Midtausten

Sluttinnlegg om seksdagarskrigen i 1967

10 juni 1967. Seksdagerskrigen i Midtøsten. Bildet viser israelske marinefartøyer som har drevet ut egyptere fra Sharm el Sheikh. Arkivfoto SCANPIX Sverige------------
Israelske marinefartøy driv ut egyptarane frå Sharm el Sheikh under seksdagarskrigen i 1967.
Publisert

Henrik Wigestrand kunne ikkje godta setninga «angrepskrigen som førte til Israels okkupasjon av Vestbreidda, Gaza, Aust-Jerusalem, Golanhøgdene i Syria – og Sinai frå Egypt» i mitt innlegg i Dag og Tid 20. juni. Men formuleringa står like støtt også etter hans andre innlegg i Dag og Tid 11. juli.

Folkeretten skil ikkje mellom såkalla «forkjøpskrigar» og andre angrepskrigar. Som Wigestrand om seksdagarskrigen brukar også Netanyahu uttrykket «eksistensiell forsvarskrig» for å grunngi dei vedvarande massemyrderia i Gaza og det blodige angrepet på Iran for litt sidan. Og okkupasjonen i kjølvatnet av krigen i 1967, som varer på 58. året, er sjølvsagt i strid med folkeretten.

Eg skreiv: «At det var mogleg for Israel å slå ut flyvåpna på bakken, tyder ikkje på ein akutt trugsel mot Israel.» For Wigestrand er dette ein håplaust bakvend logikk – og han grunngir dette med rot i kommunikasjonen mellom Jordan og Egypt.

Viss poenget i innlegget «Forsvar for forskning» berre er å slå eit slag for faktakunnskap, er det interessant at Wigestrand sitt sanningsvitne er ei bok av Michael B. Oren, utnemnd som ambassadør for Israel i USA av Netanyahu i 2009, tidlegare viseminister ved statsministerens kontor og kjend propagandist for Israel.

Den Israel-kritiske forfattaren og journalisten Odd Karstein Tveit skriv i 2023 i boka Palestina. Israels ran, vårt svik: «Men ingen seriøs studie støtter lenger myten om at Israel var tvunget til krig mot Egypt for å unngå å bli angrepet. I 1960-årene var bøkene om junikrigens seks dager ofte skrevet av henrykte israelere og vestlige forfattere fulle av beundring. For Israels ukritiske venner var krigen en positiv historie i en tid da amerikanerne sank dypere i Vietnam. De mente Israel hadde skapt et mirakel ut av truslene fra araberne, som var støttet av kommunistene i Moskva.»

I gjennomgangen av bakgrunnen for krigen bygger Tveit blant fleire andre på den israelske historikaren Tom Segev.
 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement