JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3278
20170526
3278
20170526

RELIGION

Pater Kjell Arild Pollestad har lese boka mi, Eg slepper deg utan at du velsignar meg. Han ser det som naudsynt å kalle den trua eg slutta med for «usunn». Det kan verke som om eg ikkje hadde tenkt den tanken sjølv, men store delar av boka går nettopp med til å forklare kvifor trua mi var «usunn» for meg. Eg er ikkje åleine om ei slik tru. Eg trur Pollestad må lese tekstane til Mor Teresa, dei ho skreiv då gudsfråværet sette inn hjå henne. Då vil han sjå at katolske helgenar òg kan ha djup kjennskap til ei «usunn» tru. Og gjev det eigentleg meining å kalle trua «sunn» eller «usunn»? Eg er meir interessert i kvifor det vert slik at tru kan vere farleg for somme. Å klistre «usunn» på trua til eit anna menneske er enkelt. Det verkeleg interessante er kvifor eit menneske ikkje sluttar å tru, sjølv når det ser at trua ikkje er god for seg. Då må vi inn i religionspsykologien, ei dør som Pollestad ikkje går inn. Om han ikkje kan eller ikkje vil, er uvisst.

I boka mi skildrar eg min veg mot Gud, og vegen ut att. Eg drøftar spørsmål som: Kva er tru når eit menneske kan slutte å tru, korleis finst Gud om Gud finst, kva er tilhøvet mellom ein gud sin eksistens og eit menneske si tru på denne guden sin eksistens, kvifor trur mennesket? Når eg ikkje lenger trudde at Gud fanst, kva var det då alle dei røynslene av Gud eg meinte eg hadde, frå tidlegare? Hadde eg loge for meg sjølv? Og om Gud finst, er det slik at den truande kan erfare Gud på eit eller anna vis? Dette er ulike typar spørsmål, og for å svare på dei må vi inn i teologien, filosofien, vitskapsteorien og psykologien. Pollestad går ikkje inn i ein diskusjon om desse spørsmåla, men slår kjapt fast at «Når det gjeld trua, vil nok dei fleste ha større utbyte av å venda blikket utover enn innover.» Kva denne generaliseringa skal bety, er eg usikker på, anna enn at Pollestad sjølv har større utbyte av å vende blikket utover. For meg vart slike tankar umoglege, eg måtte ha med heile meg i trua, òg tankane og kjenslene. Då vart det naudsynt å gå baklengs inn i meg sjølv, som eit menneske, for å skjøne kva som sameiner alle truande, uavhengig av religion. Kvifor og korleis oppstår tru i eit menneske? Eg fann interessante tankar, og eg skriv om dei alle. Trua er (for alle truande, også Pollestad) tett forbunden med mennesket sine djupaste lengslar, behov for trøyst, håp og livsmeining. Når eit menneske trur, legg han eller ho mykje meining inn i trua. Mennesket er den aktive part i trua, ikkje Gud. Om eit menneske opplever at trua ikkje gjev meining lenger, vil han eller ho slutte å tru etter ei tid. Mange er dei som har slutta å tru, og det er sikkert like mange grunngjevingar for dette som det er menneske. Men eg vil verte overraska om ikkje mange vil fortelje at dei slutta å tru fordi trua ikkje gav meining meir.

Når Gud ikkje kan erfarast lenger, er det smertefullt. Ikkje alle er velsigna med det vesle vinket Pollestad fekk av Gud. Han meiner altså at Gud finst og kan erfarast. Men korleis kan pateren vite at det var Gud som kommuniserte seg sjølv til han? Om pateren då vil svare at det kan han ikkje vite, men berre tru på, så er vi like kort komne i det store spørsmålet om Gud finst eller ikkje.

Eskil Skjeldal er forfattar
og ph.d. i teologi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis