Biologi

Skrantesjuke og kannibalisme

«Alle reinsdyra som vart avliva i 2018, hadde større eller mindre skadar etter gevirgnaging.»

I 2017 vart desse villreinane på Breistølen i Lærdal felte.
Publisert

Det har ikkje vore lett å finne ei sikker forklaring på kvifor smittsam skrantesjuke dukka opp hos villrein på Hardangervidda. At sjukdomen skulle ha kome frå USA, er lite truleg, sidan villreinen vår har ein annan prionstamme enn hjortedyra i USA.

Det er rett, slik Kåre Rudningen skriv i sitt innlegg (Dag og Tid, 13. februar 2026), at prionsjukdomar kan oppstå både spontant og ved smitte mellom dyr (eller menneske). Skrantesjuka hos elg ser ut til å vere av den spontane typen, med prion berre i hjernevevet, og ho ser ikkje ut til å vere smittsam. Slik er det diverre ikkje når reinsdyra blir sjuke. Der finst det prion både i hjernevevet og i lymfeknutane, og dette er prion som kan smitte over til andre dyr dersom dei får det i seg på beite.

Difor kan det vere viktig å ta på alvor den tilsynelatande fantasifulle teorien som leiande fagfolk i Noreg publiserte i Scientific Reports i 2020 under tittelen «Antler cannibalism in reindeer». Dei fann, til si store overrasking, at alle reinsdyra som vart avliva i 2018, hadde større eller mindre skadar etter slik gevirgnaging. I dei verste tilfella var det berre att blodige stumpar av gevira.

Gnaging på fallgevir som ligg att på bakken, har lenge vore eit kjent fenomen, og mineralmangel kan vere ei mogleg årsak. Men den observerte kannibalismen blant reinsdyra på Hardangervidda – som også vart sett på 1970-talet – ser ut til å ha auka i omfang sidan 1984, til eit nivå forskarane har skildra som «ei unik og bisarr åtferd».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement