Historie

Sluttreplikk

Høgsteretten utnemner Administrasjonsrådet, som fekk ansvaret for sivil forvaltning i Noreg, like etter Tysklands invasjon 9. mai 1940. Leiaren var Ingolf Elster Christensen. Lengst til venstre står direktør for Statistisk sentralbyrå Gunnar Jahn.
Publisert Sist oppdatert

Eg har i grunnen sagt nok om boka Landssvik og profitt, men finn det naudsynt å kommentere enkelte moment i tilsvara frå Ingeborg Solbrekken og Christopher S. Harper i Dag og Tid nr. 20 og 22 .

At eg skal ha framført noko folkerettsleg argument om kva tyskarane kunne krevje å få finansiert eller ikkje, er til dømes ikkje riktig.

Eg har berre konstatert kva tyskarane faktisk gjorde, som var å krevje å få kostnader til mellom anna forsyningar til troppane og etter kvart ein heil del anna dekte av det okkuperte Noreg, om det så var folkerettsstridig eller ei.

Då Wehrmacht gjekk til åtak 9. april 1940, var rett nok planen å la styrkane «leve av landet» berre i nødsfall, men transportutfordringar gjorde det snart naudsynt. Innleiingsvis «betalte» dei for seg med Reichskreditkassenscheine, som dei på eiga hand innførte som betalingsmiddel i Noreg, samstundes som dei eigenhendig fastsette vekslingskursen trass i at setlane var av tvilsam verdi.

Tenestemenn som Nicolai Rygg og Gunnar Jahn freista difor å få setlane ut av sirkulasjon. Løysinga dei valde, var altså å løyse dei inn, slik at tyskarane i staden trekte norske kroner av ein konto i Noregs Bank. Det kan ein sjølvsagt kritisere. At det inneber bistand til fienden, slik Harper og Solbrekken hevdar, meiner eg det ikkje er dekning for å seie.

Poenget er at Rygg og Jahn stod overfor eit vanskeleg dilemma, der dei måtte finne ei løysing under tids- og anna slags press, der krigshandlingane gjorde det umogleg å kontakte høgare myndigheit. At Solbrekken og Harper vel å sjå bort frå slike omstende og kategorisk meiner dei «skulle ha sagt ‘NEI’ og fratrådt sine stillinger», er sjølvsagt vel og bra, men kor interessant er eigentleg ei slik tilnærming til historia? Poenget må vel vere å undersøkje kva som faktisk skjedde, og kvifor aktørane handla som dei gjorde, for så å sjå kva ein kan lære av det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement