Polen

Innvandringsparadokset i Polen

WARSZAWA/BIALOWIEZA: Polske styresmakter nyttar store ressursar på å halde belarusiske migrantar ute. Samstundes er Polen eit av EU-landa som gir ut flest arbeidsvisum til innvandrarar frå utanfor Schengen.

Grenseområdet mellom Belarus og Polen er på verdsarvlista til Unesco. No er det delt av eit grensegjerde som skal hindre migrantar i å kome over frå Belarus.
Publisert Sist oppdatert

Heilt i ytterkanten av EU, ved den 400 kilometer lange grensa mellom Polen og Belarus, ligg Bialowieza-skogen. Dette er den siste gjenlevande urskogen på det europeiske flatlandet.

Stadig ligg han der, myrlendt og uframkomeleg, tilsynelatande uvitande om at han utgjer skiljet mellom EU i vest og den russiskdominerte verda ved Belarus i aust. Framleis beitar nokre av dei siste attlevande europeiske bisonane her. Derfor var dette området blant dei første som kom med på Unescos verdsarvliste, same året som Bryggen i Bergen kom med.

Kunstig flyktningkrise

Eg går i den tette skogen, på smale stiar som slynger seg innover mot grensa mot Belarus. I fire år har det gått føre seg ein tragedie her. Sommaren 2021 byrja migrantar, særleg frå Irak, Syria og Afghanistan, å ta seg over grensa til Polen. Like før hadde EU skjerpa sanksjonar mot det autokratiske regimet i Minsk, som gjekk stadig meir brutalt fram mot opposisjonelle.

7. juli truga den belarusiske presidenten, Aljaksandr Lukasjenka, med å «overfløyme EU med migrantar og narkotika». I røynda tydde det å lage ei kunstig flyktningkrise der menneske blei nytta som våpen i ein hybridkrig med EU. Like etter byrja regimet å sende migrantar mot grensa til Polen og Baltikum. Migrantane kom luftvegen til Minsk, og internasjonale medium, som Deutsche Welle og BBC, rapporterte om at belarusiske reisebyrå organiserte visum til Belarus, slik at migrantane enkelt kunne reise inn.

Deretter gjekk ting fort. Folk kom i tusental over grensa frå Belarus. Alt i juli same året erklærte Litauen unntakstilstand ved si grense til Belarus. 20. august erklærte den polske innanriksministeren at asylsøkarar som blei funne på polsk territorium i nærleiken av grensa, skulle tvingast tilbake att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement