Leiar
Epstein-filene
Kronprinsesse Mette-Marit besøker Fredrikstad bibliotek 28. januar,
Foto: Javad Parsa / NTB
Vi er mange som er leie oss på vegner av kronprinsesse Mette-Marit og familien hennar. Vi har lært kronprinsessa å kjenna som eit medfølande menneske i møte med folk som gjerne treng ekstra omsorg.
Den siste veka har ho fått livet sitt endevendt. Ho og familien må betala ein høg pris for den uakseptable kontakten ho har hatt med overgriparen Jeffrey Epstein.
Kronprinsessa har bede om orsaking, sagt at ho har vist dårleg dømmekraft, angrar og har uttrykt sympati og solidaritet med offera for overgrepa som Epstein stod for. Men når tida er inne, må ho stå fram og forklara seg meir.
Ho har gjort det før, då ho som ung åleinemor måtte vedkjenna syndene sine, som ho seier i boka Haakon – historier om en tronarving frå 2023. Det var krevjande: «å bli vaska fri for synder i full offentlighet, er det ingen romantikk i. Det er forferdelig.» Men det er ingen veg utanom skal ho få ny tillit. Særleg sidan ho ikkje var open nok då denne saka var oppe fyrste gong.
No er i alle høve ikkje tida for den store prinsipielle debatten om konstitusjonen og framtida til monarkiet. Men media klarer ikkje venta, og fleire av dei var sjølvsagt raskt ute med meiningsmålingar om kronprinsessa kan verta ny dronning eller ikkje.
Slike stemningsmålingar er berre for å få klikk på nettet og gjev lite innsikt. Dei som vert spurde, er så påverka av dei ny opplysingane i saka at andre argument og synspunkt fort vert skovne bort der og då. No gjeld det å ta det med ro til vi har fått det heile meir på avstand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.