Biologi
Reinsdyr, kannibalar og slumpelukke
Arve Nilsen skriv om skrantesjuke i Dag og Tid 16. januar, og held fram gevirgnaging som eit mogeleg opphav til smitten. Det er bra, for i mine auge er dette ei sørgjeleg underkommunisert problemstilling.
Mange andre pattedyrartar har tilsvarande sjukdommar, kalla prionsjukdommar. Småfe har skrapesjuke, storfe har kugalskap, og menneske har Creutzfeldt-Jakobs sjukdom (CJD), for å nemne dei mest kjende. Eitt særmerke ved prionsjukdommar er at dei kan oppstå spontant, kalla sporadisk form (eksempelvis NOR98 hjå småfe). Hjå menneske høyrer ni av ti tilfelle til gruppa sporadisk. Eit anna særmerke er at alle variantane av sjukdommen, uansett opphav, kan overførast frå eit individ til andre. Men berre nokre få er so aggressive at dei kan kallast smittsame, slik som skrapesjuke, skrantesjuke – og kuru.
Kuru er ei smittsam form av CJD hjå fore-folket på Ny-Guinea. Rundt 1950 døydde meir enn 200 menneske årleg av kuru. Truleg har ein av stammemedlemmane hatt sporadisk CJD nokre tiår før sjukeutbrotet. Vanlegvis vil smitten hjå eit menneske som har døydd av sporadisk CJD, gå i grava med det stakkars offeret. Men i dette tilfellet må smitten ha spreidd seg frå den døde, fordi fore-folket praktiserte rituell kannibalisme. Dei åt opp avdøde stammefrendar for å heidre den døde og for å hindre at åndskreftene til den avlidne skulle ende opp hjå makk og anna kryp.
Gevirgnaging er ei form for kannibalisme. For at hypotesen om gevirgnaginga som opphavet til skrantesjuka her til lands skal ha meining, må me sjå føre oss at det starta med eit reinsdyr som utvikla sporadisk skrantesjuke. So har andre reinar gnege på geviret til denne sjuke reinen, og med det har reinsdyra fått utbrot av ein smittsam sjukdom.
Når skrantesjuke er etablert og spreier seg i ein hjorteviltbestand, er spytt, avføring og urin viktigaste smittevegen. Om gevir-gnaging kjem som ein ekstra smitteveg og aukar smittespreiinga, er ukjent, men sannsynleg.
Diverre kjenner me lite til omfanget og ingenting til kva årsaka er til gevirgnaginga. Det vesle me veit om dette aparte fenomenet, kan summerast opp i nokre få setningar: Det er so godt som ukjent i tamreinmiljø. Fyrste nedteikna observasjonar frå Nordfjella er frå 1970-talet. No er gevirgnaginga omfattande i Nordfjella og på Hardangervidda, og omfanget ser ut til å auke år for år. I Setesdalsheiane varierer omfanget over tid. Inga systematisk kartlegging er gjennomført, korkje av årsak eller av konsekvensar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.