bleier ingen rekk å skifte, barn med spesielle behov som ikkje vert følgde opp, og foreldre som må hente tidleg fordi det manglar folk. 

AP lovar fleire

Det er ikkje berre i barnehagesektoren slike utfordringar er vanlege. Avviksmeldingar i eldreomsorga fortel om eldre som vert sitjande i urin i timevis, som vert gløymde att på do, eller som ikkje får frukost før det har gått fleire timar, fordi bemanninga på sjukeheimane er for låg, slik Dag og Tid har skrive om tidlegare. Og ved sjukehus i Oslo vert det no meldt om ei mogleg jordmorkrise dei komande månadene.

Alle desse sektorane kan altså trenge fleire folk. Spørsmålet er om folka finst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement