Petter Dass går igjen

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I sin nedlatande kommentar (Dag og Tid 4. mars) til artikkelen min om Petter Dass (25. februar) nemner ikkje Ronny Spaans det som var hovudsaka mi: Katekismussange si oppfordring til utrydding av alt «trollfolk».

Bakom både Christian IV og Petter Dass ruva Luther. Han hata jødar og opprørske fattigbønder og var like forhatig på hekser. «Jeg vil være den første til å sette fyr på dem.» «De skal drepes, ikke bare fordi de skader, men fordi de har omgang med Satan.»

Dessverre var slutten av artikkelen min fallen bort, derfor gjentek eg her. «Å leve er kamp med trolle, i hjertet og hjernens hvelv», skreiv Henrik Ibsen.

Petter Dass plasserte trolla utanfor seg sjølv, i den fattige allmugen som han – ufortent? – fekk ry for å visa omsut for. «Å dikte», skreiv Ibsen vidare i verset, «det er å holde dommedag over seg selv.»

Petter Dass kjempa kanskje med eigne troll, dommedag heldt han over andre. Men det kan bli bra symbolikk om han må kjempa mot maktene på eit skjer på Helgeland.

Allmugen var også samar. «Om Lapperne og Finderne» er eit heilt kapittel i Nordlands Trompet. Dei får til dels gode skottsmål, men dei kan også «Baade Veyret og Vandet forgiøre», dei kan setja «forflyvende Gan» i folk og fe. «At de megen Omgang med Dievelen har, jeg dertil har mangen Gang Kiendeteign klar, med seendes Øye fornummet.»

I 1660-åra blussa hekseprosessane i Finnmark kraftig opp, med eit tjuetal prosessar. Verken Petter Dass, som då var ein ungdom, eller andre prestar var direkte delaktige i dei absurde hendingane. Men som nidkjær lutheranar var Petter Dass ein del av det åndelege klimaet som gjorde hekseprosessane mogleg.

Britt Helene Willumsen og Rune Blix Hagen har gjort ein stor og viktig innsats for å gjera desse hendingane meir kjende. Det som mest har undra meg, er: Kven var dei, desse som «trudde» på dette og dømde folk frå livet? Dei var Petter Dass sine jamlikar.