JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Diktatorens langsame død

Måten statsleiarane døyr på, kan gje oss interessante innblikk i korleis regima deira
vert styrte. Dødsmåtar er maktpolitikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arkiv: 8. mars 1953. Stalin på lit de parade i kolonnesalen i fagforeiningshuset på Sverdlov-plassen i Moskva. Frå venstre: V.M. Molotov, K.E. Vorosjilov, L.P. Berija, G.M. Malenkov, N.A. Bulganin, N.S. Khrusjtsjov, L.M. Kaganovitsj, A.I. Mikojan.

Foto: NOVOSTI

10062
20230310
10062
20230310

Femte mars var det sytti år sidan Josef Stalin døydde. På same dato sju år før hadde Winston Churchill halde sin namngjetne tale om jarnteppet. Om den nye politiske situasjonen i Europa, der dei gamle hovudstadene i verdsdelen – Warszawa, Praha, Budapest, Beograd, Sofia, Bucuresti – alle no låg bak det jarnteppet som den sovjetiske diktatoren hadde senka over Europa, «frå Stettin i nord til Adriahavet i sør».

Churchill peika lett ut den som var skuldig i denne nye kløfta. Det var hans gamle drikkekamerat frå krigen, Josef Vissarinovitsj Dzjugasjvili.

Stalins krigsallierte fekk ein meir fredeleg lagnad enn han sjølv. I det heile er det interessant å undersøkja korleis statsleiarar døyr. For det seier mykje om makttilhøva i regima deira.

Churchill skulle få leva tolv år til og trekte sitt siste andedrag i senga i London omgjeven av stor fagnad. Lagnaden til Hitler kjenner vi alle. Franklin D. Roosevelt døydde i senga si 12. april 1945, mett av dagar, på rekonvalesens. Han ligg no i Hyde Park i New York.

Charles de Gaulle fekk eit massivt slag idet han skulle leggja kabal. Han hadde nettopp tapt ei folkerøysting han ikkje trong skriva ut. Det fyrste kona Yvonne gjorde, var å brenna alle dei private sakene til generalen, inklusive uniforma, for å hindra at dei skulle hamna i ein glasmonter i eit museum.

De Gaulle ville kvila ved sida av dotter si, Anne, som hadde Downs syndrom, og som han elska. No er dei alle gravlagde i landsbyen Colombey-les-Deux-Églises, der det òg står ein gigantisk Lorraine-kross på ei høgd.

På same viset: Churchill ville til landsbyen sin, Bladon i Oxfordshire, ikkje Westminster Abbey. Her møter vi det storslegne i måtehaldet. Klassisk paradoksal kommunikasjon.

Terrorfrykt og intrigar

Då meir stilriktig for Stalin. Han døydde som han hadde styrt, omgjeven av frykt og intrigar. Årsaka var ei massiv hjernebløding (apopleksi) som kom av høgt blodtrykk (som diktatoren nekta å ta medisin for). Diktatoren hadde hatt eit drypp alt 9. oktober 1945 utan at det førte til medisinske intervensjonar.

Etter krigen tok Stalin til å verta borte frå kontoret i Kreml i lengre periodar. Han heldt seg på sanatorium ved svartehavskysten på grunn av bronkitt og reumatisme. Der fekk han medisinsk behandling med vatn frå varme kjelder.

Døden kom endeleg for skomakarsonen frå Gori klokka 22.30 den 5. mars 1953, etter at han hadde vore medvitslaus sidan 1. mars om lag klokka 11.00, då sjølve slaget kom. Det var med andre ord ein langsam død, som tok over fire døger. Men kva som verkeleg skjedde, har heilt sidan det vore omgjeve av mykje spekulasjon.

Det høyrer til soga at eit av dei siste dokumenta Stalin fekk på skrivebordet sitt, var ei utgreiing om Furubotn-saka i Noreg. Det har historikaren Torgrim Titlestad kunna finna spor av i arkiva.

Kupp i emning?

I litteraturen har det stadig vorte påstått at Lavrentij Berija, sjefen for det hemmelege politiet, tok livet av Stalin med langsamt verkande gift, og at eit kupp var i emning frå folk som var på veg ned i påverknadskraft i partiet.

Mot slutten av 1952 dreidde det seg om folk som Molotov, Mikojan og Vorosjilov. Den neste gruppa som var truga, var Malenkov, Berija og Kaganovitsj.

Helsa til Stalin vart snøgt dårlegare mot slutten av 1952. Etter ein lungebetennelse slutta han brått å røykja. Alt dette saman med aukande reumatiske smerter gjorde det klart, også for Stalin sjølv, at slutten stod for døra. Det gjorde han farlegare for dei som stod han nær i maktapparatet, og for heile landet.

Så seint som i ein biografi frå 1996 vart kuppteorien framført. Men dette er det ikkje noko avgjerande prov på. Viktigast her er å skjøna kor redde Stalins næraste var då han døydde i datsjaen sin i Kunstevo utanfor Moskva.

Den beste skildringa av denne fasevekslinga i russisk historie er brørne Zhores og Roy Medvedevs bok The Unknown Stalin frå 2003. Ein treng ikkje krimhistorier når ein har ei bok som denne. Gjennomgangstemaet er den absolutt vilkårlege terroren under Stalin, frå den inste krinsen til nasjonen.

mobiliserer mot jødane

Då han døydde, var Stalin alt i gang med den siste kampanjen som skulle fjerna dei siste fiendane i den feberheite hjernen til denne paranoide mannen. Den «amerikansk-sionistiske samansverjinga», kalla han opplegget, som også gjekk under namnet «lækjarkomplottet».

Denne antisemittiske lygnkampanjen var del av den andre forfylginga, den «georgiske», som gjekk ut på å avsløra eit komplott i Georgia for å trekkja seg ut av Sovjet-føderasjonen. Alt berre tankespinn.

Det var då alt klart at føremålet for Stalin med desse utfalla var å endra samansetjinga av leiarskapen i landet og partiet. Dei som hadde grunn til å tru dei hadde falle i unåde, ville slå tilbake med eit komplott – det er ikkje så vanskeleg å skjøna. Det gjev kupplanane meir truverd. Men noko endeleg prov på at dei verkeleg var i emning, finst altså ikkje.

Sjølv etter sovjetisk standard var dette noko av det mest bisarre Stalin fann på. Han meinte at jødiske lækjarar hadde slutta seg saman for å drepa han. Det mest paradoksale her er at mange av dei som hjelpte han etter slaget, var jødiske lækjarar. Ja, nokre måtte hentast ut frå fengsla til sjukesenga hans. Etter at Stalin hadde anda ut, vart dei alle rehabiliterte.

Den store skilnaden frå desse kampanjane til dei klassiske stalinistiske forfylgingane før krigen var at lækjarkomplottet og den georgiske kampanjen vart gjevne full publisitet. Folk måtte førebuast.

Stalin hadde starta denne kampanjen alt i 1948, og då som eit framhald av blitsen mot «dei kosmopolitiske» frå 1946. Fleire titals menneske vart då arresterte, til dømes heile den jødiske antifascistiske komiteen, blant dei Polina, kona til Molotov.

Det finst skildringar av korleis Stalin i møte med Molotov leika katt og mus med ektemannen om lagnaden hennar.

På veg til vatn

Sjølve dødsprosessen gjekk føre seg slik: Personalet i datsjaen var vane med at Stalin ringde for å få frukost ved ellevetida om morgonen. Han hadde kontor ved sida av soverommet og pla arbeide seint (eller sjå film).

Stalin lika ikkje å vera åleine (kona hans hadde teke livet sitt i 1932), så det hende ofte at han ringde til kollegaene i sentralkomiteen og politbyrået og inviterte dei til middag.

At dei heller ikkje høyrde noko 1. mars, vekte ikkje uro – til å byrja med.

Då det ikkje kom noko signal til personalet om morgonen 1. mars, undra dei seg, men våga ikkje gå inn. Dei freista å sjå inn i nykelholet, utan resultat.

Fyrst klokka 22.30 den 1. mars tok ein representant for sentralkomiteen, Pjotr Lozgasjev, seg inn i Stalins kvarter. Der fant han Stalin liggjande på golvet medvitslaus i sin eigen refleksurin, kald, men med opne auge. Andre skildringar seier at han såg på dei med eit rasande blikk utan å kunna snakka.

I universet av teoriar om kvifor folk ikkje gjekk inn, er det sagt at dei ikkje ville risikera å vera vitne til Stalin i den audmjukande stoda han var i (ein kan missa kontrollen over kroppsfunksjonane etter hjerneslag).

Stalin vart løfta opp på ein sofa og eit golvteppe vart lagt over han. Tilsynelatande hadde Stalin vore på veg til ei vassflaske på eit bord ved sida av då slaget kom.

Lækjarane ottast

Dottera til Stalin, Svetlana, oppmoda personalet om å ringja etter medisinsk hjelp (Kreml-sjukehuset låg like ved). Men dei ville fyrst ringja til sine overordna tenestevegen. Verdfulle timar gjekk såleis tapt.

I staden for lækjarar kom Berija og Malenkov innom klokka 03.00 om morgonen den 2. mars. Berija såg til Stalin og sa bryskt:

­ – Kan de ikkje sjå at kamerat Stalin berre søv tungt?

Han gav alle ordre om å lata dette vera den offisielle tolkinga.

Ei velviljug tolking her er at Berija faktisk trudde Stalin var dauddrukken. Men her finst det heller ingen prov.

Snudde i døra

Før denne meldinga frå Berija og vitjinga hans hadde Khrusjtsjov og Bulganin vore innom datsjaen. Men dei ­– uvisst av kva for grunn – stogga før rommet til Stalin. Dei gjekk ikkje inn, og kort tid etter drog dei sin veg.

Etter meir venting kom dei fyrste lækjarane til Stalin klokka 09.00 den 2. mars, nesten to døgn etter slaget. Lækjaren som skulle ta pulsen på Stalin, skalv så mykje på handa at han ikkje fekk eit truverdig resultat. Like etter kom dottera Svetlana og sonen Vasilij.

Mange har spekulert på kvifor dei sovjetiske leiarane ville utsetja opplysingane om helsetilstanden til Stalin. Dei sa heller ikkje at han døydde i datsjaen, ikkje i Kreml.

Ein sannsynleg hypotese er at ved å seia at han berre sov, ville etterfylgjarane skaffa seg tid til å stadfesta posisjonane sine framfor maktkampen som ville koma.

Stalin hadde hinta om at han kunne tenkja seg ein kollektiv leiarskap etter at han var borte, men ingenting var avgjort.

Maktkampen

Straks utkrystalliserte det seg to fraksjonar: Nikolaj Bulganin og Nikita Khrusjtsjov på den eine sida og Georgij Malenkov og Lavrentij Berija på den andre. Det enda med at Malenkov og Berija tapte. Berija vart arrestert så tidleg som sommaren 1953 og avretta i desember.

Malenkov hadde stillinga som statsminister til Khrusjtsjov utmanøvrerte han som del av ei «antiparti»-gruppe i 1955. Molotov enda som ambassadør i Mongolia og utsending til atomenergibyrået i Wien. Khrusjtsjov vart pensjonist i 1964. Mikojan, den evige armenaren, overlevde også.

Ein interessant sluttnote her er at Stalins terror, som kunne råka alle, også folk høgt oppe i partiapparatet, paradoksalt nok la grunnen til den «sovjetiske legalismen», lovverket som skapte eit minimum av føreseielege rettar og vern.

Folk orka ikkje lenger den blinde lagnaden og den totale slumpen i livet: den frykta bankinga på døra klokka 05.00 om morgonen av NKVD-folk i svarte lêrfrakkar (som likna på dei Gestapo brukte). Dei som tapte, vart ikkje lenger avretta. Berija var unntaket av di han var eit trugsmål mot dei alle.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis