JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3021
20170825
3021
20170825

ISLAM

Eg kommenterte artikkelen «Verdiar som raudt kort» fordi Sørbø der lanserte ein grunnverdi, «å vere solidarisk med alle menneske i naud», som utan avgrensing er umogleg å praktisere. Han presiserer no at dette ikkje inneber fri innvandring, og at han sjølv ikkje trur vi kan ta imot altfor mange flyktningar. Det er greitt.

Men så skriv han at «innvandringsmotstandarane ikkje utan vidare kan ta på seg rolla som vernar av norske og kristne verdiar, og så å seia ta Meisteren til inntekt for sitt syn når dei vil stengja grensene». Det første må då einkvar stå fritt til å gjere, og det siste kan eg ikkje sjå har skjedd. Det er tvert om innvandringsliberale kristne som har brukt Jesu ord om nestekjærleik som argument i denne debatten. Det gjorde også Sørbø ved å setje likskapsteikn mellom asylsøkjarar og «mine minste små» i avsnittet «Set Lazarus på porten». Ønsket om å ta vare på vårt eige samfunn bør ein ikkje karikere og harselere med, for det er fornuftig same kva ein måtte tru på, og i tillegg heilt i samsvar med kristne verdiar.

Gitt kåra til kristne i den muslimske delen av verda, burde skepsis til islam vere lett å forstå. Sørbø finn derimot slik frykt komisk, fordi han trur muslimske innvandrarar liknar på norske pietistar. Sørbø kallar mi motsegn, at dei «toppar all kriminalstatistikk og fyller fengsla», ei «demonisering» og «ein type generalisering som nærmar seg hets». Men eg bygde på statistiske data i SSB-rapport 21/2011, «Kriminalitet og straff blant innvandrere og øvrig befolkning», som viser akkurat dette. Sjølv når tala, inndelte etter fødeland, er korrigerte for gruppeskilnader i alder, kjønn, bustad og sysselsetjing, kjem dei muslimske på topp med sju av dei åtte første plassane på statistikken over valdsbrotsverk i 2001–2004, med om lag tre gonger så høg prosentdel som «øvrig befolkning». Frp bad i fjor om nyare tal, men direktør Meyer sa nei.

Som argument i ein innvandringsdebatt bør offentleg statistikk trumfe personlege oppfatningar. Generalisering er det uansett ikkje, for sjølv om ein tek med alle typar lovbrot i desse fem åra, inkluderer det færre enn 20 prosent av innvandrarane frå muslimske land. Majoriteten er sjølvsagt lovlydig.

Allmenn frykt for islam i vestlege land har likevel mest med terrorfare å gjere. Der er det snakk om ei langt mindre gruppe av potensielle valdsmenn, men likevel etter kvart så mange at politiet ikkje lenger har full oversikt. Dessutan kan få personar gjere stor skade. Sørbø skil her skarpt mellom islam og islamisme. Det kan stemme for sjølve ideologien, men i praksis handlar det om tenkjemåtar hos menneske som er saman med kvarandre, og då vil grensene bli meir uklare og skiftande.

Innvandring generelt er eit altfor vidt tema til å drøfte her. Om politikken er streng eller sjenerøs, kjem både an på auga som ser, synsvinkelen og tidshorisonten. Sjølv med sterk nedgang i innvandringa, tilseier framskrivingane til SSB eit innvandrarfleirtal om femti år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis