Antisemittisme
Balansert debatt om antisemittisme?
HL-senteret held til på Bygdøy i Oslo.
Foto: Trond Heggelund
Holocaustsenteret har blitt klandra for å presentere antisemittismen på ein måte som skjermar Israel for alvorleg kritikk, sist av Morten Strøksnes i Dag og Tid nr. 23 .
I slutten av februar 2025 starta HL-senteret ein møteserie om antisemittisme i Oslo. Hovudinnleiaren på det første møtet var den tyske historikaren Uffa Jensen, som 1. mars blei intervjua i Klassekampen.
Eg var til stades på møtet i Universitetets aula i Oslo der tre paneldeltakarar diskuterte Uffa Jensens innleiing. Jensen var nok meir Israel-kritisk i intervjuet i Klassekampen enn i aulaen. Av paneldebatten fekk eg med meg det ansvaret vi som kritiserer Israel, har for å nøre opp under antisemittisme, sjølv om det ikkje er tilsikta. Derimot oppfatta eg ikkje at dei ulike Israel-vennene som set likskapsteikn mellom kritikk av Israel og antisemittisme, blei stilte til ansvar.
For dei som er lite skolerte og berre reagerer på myrderia, blir lærdommen av denne typen agitasjon gjerne at «ja vel, da er vi vel antisemittar, da». Slik sett er Israel sjølv, og ikkje minst dei som forsvarer Israel, kanskje dei som sterkast bidrar til å frambringe nye antisemittar.
For det andre kunne det lett bli forstått som at ein bør tenke gjennom styrken i Israel-kritikken sin, særlig dersom kritikken tar frå Israel legitimiteten som stat. Eg vil hevde at det er tvert om. Ideen om ein jødisk stat der det alt budde folk, og som berre kunne bli realisert som ein kolonial settlarstat gjennom fordriving av fleirtalet av palestinarar i det som blei staten Israel, er etter mitt syn opphavet til og kjernen i konflikten. Denne kritikken av sionismen som eit historisk feilsteg er det motsette av å stemple jødar som spesielt vonde eller blodtørstige.
Eit minne frå 60-talet kastar kanskje lys over dette: På eit folkemøte mot Vietnamkrigen blei mange forbausa da ein representant for styresmaktene i Vietnam erklærte at dei sjølvsagt ikkje var mot det amerikanske folket – dei var mot USA-imperialismen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.