Essay

Ferdaminne frå rumensk fiksjon

Presidentvalet hadde i seg to nøkkeltema frå rumensk modernistisk litteratur: forholdet mellom røynd og ikkje-røynd og mellom senter og periferi.

Fire modernistiske klassikarar frå Romania, mot vår i gamle grendi.
Publisert Sist oppdatert

Ved inngangen til dette året kunne eg ingenting om Romania. No kan eg ingenting pluss litt, etter ei rundreise for å dekke presidentvalet. Bøkene eg kjøpte i Bucuresti, les eg no ut i Hovdebygda, i huset som står att etter besteforeldra mine, ned ein bakke og over ei mark frå Ivar Aasen-tunet.

Her sit eg og kjenner på at skjønnlitteratur er god å ha, om ein treng påminning om kor lite ein forstår, og vil bli rykt ut av illusjonane av oversikt som avislesing gir, utan å bli så forført av eigen tvil at ein mistar interessa for sjølve sakskomplekset.

Nokre rumenske hipsterar i ein bokhandel anbefalte akkurat desse fire bøkene. Dei sa dette var innføringa eg trong om eg ville forstå forholdet mellom det som no hende i rumensk politikk og kulturarven deira – som dei insisterte på først og fremst var kjenneteikna av å strekke seg mot det felleseuropeiske.

Basert på dette overflatiske lynkurset i rumensk modernisme snikra eg saman ein teori om at rumensk litteratur særleg krinsar kring to omgrepspar: Tilhøvet mellom det som er verkeleg, og det som ikkje er det, og tilhøvet mellom det lokale og det kontinentale, eller mellom bygd og by. Og felles for det heile, ein svært modernistisk modernisme – gjennomhola av spørsmålet om kva litteraturen kan og bør vere etter krigar og konsentrasjonsleirar – kombinert med ein motvilje mot nettopp å bli sett i bås som spesielt «rumensk».

Det var tilfredsstillande å sjå symmetrien i korleis desse same to omgrepspara hadde spelt ei så sentral rolle i det rumenske presidentvalet – eit internasjonalt teater av tydeleg løgn mot tåkete sanning, og senter mot periferi.

Romanane frå Romania var det mest erkeeuropeiske eg hadde lese på lenge. Dei sette for meg det notidige Europa i relieff, og gav avbrekk frå kortpusta nyhende. Og dei sa noko sannare enn sant om kva tyranniske tider gjer med korleis ein orienterer seg i tid og rom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement