Film

Eit varsla slakt

Klarte amerikanske filmmeldarar å gje uhilda kritikk av dokumentarfilmen om førstedama Melania Trump? Nja.

Dokumentarfilmen Melania har fått krasse meldingar av kritikarane, men kvite kvinner over 44 år gjev tommel opp. Her er hovudpersonen Melania Trump under premieren i Washington. Birolleinnhavar Donald Trump var også til stades.
Publisert Sist oppdatert

Søndag kveld la Melania Trump ut ein ny post på Instagram. Eg er ein av 4,2 millionar som følgjer ho, og det trass i at ho stort sett brukar kontoen til å promotere ting ho har til sals: smykke, eksklusiv julepynt, signert sjølvbiografi og lydboka av sjølvbiografien, lesen av ei KI-skapt etterlikning av røysta hennar. Dei siste månadene har USAs førstedame brukt Instagram-kontoen til å promotere dokumentaren Melania, og til liks med andre var eg spent på korleis filmen var blitt motteken.

Etter festpremieren i Kennedy-senteret i Washington torsdag kveld blei filmen dagen etter sett opp i fire–fem tusen kinosalar i USA og verda elles. Ikkje i Noreg, dessverre, og derfor har ikkje eg sett filmen. Opningshelga set alltid tonen for korleis ein film vil gå kommersielt, og no kom Melania Trump med fasiten.

# 1, stod det under eit bilete av ho med svart høghalsa genser, høgste opning på eit tiår.

Under var det lagt til sitat frå ulike filmnettstader: 

Cinemascore A, Rotten Tomatoes = 98, Popcornmeter = 99

CBS News melde at filmen opna betre enn forventa og spelte inn 7 millionar dollar. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement