Elias Blix versus Petter Dass

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det er med interesse eg hev fylgt ordskiftet i Dag og Tid om å reise ein heroiserande kjempestatue av Petter Dass utanfor Helgelandskysten. Framlegget om ein slik statue vart stødd av Ronny Spaans i eit stort uppslag i bladet 11. februar. Spaans skriv om dette prosjektet: «Det ligg ei demokratisk og folkeleg rørsle bakom […] Petter Dass er den fyrste som skildra nordlandskysten på ein sannferdig måte. Han fjerna alle uhyre og monster som fanst på gamle kart og tekstar om Nord-Noreg. Difor fortener han òg å stå ute i skipsleia».

Denne framstillingi vart kritisert av Oddvin Alfarnes i same avis 25. februar. Han underbyggjer kritikken med vers frå Dass sine Katekismussanger, der det kjem klårt fram at han gjekk god for dei hekseprosessane og bålbrenningane som greip um seg i Danmark-Norge på 1600-talet, og heldt fram etter at eineveldet vart innført i 1665 – Petter Dass si verketid som prest. Sjølv um Petter Dass nok ikkje kan kallast pietist – pietismen vart fyrst statsreligion i Danmark-Norge under Christian 6. på 1730-talet – var han ein ihuga lutheranar og høyrde til den generasjonen embetsmenn som såg det som si viktigaste uppgåve å styrkje eineveldet og med det den danske kongemakti og det danske språket si stilling i Noreg. I dette arbeidet spela kyrkja og Luthers lære um full lydnad andsynes dei verdslege styresmaktene ei viktig rolle. At han òg var ein driven forretningsmann og nytta stillingi si til å fremja dei økonomiske interessene sine, er vel ikkje noko Dass kan lastast for meir enn andre embetsmenn på denne tidi, der statlege verv og privat vinning gjekk hand i hand. Likevel kan eg ikkje skjøne at det er grunn til å heroisera ein typisk målsmann for denne kulturen, sjølv um han hev etterlati seg ein omfattande diktsyklus.

Dersom ein ynskjer å heidre ein verkeleg målsmann for Nordland og skildrar av Nordlands natur, kvifor ikkje heller reise ein statue av presten og nordlendingen Elias Blix, som målbar den demokratiske rørsla som vaks fram med innføringa av parlamentarismen i 1884. Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups fyrste regjering og hev etterlati seg ei ovrik samling dikt og salmar på norsk mål, der han stendig gjer bruk av minne og bilete frå naturen og folkelivet i Nordland. Det er nok å nemne folkekjære songar som «No livnar det i lundar» og «Eg veit meg eit land langt der uppe mot nord». At han såg kampen for det norske målet og den demokratiske reisingi som to sider av same sak, syner desse to versi frå diktet «Modersmålet», som kunne ritast inn på bautaen hans:

Målet var då ikkje gløymt,

småfolk enn det talar.

Ervegullet godt var gøymt

djupt i Norigs dalar.

No me grev det fram or mold,

enno på vårt ættarskjold

gullet godt kann glima.

Kom då, lat oss alle mann

reisa modermålet

lyfta kvar so godt me kann,

slipa det som stålet!

Millom alle folk på jord

dyre var dei moders ord.

Lat òg oss det sanna!