Rettsvesenet

Fryktar for ­rettstryggleiken

Regjeringa vil effektivisere ankehandling i lagmanns­retten ved å byte ut vitneforklaringar med video- og lydopptak. Fleire dommarar og advokatar er kritiske.

Stortinget handsamar for tida eit lovforslag som inneber at lagmannsrettane som hovudregel skal basere seg på opptak frå tingretten, framfor at partar og vitne forklarar seg på nytt.
Publisert Sist oppdatert

Denne veka har Marius Borg Høiby, krenkte kvinner og fleire vitne forklart seg i Oslo tingrett. Saka der Høiby står tiltalt for 38 lovbrot, skal gå for retten dei neste seks vekene, og dommen kjem truleg nokre veker etter det igjen.

Skulle ein av partane då meine at det er forhold som ikkje har kome godt nok fram under behandlinga i tingretten, eller at dommen byggjer på feil eller misforståingar, kan det seinare verte ankesak i ein lagmannsrett, der partane forklarar seg igjen.

Slik fungerer domstolane i dag. Men kan hende vert det snart ei endring på det.

Opptak frå tingretten

Neste veke leverer justiskomiteen på Stortinget innstilling til eit lovforslag som inneber at lagmannsrettane som hovudregel skal basere seg på opptak frå tingretten, framfor at partar og vitne forklarar seg igjen.

Endringsforslaget skriv seg frå arbeidet til Domstolkommisjonen, som i 2017 fekk i oppgåve å føreslå endringar i domstolsstrukturen og leggje til rette for «effektivisering og forbedring av arbeidet i domstolene, blant annet gjennom raskere saksavvikling og digitalisering».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement