Ordskifte

Reinsdyr, gevirgnaging og ansvarsløyse

Felte villrein på Breistølen i Lærdal.
Publisert

Arve Nilsen skriv om skrantesjuke og gevirgnaging , som ei oppfølging av lesarinnlegget mitt (Dag og Tid 13. og 20. februar). Me peikar begge på at denne sære åtferda kan vera ei mogleg forklaring på korleis sjukdomsutbrotet starta i Nordfjella og Hardangervidda. I det følgjande vil eg prøve å kaste lys over alternative hypotesar.

Då sjukdommen vart oppdaga, var den mest innlysande forklaringa at han hadde spreidd seg frå Nord-Amerika. Men etter nokre år kom laboratorieresultat som viste skilnader mellom norske og amerikanske prionstammer, skilnader so store at det var vanskeleg å tru at den eine kunne vera opphavet til den andre.

Kan sau med skrapesjuke vera opphavet? Svaret er eit sikkert nei, skilnaden mellom prionstammene er for stor.

Ei fjerde mogeleg forklaring på sjukdomsutbrotet er at smitten ikkje er ny her til lands. Tvert imot, smitten kan ha vore her utan at me har oppdaga han før det vart eit stort utbrot i Nordfjella. Historier om skrantne reinar som siklar, blir trekte fram som indikasjon på at dette må vera forklaringa. Eg ser lite som støttar denne hypotesen: Dei siste 10 åra er nesten 200.000 norske hjortedyr testa for skrantesjuke, og ytterlegare 15.000 i resten av Europa. Berre 21 dyr har testa positivt på klassisk skrantesjuke, 19 reinar i Nordfjella og 2 på Hardangervidda. På eit europakart er Nordfjella ein bitte liten flekk, med Hardangervidda kloss inntil. Kort oppsummert – absolutt alt tyder på at me oppdaga eit utbrot av ein ny smittsam sjukdom hjå reinsdyr her i Nordfjella for ti år sidan. (Viss nokon vil granske testresultata nøyare, finst dei på Veterinærinstituttets nettsider.)

Fleire hypotesar om smitteopphav kjenner eg ikkje til. Derfor står me att med gevirgnaging som heitaste sporet. Det er gale nok. Men endå verre er tanken på at det kan hende på nytt. Sjølv om lite er kjent om gevirgnaginga, tyder dei få meldingane som kjem, på at reinen både i Nordfjella og på Hardangervidda gneg gevira av kvarandre som aldri før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement