Teikning
Min pris
Alt gjekk etter køyreplanen, og Fritt Ords Pris 2025 kom i mål.
Teikning: May Linn Clement
Når folk spør korleis det er å vinna Fritt Ords Pris, prøver eg å henta fram det eg måtte kjenna då Grete Brochmann, styreleiar i stiftinga, ringde ein varm ettermiddag seint i april, medan eg stod på kne i molda, klar for å setja poteter. Ho fortalde at eg var ein av tre satireteiknarar som i år skulle dela denne gjæve prisen.
Det er rart kor kort steget er frå audmjukskap og hatten i handa til heva hovud med hatt. For berre nokre minutt etter telefonsamtala hadde eg gått frå «ved sida av Morten Mørland og Marvin Halleraker, kvifor i alle dagar har dei plukka ut meg?» til «ja, ja, kvifor ikkje meg?».
Eg lurer på om denne indre dynamikken seier noko om kvifor det er dei rikaste som gjev minst til tiggarar på gata. Mykje ville atter ein gong ha meir.
Tre veker gjekk frå nyhendet om prisen vart kjent, til utdelinga skulle finna stad, på Scene 2 i Den Norske Opera & Ballett. I løpet av denne tida skulle gjestar inviterast, kjole skaffast og tale skrivast.
I boka Mine priser skildrar Thomas Bernhard omstenda rundt ni av dei litterære prisane han fekk i skrivekarrieren sin. To timar før han skulle få Grillparzer-prisen, kjøper han seg ein dyr dress, som i løpet av kvelden viser seg å vera hakket for stram. Dagen etter leverer han dressen inn att og får ein ny dress i riktig storleik. «Den som kjøper dressen jeg akkurat hadde gitt tilbake, vet ikke at den har vært med meg på utdelingen av Vitenskapsakademiets Grillparzer-pris, tenkte jeg.»
Kjolen som eg sjølv går i, som er av merket Reformation og kostar nokre tusen kroner, vert send som gåve frå systera mi i Los Angeles. Ho fører opp på pakkesetelen at kjolen er brukt og har ein verdi på 200 kroner. Han sit som eit skot frå hofta!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.