Sjukdom hos statsleiarar i eit kontrafaktisk perspektiv
President Franklin D. Roosevelts vart attvald for ein fjerde periode i 1944.
Foto: Henry Burroughs / AP / NTB
Med stor interesse las eg Bernt Hagtvets artikkel om Stalins død i Dag og Tid 10. mars. Med hjartesjukdomar som fagområde og interesse for historie er eg oppteken av sjukdoms innverknad på realpolitikk.
Når eg ser det ikoniske biletet frå Jaltakonferansen, er det sjukdomen desse tre har til felles, som slår meg. Dei er alle storrøykarar, dei har høgt blodtrykk og utbreidd arteriosklerose (åreforkalking), og dei døyr alle av slag. Nokså parallelle sjukehistorier finn vi òg hos Lenin og president Woodrow Wilson.
Churchill levde ikkje eit sunt liv, og som Stalin hadde han høgt blodtrykk og fleire større og mindre slag også etter at han vart attvald i 1952. Men han var likevel over 90 år gammal då han fekk eit siste slag og sovna roleg inn i heimen sin i 1965.
Mest interessant er kanskje Franklin D. Roosevelts sjukehistorie og død. I 1944 vart han attvald for ein fjerde periode, men han var ikkje så frisk som lækjarane hevda. Admiral og lækjar McIntire uttalte: «His present health is excellent». På Jalta verka han svekt, og Churchills lækjar gav han maksimalt eit par månadar igjen å leva. Han fekk rett, to månadar seinare, om morgonen 12. april, fekk Roosevelt brått sterke smerter i bakhovudet. Han vart medvitslaus og døydde etter eit par timar.
«Som lyn frå klar himmel» skreiv avisene, ikkje noko kunne vera lenger frå sanninga. Roosevelt hadde i 1935 eit normalt blodtrykk, seinare steig det gradvis til ekstreme verdiar, under Jaltakonferansen 260/150. Det var òg teikn på komplikasjonar frå hjarta og nyrene. Alarmklokkene mine ville ringt stilt overfor ein slik pasient, det gjorde dei ikkje for presidentens lækjarar. Det er fleire grunnar til det, på denne tida hadde ein mangelfull kunnskap om faren ved høgt blodtrykk, og det var heller ikkje effektive medisinar tilgjengelege. Sannsynlegvis var Roosevelt svekt både fysisk og mentalt, og han hadde ikkje krefter til å stå opp mot Stalin på Jalta?
Høgt blodtrykk og slag var hyppig på 1900 talet både hos høg og låg. I dag har vi ei rekkje effektive medisinar, dessutan akutt intervensjon både ved hjarteinfarkt og hjerneslag. Det spennande kontrafaktiske spørsmålet er om historia hadde teke ein anna retning dersom desse statsleiarane hadde hatt tilgang på det dagens slag- og infarktpasientar har.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.