Petter Dass og heksejakt
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det har i Dag og Tid vore eit ordskifte mellom Ronny Spaans, Oddvar Alfarnes og Harald Støren om reising av ein statue av Petter Dass i høve Bodø som europeisk kulturby 2024. Eg vil gjerne kome med nokre kommentarar.
Petter Dass (1647–1707) var diktar med storverk utgjevne på 1700-talet. Difor er han på sokkel og skal vere på sokkel. Han er ikkje på sokkel av di han var prest og embetsmann. Som ortodoks prest vektla han – som sine prestebrør – i sterke ordelag ein farleg djevelskikkelse: folk skulle ikkje la seg lure inn i djevelen sine snarer. Men Dass utgjorde ikkje noko av bakgrunnen for trolldomsprosessane, slik det er blitt hevda i ordskiftet. Til det var han fødd for seint.
Trolldomsforfylginga i Europa starta med idear som kom opp under Basel-konsilet på 1430-talet, altså i katolske Sveits før reformasjonen. Ei demonisk heks i pakt med djevelen og samlingar av trollfolk med djevelen i sin midte vart lansert. Den europeiske forfylginga varte i 300 år. Hovudperioden i Nord-Europa var sist på 1500-talet og heile 1600-talet. Dass vart fødd i 1647 og aldri involvert i nokon trolldomsprosess som forhøyrar av mistenkt person før ei rettssak tok til, slik prestar på 15–1600-talet var det.
Etter 1700 var det relativt få trolldomsprosessar i Europa. Vi finn helst einskildsaker, ikkje intensiv forfylging med eskalering av saker. Petter Dass tar opp signekunst i Katekismesanger (1715). Dei utøvarane han har i tankane, er «Signe-Folk» som har sin kunnskap frå svarteboka, «den sorte bog». Det er snakk om «en Spaadoms Aand», «Læge-Konst og Cuur», ikkje djevlepakt og kollektiv utøving av trolldom som under prosessane på 15–1600-talet.
I Nordlands Trompet (1739) nemnast ei sak frå Laskestad fjerding, der Nille Jensdatter i 1688 vart dømd til halshogging for fødsel i dølgsmål. Ingebjørg Aamlid Dalen har masteroppgåve om saka. Spesielt var skuldinga mot Nille frå gjenferdet til spedbarnet, ingen fysiske prov og dom basert på rykte. Denne saka var ikkje ei trolldomssak, Nille var ikkje skulda for trolldom. Dass refsar ryktespreiing: «Alt Landet opfyldtes med Slader omkring». Han vil dette til livs: «Saa skal mand den Abe fixere».
Alfarnes føreslår statue av Petter Dass på Steilneset minnestad i Vardø. Nei, Petter Dass har ikkje noko på Steilneset minnestad å gjere. Minnestaden er for ofra etter forfylginga av trollfolk på 1600-talet. Eg har skrive tekstane til minnetavler for dei 91 menneska som miste livet under desse prosessane. Dei gjekk føre seg 1600–1692 og var allereie midtvegs då Petter Dass vart fødd. Då han var 16 år, var den intense forfylginga i Finnmark slutt. Petter Dass hadde ikkje nokon innverknad på trolldomsprosessane i Finnmark.
Eg meiner Petter Dass skal heidrast for eit litterært univers, og ikkje gjerast mindre som diktar ved feilaktige skuldingar om å vere delaktig i trolldomsforfylging. Harald Støren føreslår statue av Elias Blix. Ja, absolutt god ide. Tvillaust er det rom for båe dei store diktarane.