Svar til HL-senteret
HL-senteret – Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter.
Siste veke hadde Vibeke Moe eit innlegg mot min kommentar «Sterke påstandar, svak undersøking» i Dag og Tid. Moe er ein av ti forskarar i prosjektgruppa bak undersøkinga til HL-senteret, og ho svarar på vegner av forskargruppa.
Allereie i første avsnitt skriv ho at eg «videreformidler generaliserende forestillinger med gjenklang i velkjent antisemittisk repertoar». Dette bygger Moe på eit par halmstrå. Eg skreiv at tittelen på Mersheimer og Walts bok er «The Jewish Lobby». Rett tittel er sjølvsagt The Israel Lobby. Eg beklagar glippen. Samstundes er det ingen tvil om kva eg meiner. For i setninga rett etter skriv eg at lobbyen «ikkje er eksklusivt jødisk, men òg består av kristen-sionistiske organisasjonar». (Eg kunne lagt til militærindustrielle interesser.)
Andre stadar er kanskje misforståingane ekte. Som når ho spør om korleis 18 prosent kan seie seg heilt eller delvis einige i ein påstand, om dei er så leiande. Men at alle skjøner kva som er meint å vere «rett» svar, gjer sjølvsagt ikkje at alle vel dette svaret. Så lydige er ikkje folk.
Ho skriv også at eg slit med å forstå «hva som konstituerer en fordom». Det er på bakgrunn av min diskusjon av påstanden: «Jøder tror de er bedre enn andre». Moe skriv: «Argumentet om at han selv har møtt jøder som oppfyller stereotypiene, og derfor er de sanne, holder selvsagt ikke.» Eg er heilt einig. I min kommentar understreka eg dette poenget: «Men sjølvsagt er det ikkje slik at jødar, som i alle jødar, tenker og snakkar som religiøse, væpna fanatikarar.»
Det eg problematiserte, var generaliseringane i alle desse påstandane/spørsmåla. Sjølvsagt trur ikkje alle jødar dei er betre enn andre. Også her misforstår Moe og kjem med insinuasjonar om antisemittisme.
I min kommentar problematiserer eg kor utbreidd denne typen mistenkeleggjering og falske påstandar om antisemittisme er, så eg burde sikkert ikkje bli overraska. Men ein statleg finansiert institusjon som HL-senteret bør etter mitt syn vere varsam med å nytte lause påstandar om antisemittisme for å skjerme seg mot saklege innvendingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.