JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Svar til HL-senteret

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
HL-senteret – Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter.

7013
20230203
7013
20230203

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Spørjegransking

Siste veke hadde Vibeke Moe eit innlegg mot min kommentar «Sterke påstandar, svak undersøking» i Dag og Tid. Moe er ein av ti forskarar i prosjektgruppa bak undersøkinga til HL-senteret, og ho svarar på vegner av forskargruppa.

Allereie i første avsnitt skriv ho at eg «videreformidler generaliserende forestillinger med gjenklang i velkjent antisemittisk repertoar». Dette bygger Moe på eit par halmstrå. Eg skreiv at tittelen på Mersheimer og Walts bok er «The Jewish Lobby». Rett tittel er sjølvsagt The Israel Lobby. Eg beklagar glippen. Samstundes er det ingen tvil om kva eg meiner. For i setninga rett etter skriv eg at lobbyen «ikkje er eksklusivt jødisk, men òg består av kristen-sionistiske organisasjonar». (Eg kunne lagt til militærindustrielle interesser.)

Andre stadar er kanskje misforståingane ekte. Som når ho spør om korleis 18 prosent kan seie seg heilt eller delvis einige i ein påstand, om dei er så leiande. Men at alle skjøner kva som er meint å vere «rett» svar, gjer sjølvsagt ikkje at alle vel dette svaret. Så lydige er ikkje folk.

Ho skriv også at eg slit med å forstå «hva som konstituerer en fordom». Det er på bakgrunn av min diskusjon av påstanden: «Jøder tror de er bedre enn andre». Moe skriv: «Argumentet om at han selv har møtt jøder som oppfyller stereotypiene, og derfor er de sanne, holder selvsagt ikke.» Eg er heilt einig. I min kommentar understreka eg dette poenget: «Men sjølvsagt er det ikkje slik at jødar, som i alle jødar, tenker og snakkar som religiøse, væpna fanatikarar.»

Det eg problematiserte, var generaliseringane i alle desse påstandane/spørsmåla. Sjølvsagt trur ikkje alle jødar dei er betre enn andre. Også her misforstår Moe og kjem med insinuasjonar om antisemittisme.

I min kommentar problematiserer eg kor utbreidd denne typen mistenkeleggjering og falske påstandar om antisemittisme er, så eg burde sikkert ikkje bli overraska. Men ein statleg finansiert institusjon som HL-senteret bør etter mitt syn vere varsam med å nytte lause påstandar om antisemittisme for å skjerme seg mot saklege innvendingar.

Eg er ikkje ein metodeekspert og har aldri prøvd å gi inntrykk av det. Men eg har vore i kontakt med slike. Sjølv om ikkje alle var samstemte, stadfesta nokre av dei at det som for meg såg problematisk ut, også er det. (Sjå intervjuet med SSB-forskar Frode Berglund på side 10 i denne avisa.)

For det første er fleire av påstandane slik at rett svar kan registrerast som ein fordom. For det andre er spørsmåla svært leiande, slik at alle skjøner kva HL-senteret meiner er rett svar. For det tredje består påstandane av generaliseringar som er nesten umoglege å svare på. Dessutan er responsrata låg.

I rapporten kjem det jo fram at også HL-senteret er klar over at undersøkinga har fleire av desse problema: «Som det fremkommer i tabellene, er det en forholdsvis stor andel både i befolkningsutvalget og blant muslimene som har unnlatt å ta stilling eller krysset av for ‘Umulig å svare’. Svarmønsteret kan indikere at respondentene synes spørsmålet er vanskelig å forstå eller ta stilling til. Kanskje er det også en måte å formidle at den typen generaliseringer som påstandene legger opp til, ikke er meningsfulle. En annen tolkning av hvorfor respondenter velger denne svarkategorien er at de ikke ønsker å gi uttrykk for synspunkter som bryter med sosiale normer.» (HL-rapporten s. 47).

Men at HL-senteret sjølv veit om fleire av veikskapane i undersøkinga, gjer ikkje at dei blir borte.

Eg burde ho gjort det klarare at ikkje alle påstandar/spørsmål som eg diskuterte, er såkalla «indeksspørsmål». Slike er av mykje større betydning for undersøkinga enn dei som ikkje er det. Samstundes er to av påstandane eg diskuterer, slike indeksspørsmål (to av seks). Spørsmåla som ikkje er indeksspørsmål, er dessutan ikkje tilfeldige. Dei har verdi og er ein del av det samla materialet.

Moe meiner at eg opererer med «et høyst uklart skille mellom Israel/israelere og jøder, enten det er i beskrivelsen av en amerikansk lobby eller Trumps svigersønn». Skiljet er viktig å oppretthalde, det er eg sjølvsagt einig i, men i praksis er det ikkje alltid like enkelt. Ein grunn til det er at israelske politikarar ofte blandar saman Israel og jødar. I mange talar, ikkje minst om dei er retta mot eit internasjonalt publikum, har til dømes Benjamin Netanyahu gjort dette.

La meg sitere ein ingress frå den israelske avisa Haaretz frå 2. desember 2015: «Netanyahu Speaks for All Jews Whether They Like It or Not» [overskrift]. «He’s been doing it for years and very few have spoken out.» [ingress].

Etter 2015 har Netayahu halde fram med det same. Han tek verdas jødar til inntekt for sin stadig meir høgrevridd politikk. Er dette å skilje mellom Israel og jødar? HL-senteret har ein streng regel om at det å blande Israel og jødar viser antijødiske fordomar. Meiner dei at Netanyahu har antijødiske fordomar?

I HL-undersøkinga er ein av påstandane: «På grunn av Holocaust har jøder i dag rett til en egen stat der de kan få beskyttelse når de blir forfulgt.» Påstanden må vise til Israel, og ikkje nokon annan hypotetisk stat. Men gir folkemordet til nazistane mot jødane dei ein eksklusiv rett til det som var Palestina? Om ein tek inn koloniseringsspørsmålet, dei stadig utvida grensene, blir det mildt sagt problematisk.

Israel har skapt det som mange anerkjende og respekterte organisasjonar (Al-Haq, Amnesty, FN-ekspertar, Human Rights Watch, B’Tselem og International Human Rights Clinic at Harvard Law School) definerer som apartheid. Amnestys rapport frå i fjor er åleine på 278 sider og har 1559 fotnotar. Leiarskapet for dei leiande «jødisk-amerikanske» (slik omtalar dei seg sjølv) laga i samband med denne rapporten ein felles resolusjon. Her fordømde Anti-Defamation League (ADL), American Israel Public Affairs Committee (AIPAC), American Jewish Committee (AJC), B’nai B’rith International og the Jewish Federations of North America) rapporten i dei sterkaste ordelag.

Utan å gå inn på innhaldet, som dokumenterer tunge og systematiske overgrep, hevda dei at han er unyansert og gav næring til antisemittisme. Slik kan skuldingar om antisemittisme nyttast til å skjerme Israel for kritikk.

Kor står HL-senteret i denne saka? Det er ikkje eit irrelevant, hypotetisk spørsmål. Eit av oppdraga til HL-senteret, gitt av Stortinget, er mellom anna å informere om «massive brudd på menneskerettighetene», ifølge HL-senterets eigne nettsider. Det er ein stor institusjon, den einaste i sitt slag i Noreg. Likevel er det, så langt eg kan sjå, ganske utenkeleg at HL-senteret skulle informere, eller forske, på dei massive overgrepa som palestinarane er offer for – kvar dag, i fleire generasjonar og i strid med Folkeretten.

Slik merksemd ville vore negativt for Israels image og skapt furore i ulike delar av Israel-lobbyen. HL-senteret har derfor ikkje berre metodologiske problem, men også eit moralsk, etter mitt syn.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvinner i Det republikanske partiet i USA koser seg kring kortbordet.

Foto: Nina Leen

Frå bridgeverdaKunnskap

Nevrosexisme

«Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dame­klasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking?»

Erlend Skjetne

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Ein kan finne kveis i levra til sei og torsk.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

KunnskapFeature

Parasittar i fiskekjøtet er ikkje berre ulekkert, det kan òg vere helsefarleg

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis