Politikk

Noregsvenen

Kva var det med Jeffrey Epstein og desse nordmennene?

Bill Gates, Terje Rød-Larsen, Jeffrey Epstein, Boris Nikolic og Thorbjørn Jagland på eit bilete frå Epstein-dokumenta. Nikolic var rådgjevar for Bill Gates og skal ha introdusert Mette-Marit for Epstein.
Publisert Sist oppdatert

Den siste veka har den amerikanske seksualforbrytaren og finansmannen Jeffrey Epstein fylt mykje av det norske nyhendebiletet. Vi skal ikkje repetere alle detaljane her, men Thorbjørn Jagland, Børge Brende og kronprinsesse Mette-Marit har alle sagt offentleg at dei viste dårleg dømekraft da dei pleidde kontakt med Epstein. Det same har diplomaten Mona Juul gjort, medan ektemannen Terje Rød-Larsen så langt ikkje har sagt noko offentleg om kontakten sin med Epstein sidan 2020. Også Kjell Magne Bondevik hadde møte med Epstein. Bondevik skal ha takka nei til eit tilbod om pengestøtte til senteret sitt, fortalde han til Dagens Næringsliv i 2019.

Saka reiser spørsmål om større ting enn individuell dømekraft og moral. Eitt av dei er: Kvifor var desse norske aktørane attraktive for ein så kresen nettverksbyggar som Epstein? Det er ikkje funne tilsvarande bukettar med prominente svenskar eller danskar i dei offentleggjorde e-breva og tekstmeldingane. Er det noko med Noregs posisjon i verda som kan forklare dette?

«Normal diplomatisk aktivitet», sa Jagland i fjor om kontakten sin med Epstein. Som vi no veit, var ikkje det sant. Men kan det likevel vere særtrekk ved norsk diplomati og utanrikspolitikk som gjorde norske aktørar interessante for ein edderkopp som Epstein, og som òg kan ha gjort somme av dei tilbøyelege til å gå i nettet hans?

Superstjerna

Ein nøkkelfigur i denne soga er eksdiplomaten og sosiologen Terje Rød-Larsen, som hadde svært tette band til Epstein. Denne veka fortalde Dagens Næringsliv mellom anna at Epstein testamenterte 100 millionar kroner til barna til Rød-Larsen og pressa ein norsk skipsreiar til å selje eit husvære i Oslo til Rød-Larsen til underpris.

Forhistoria først: Terje Rød-Larsen var sjølv ein effektiv nettverksbyggar gjennom fem tiår, samtidig som skandalar følgde i kjølvatnet hans. På vegner av Fafo, forskingsstiftinga til fagrørsla, drog han på 80-talet i gang Fideco-prosjektet, der Fafo og Shell skulle samarbeide om fiskeforedling i Finnmark. Det enda med konkurs og 80 tapte millionar kroner for staten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement